Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
6 Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard kyrkje |
6 000 |
6 230 |
6 500 |
|
Sum kap. 0001 |
6 000 |
6 230 |
6 500 |
Post 70 Tilskot til Svalbard kyrkje
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke delar av husleiga for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.
Svalbard kyrkje ligg i Longyearbyen og er ein del av Den norske kyrkja. Svalbard kyrkje er ein viktig kulturberar og kulturaktør i lokalsamfunnet. Kyrkja har ein samlande funksjon og deltek i beredskapsrådet på Svalbard.
Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.
Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Sjå elles dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
I samband med Stortinget si behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart løyvinga auka med 1,5 mill. kroner, jf. Innst. 540 S (2024–2025).
Det er foreslått ei løyving på posten 6,5 mill. kroner.
Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
50 |
Tilskot til Longyearbyen lokalstyre |
359 400 |
281 670 |
240 404 |
|
Sum kap. 0003 |
359 400 |
281 670 |
240 404 |
Post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og jf. forskrift om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Etter Svalbardlova § 31 skal Longyearbyen lokalstyre utøve «sin myndighet og virksomhet innenfor nasjonale rammer og rammen av norsk svalbardpolitikk».
På fleire felt er oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn, og lokalstyret har ingen oppgåver eller utgifter knytte til eldreomsorg. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester. Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.
Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2024 overført 6,3 mill. kroner frå Nordpolet AS, basert på overskotet frå 2023. Overskotet for 2024 var på 6 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.
I samband med nysalderinga av budsjettet for 2024 foreslo regjeringa å auke løyvinga med 15 mill. kroner, til støtte for å halde oppe flyfraktkapasitet mellom Svalbard og fastlandet. Den auka løyvinga vart foreslått som eit ekstraordinært omstillingstilskot.
Ein tek sikte på at Statsbygg med tida overtar Longyearbyen lokalstyre sine bustader. Etter at bustadene er overførte til Statsbygg, vil Statsbygg vere ansvarleg for å skaffe til vegar bustader til dei tilsette i lokalstyret, gjennom Statsbygg sin bustadpool.
Longyearbyen lokalstyre har eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre. Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for Longyearbyen vassverk, som forsyner byen med drikkevatn, og greier ut framtidig reserveløysing for vassforsyning i Longyearbyen.
Longyearbyen lokalstyre og Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) inngjekk ein avtale 27. juni 2025 om overføring av Svalbard Energi AS (SEAS) frå og med 1. januar 2026. Store Norske tek over eigarskapen til og ansvaret for SEAS, og med det ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre blir samstundes fritatt frå dette ansvaret, som dei har hatt i medhald av Svalbardlova, sidan 2002. Som ein del av transaksjonen vil gjelda som Longyearbyen lokalstyre har i selskapet blir innløyst, og staten vil dekke kostnadene til opprydding og sanering etter kolkraftverket og tilhøyrande avfallsdeponi mv. Sjå elles punkt 2.2.3.6 for nærmare omtale av vurderingar knytte til framtidig organisering av energiforsyninga i Longyearbyen.
Det er ikkje klart kor mykje gjelda vil vere ved utgangen av 2025. Regjeringa vil kome tilbake til saka i samband med nysalderinga av 2025-budsjettet.
Regjeringa foreslo å auke løyvinga med 100 mill. kroner i 2025, samanlikna med løyvinga i 2024, for å leggje til rette for reduserte energiprisar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2024–2025). I samband med at regjeringa innførte Norgespris for straum for fastlandet frå 1. oktober 2025, har regjeringa foreslått å leggje til rette for reduserte straumprisar for hushalda på Svalbard ved å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 4,7 mill. kroner, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget har slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025). Sjå nærmare omtale av Norgespris for straum i Energidepartementet sitt kap. 1820, post 77.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 118,8 mill. kroner til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen i 2026. Når ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen blir overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, skal ikkje lenger straumtariffane i Longyearbyen bli bestemde av lokalstyret. Av den grunn foreslår regjeringa å flytte midlane til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen til kap. 0008 Tilskot til energistøtte i Longyearbyen, post 70 Tilskot til Svalbard Energi AS.
Det er foreslått ei løyving på posten på 240,4 mill. kroner i 2026.
Forslaget til løyving er auka med 23,1 mill. kroner samanlikna med løyvinga i 2025, som ei generell auke i tilskotet til lokalstyret, og som oppfølging av Meld. St. 26 (2023–2024). I meldinga går det fram at regjeringa ønskjer å styrkje det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Gjennom eit auka tilskot vil Longyearbyen lokalstyre kunne halde fram med å leggje til rette for eit godt tenestetilbod som gjer det attraktivt for nordmenn å flytte til og bli buande på Svalbard.
