Prop. 9 L (2026–2027)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av tiltak i forslaget til statsbudsjett for 2027 m.m.)

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i folketrygdlova og enkelte andre lovar. Nokre av endringane er nødvendige for å følga opp forslag som er fremma i Prop. 1 S (2026–2027) Statsbudsjettet. Dette gjeld forslag om å endre folketrygdlova § 7-3 slik at eigenandelen ved stønad til båretransport blir auka frå 10 til 20 prosent av full gravferdsstønad, og forslaget om å endre folketrygdlova § 8-50 slik at sjukepengegrunnlaget til mottakarar av uføretrygd avgrensast til fastsett inntekt etter uførleik. Det blir også foreslått ei endring i folketrygdlova § 9-5 som inneber at Arbeids- og velferdsetaten får ein klarare heimel til å tidsavgrense vedtak om utvida rett til omsorgspengar dersom det ikkje er venta at vilkåra vil vere oppfylte til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. Dei andre forslaga gjeld rettingar, presiseringar og endringar av teknisk karakter.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget