Prop. 88 L (2018–2019)

Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til fleire endringar i opplæringslova, i folkehøgskolelova og i friskolelova.

Departementet foreslår å lovfeste ei plikt for kommunar til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur med overnatting for elevar i grunnskolen. Leirskoleopphaldet eller skoleturen skal ha ei lengd på minst tre overnattingar. Det skal vere ein del av grunnskoleopplæringa og må derfor vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Forslaget er vidare omtalt i kapittel 3.

Kapittel 4 omtaler eit forslag til endring i opplæringslova og i friskolelova som vil gi skoleeigaren høve til å fastsetje skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring. Dette skal gjelde for elevar i både offentlege skolar og friskolar.

Departementet følgjer opp Målrettet plan for kvensk språk 2017–2021 og foreslår at elevar i grunnskolen som har rett til opplæring i finsk, òg skal ha rett til opplæring i kvensk dersom dei heller ønskjer det. Endringa vil tydeleggjere at elevane har rett til å velje opplæring i kvensk. Forslaget er omtalt i kapittel 5.

Kapittel 6 omtaler eit forslag om å lovfeste ein rett for alle organisasjonane som i dag er representerte i det nasjonale Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæring, til å vere representerte i dei fylkeskommunale yrkesopplæringsnemndene. Vidare foreslår departementet at når fylkeskommunane skal nemne opp ein representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar til yrkesopplæringsnemnda, så skal dei òg kunne nemne opp ein praksisbrevkandidat. Forslaget likestiller desse gruppene.

Kapittel 7 omtaler eit forslag om å lovfeste eit forbod mot tilsetjing i vidaregåande skolar og folkehøgskolar for personar som er dømde for seksuelt overgrep mot mindreårig. Forbodet skal òg gjelde i vidaregåande friskolar. Vidare foreslår departementet å innføre plikt til å leggje fram politiattest ved alle tilsetjingar i folkehøgskolar.

Departementet omtaler i kapittel 8 eit forslag om å innføre ein heimel til å utarbeide forskrifter med krav om butid for utanlandske arbeidstakarar som skal tilsetjast i barnehage eller skole. Forslaget har vore på høyring, men blir ikkje fremja.

Kapittel 9 omtaler nokre forslag til tekniske endringar i opplæringslova og yrkeskvalifikasjonslova.

Til forsida av dokumentet