Forslaget til løyving er auka med 0,8 mill. kroner samanlikna med løyvinga i 2025, bl.a. som følgje av redusert makspris for barnehageplass.
Forslaget til løyving er auka med 25 mill. kroner for å dekke kostnader til gjennomføring av opprydding og sanering etter avfallsdeponiet i Adventdalen.
Kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard Museum |
14 900 |
15 470 |
16 000 |
|
Sum kap. 0004 |
14 900 |
15 470 |
16 000 |
Post 70 Tilskot til Svalbard Museum
Løyvinga skal gå til å dekke delar av husleiga og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.
I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.
Det er foreslått ei løyving på posten på 16,0 mill. kroner.
Kap. 0005 Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
96 782 |
95 500 |
106 038 |
|
Sum kap. 0005 |
96 782 |
95 500 |
106 038 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på kap. 0005 Sysselmeisteren skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterkontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmeisteren på Svalbard hadde 49 åremålstilsette og 4 mellombels tilsette ved utgangen av 2024. Gjennom 2024 hadde Sysselmeisteren 2 hospitantar og 13 mellombelse tilsette. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.
Det er foreslått ei løyving på posten på 106,0 mill. kroner. Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 1.4.1.
Det vart løyvd 1,0 mill. kroner på posten i 2025 i samband med markeringa av at det er hundre år sidan Svalbardlova tok til å gjelde, og Svalbard med det vart innlemma i kongeriket. Midlane vart nytta av Justis- og beredskapsdepartementet i samband med markeringa. Det vart arrangert eit symposium i Oslo i mai og ei markering av jubileet i Longyearbyen på sjølve merkedagen, 14. august 2025.
Meirutgifta på kap. 0005 var 2,5 mill. kroner i 2024. Det kjem av at Sysselmeisteren i 2024 fekk fullmakt til å disponere inntil 3,5 mill. kroner meir enn løyvinga, mot at utgifta blir dekt inn i 2025, 2026 og 2027.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart det foreslått å auke løyvinga med 5,0 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste. Den auka løyvinga vart foreslått for å møte dei auka kostnadene og behova til Sysselmeisteren knytte til bl.a. beredskap, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025). Det er foreslått å auke løyvinga med 8,1 mill. kroner i 2026, for å styrkje Sysselmeisteren. Den auka løyvinga skal mellom anna nyttast til å styrkje Sysselmeisteren sitt arbeid med beredskap, og til gjennomføring av personkontroll.
Kap. 3005 Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Diverse inntekter |
3 518 |
300 |
300 |
|
02 |
Refusjonar m.m. |
3 181 |
3 000 |
3 000 |
|
Sum kap. 3005 |
6 699 |
3 300 |
3 300 |
Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmeisteren.
Post 01 Diverse inntekter
Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass. Det var meirinntekt på posten i 2024 på 505 867 kroner.
Tidlegare har inntektsframlegget på posten omfatta bl.a. bøter, gebyr og inndragingar. Bøter blir kravde inn av skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmeisteren. Frå 2025 er dette inntektsført på post 58 Bøter på kap. 3030 Skattar og avgifter m.m.
Tidlegare har posten blitt nytta til andre tilfeldige inntekter på svalbardbudsjettet. Frå 2025 er dette inntektsført på post 29 Ymse på kap. 3030 Skattar og avgifter m.m.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.
Post 02 Refusjonar m.m.
Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Det dreier seg hovudsakleg om refusjon av lønn og andre kostnader knytt til Svalbards miljøvernfond.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.
Meirinntekta frå 2024 på 181 000 kroner kjem i stor grad av administrative inntekter frå Svalbards miljøvernfond.
Kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
244 623 |
266 199 |
282 724 |
|
Sum kap. 0006 |
244 623 |
266 199 |
282 724 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker stasjonering, leige, drift og forvaltning av to tenestehelikopter og tenestefartøy. Vidare dekker posten kjøp, drift og forvaltning av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) som er nødvendige for å gjennomføre oppdraget til Sysselmeisteren, bl.a. til vakt, beredskap, redning og nærvær. Dei samla transportmidla til Sysselmeisteren er nødvendige for å kunne drive oppsyn og utøve mynde, for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor territorialfarvatnet til Svalbard. Transportmidla blir vidare nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Transportmidla utgjer saman med Kystvakta den statlege beredskapen på Svalbard. Løyvinga på posten kan òg nyttast i samband med hendingar som krev raske avklaringar av utgifter og betalingar, t.d. i samband med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet MS Polarsyssel. Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng, bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg blir fartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av Svalbard. MS Polarsyssel har isklasse og helikopterdekk som er tilpassa helikoptera til Sysselmeisteren. I 2024 gjennomførte fartøyet 155 seglingsdøgn til tokt, trening og øvingar m.m., samanlikna med 203 i 2023. I september 2024 gjennomførte fartøyet 10-årsklassing og fekk montert nytt helikopterdekk og større kran. Mannskapet på MS Polarsyssel trener jamleg med helikoptera til Sysselmeisteren, og samhandlinga mellom fartøyet og helikoptera er god. Sysselmeisteren har lånt ut MS Polarsyssel ved fleire høve i 2024, til bl.a. UNIS og Svalbard kyrkje.
Sysselmeisteren utløyste i desember 2023 opsjonen for det siste året av den inneverande kontrakten for tenestefartøyet. Kontrakten går ut 31.12.2025. Ny kontrakt vart inngått med same leverandør om same fartøy for perioden 01.01.2026–31.12.2030, med moglegheit for opsjon på inntil fire år.
Eigarskapen til M/S «Polarsyssel» blei overført i april 2025, ved at Fafnir Norway AS, som bl.a. eig fartøyet, blei selt frå Fafnir Offshore h.f. til Havila Holding AS. Salet vart forelagt Justis- og beredskapsdepartementet av Sysselmeisteren på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet hadde ikkje innvending mot eigarskiftet. Departementet ba samstundes Sysselmeisteren om å stille som føresetnad for å godta salet at Sysselmeisteren må samtykke òg i framtida om eigarskap til fartøyet «Polarsyssel» skal førast over til andre internt i Havilagruppa på noko tidspunkt.
Sysselmeisteren disponerer to innleigde allvêrshelikopter av typen Super Puma redningshelikopter. Helikoptertenesta er eit fleirbrukskonsept kor søk og redning og politioppdrag er prioritert. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. Helikoptertenesta blir òg nytta til ambulanseoppdrag, trening, oppsyn, bistand til Kystvakta, transport til møte då det ikkje finst veg mellom samfunna på øygruppa, frakt av gods og personell til oppdrag, og tilsyn. Helikoptertenesta hjelper til ved tokt, og blir leigd ut til andre statlege og ikkje-statlege etatar ved ledig kapasitet.
Figur 6.1 Kart over seglingane til MS Polarsyssel i 2024.
Kjelde: Sysselmeisteren
Det er avtale mellom Justis- og beredskapsdepartementet og CHC Helikopter Service AS om drifta av den sivile redningshelikopterbasen i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen. Avtalen varer i seks år frå 2022, med opsjonar for forlenging på inntil fire år. Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.
I 2024 har to helikopter vore tilgjengelege, SAR1 og SAR2. Eit av dei to helikoptera som inngår i kontrakten, har vore til vedlikehald på fastlandet. Erstatningshelikopter har fungert som SAR2 i perioden.
Posten kan òg nyttast til kjøp av flyvêrtenester som er nødvendige for redningsberedskapen på Svalbard, og mellom Svalbard og fastlandet, jf. Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025). Kostnaden for tenesta er til saman 3,2 mill. kroner i 2026. Det er foreslått å omdisponere 1,6 mill. kroner frå Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 454, post 01 til svalbardbudsjettet. På sjølve svalbardbudsjettet foreslår ein å plassere midlane på kap. 0006, post 01. Sjå òg omtale under kap. 454, post 01 i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Det var mindreutgifter på kap. 0006 på 25,7 mill. kroner i 2024, i hovudsak som følgje av at det var færre flytimar med helikoptera enn budsjettert, og at det var sett av 13,2 mill. kroner til å dekke kostnaden for transport av straumaggregat frå Forsvaret, ein kostnad som vart dekt av Forsvaret sjølv.
Det er foreslått ei løyving på posten på 282,7 mill. kroner.
Kap. 3006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Leigeinntekter frå private |
48 |
0 |
0 |
|
02 |
Refusjon frå det offentlege |
193 |
500 |
500 |
|
Sum kap. 3006 |
237 |
500 |
500 |
Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.
Post 01 Leigeinntekter frå private
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.
Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.
Post 02 Refusjonar frå det offentlege
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.
Det var ei mindreinntekt på posten på 307 436 kroner i 2024, som følgje av mindre utleige til offentlege aktørar enn budsjettert.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 500 000 kroner.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.
