Prop. 85 LS (2019–2020)

Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Olje- og energidepartementet føreslår endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. (forbrukermerkeloven). Forslaget gjennomfører europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU (energimerkeforordninga) i norsk rett. I medhald av forordninga skal leverandørar og forhandlarar bli pålagt å utstyre produkt med ein energietikett med opplysningar om energibruk.

Energimerking av produkt er eitt av EUs verkemiddel for å fremje energieffektivitet. Ordninga kan medverke til utvikling og produksjon av meir energieffektive produkt og til at forbrukarar kan gjere meir informerte val ved kjøp av produkt.

Energimerkeforordninga tok til å gjelde i EU 1. august 2017, og er ein revisjon av energimerkedirektivet (2010/30/EU) som er innlemma i EØS-avtala. Direktivet er gjennomført i norsk rett ved forskrift 27. mai 2013 nr. 534 om energimerking av energirelaterte produkt (energimerkeforskrifta for produkt) med heimel i forbrukermerkeloven. Både energimerkedirektivet og energimerkeforordninga legg overordna rammer for energimerking av produkt, mens dei enkelte produktgruppene blir regulerte i eigne produktspesifikke forordningar.

I energimerkeforordninga blir krava som har følgt av energimerkedirektivet i stor grad førte vidare. Overgangen frå rammedirektiv til rammeforordning gjer at myndigheitene får mindre valfridom i den lovtekniske gjennomføringa. I medhald av EØS-avtala artikkel 7 skal forordningar gjerast til del av norsk rett «som sådan».

Ei gjennomføring av forordninga direkte i lova vil gjere regelverket meir tilgjengeleg. Vidare inneheld forordninga plikter og forbod for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt, som bør gjennomførast i norsk rett som lov. Departementet føreslår at energimerkeforordninga blir gjennomført ved tilvisning i ny § 3 a første ledd i forbrukermerkeloven. Departementet føreslår i tillegg regeltekniske endringar i § 5 og i §§ 10 og 11 for å føre vidare gjeldande sanksjonsheimlar ved brot på regelverket.

Kravet om energimerking gjeld for dei produkta som er omfatta av produktspesifikke forordningar. Produktspesifikke forordningar om energimerking gjeld i dag som norsk rett i medhald av energimerkeforskrifta for produkt kapittel 3. Departementet føreslår at det skal gå fram av forbrukermerkeloven ny § 3 a andre ledd at slike forordningar som blir tekne inn i EØS-avtala kan gjennomførast i norsk rett som forskrift.

Proposisjonen blir fremja som følgje av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU. Forordninga gjer det nødvendig med lovendring, og Stortinget må gi samtykke til avgjerda, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. EØS-komiteen si avgjerd er teken med atterhald om samtykke frå Stortinget. Departementet føreslår at Stortinget gir samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd, og endringar i forbrukermerkeloven.

Energimerkeforordninga og EØS-komiteen si avgjerd i uoffisiell norsk omsetjing ligg som trykte vedlegg til proposisjonen.