Kap. 0007 Tilfeldige utgifter
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
30 |
Skred- og bustadtiltak, kan overførast |
54 018 |
0 |
0 |
|
70 |
Diverse tilskot |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 0007 |
54 018 |
0 |
0 |
Post 30 Skred- og bustadtiltak, kan overførast
Løyvinga på posten vart nytta til skredsikringstiltak i Longyearbyen. Skredsikringstiltaka i sentrumsområdet av Longyearbyen vart avslutta i 2025, og det er ikkje foreslått løyving på posten i 2026. Det var heller ikkje foreslått løyving på posten i 2025.
Sjå punkt 2.2.3.3 for omtale av skred og flaum og sikringstiltak på Svalbard.
Post 70 Diverse tilskot
Løyvinga på post 70 har tidlegare blitt nytta til bl.a. å kjøpe tenester frå Telenor for å sikre telekomtenester på Svalbard. Kontrakten vart sagd opp frå 1. januar 2023.
Det er ikkje foreslått løyving på posten i 2026. Det var heller ikkje foreslått løyving på posten i 2025.
Kap. 0008 Tilskot til energistøtte i Longyearbyen
|
(i 1 000 kr) |
||||
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard Energi AS |
0 |
0 |
118 800 |
|
Sum kap. 0009 |
0 |
0 |
118 800 |
Regjeringa har foreslått å løyve til saman 398,5 mill. kroner til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen i åra 2023-2026.
Løyvinga var tidlegare del av tilskotet til Longyearbyen lokalstyre. Longyearbyen lokalstyre har hatt og har, fram til Svalbard Energi AS blir overført til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Svalbard Energi AS har vore heileigd av Longyearbyen lokalstyre, og Longyearbyen lokalstyre har nytta tilskotet til reduserte energiprisar når dei har vedteke energitariffane i Longyearbyen.
Regjeringa foreslo å løyve 100 mill. kroner til reduserte energiprisar i Longyearbyen i 2025. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2024–2025). I samband med at regjeringa innførte Norgespris for straum for fastlandet frå 1. oktober 2025, har regjeringa foreslått å leggje til rette for reduserte straumprisar for hushalda på Svalbard ved å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 4,7 mill. kroner, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget har slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025).
Energidepartementet arbeider med å fastsetje regelverk som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen, bl.a. føringar for korleis ein fastset tariffar for straum og fjernvarme. Det følgjer av Svalbardlova at lokalstyret har ansvaret for infrastruktur som ikkje er lagt til staten eller andre. Når Store Norske overtar eigarskapet av SEAS vil ikkje lokalstyret lenger ha ansvaret for denne infrastrukturen. Som følgje av det vil lokalstyret heller ikkje ha kompetansen til å fastsetje tariffane for straum og fjernvarme frå dette tidspunktet.
Fram til nytt regelverk er på plass legg regjeringa opp til at tariffane til kundar i Longyearbyen blir sette av SEAS, med bakgrunn i samla kostnader (sjølvkost) for å produsere straum og varme.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 118,8 mill. kroner til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen i 2026. Ein foreslår å løyve midlane som eit øyremerka tilskot til Svalbard Energi AS.
Det er tidlegare estimert at eit eksempelhushald i Sør-Noreg som har inngått avtale om Norgespris vil betale ein sluttbrukarpris på om lag 1,2 kr/kWh når ein inkluderer avgifter og nettleige. Tilskotet i 2026 skal difor nyttast slik at straumprisen for hushalda kan tilsvara eit slik nivå for straum på fastlandet inkl. MVA og nettleige.
Regjeringa foreslår at tilskotet blir tildelt Svalbard Energi AS, med følgjande kriterier for bruk:
-
Straumprisen for hushald i Longyearbyen skal settjast til maksimalt 1,2 kr/kWt. Dette vil om lag tilsvare det eit eksempelhushald i Sør-Noreg, som har inngått avtale om Norgespris, vil betale som sluttbrukarpris, inkludert avgifter og nettleige.
-
Resterande del av tilskotet skal telje mot dei samla kostnadane i Svalbard Energi AS, slik at venta gjennomsnittspris for straum til andre kundar, og fjernvarme til alle kundar, blir reduserte prosentvis likt. Selskapet skal fakturere pris for fjernvarme, samt straum til næringsliv, etter prinsippet om sjølvkost når støttebeløpet er trekt frå.
Det kan bli nødvendig å vurdere innretninga på tilskotet når overføringa av Svalbard Energi AS til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS er gjennomført. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget viss det blir aktuelt å endre ordninga mv.
Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 479 |
2 490 |
2 580 |
|
Sum kap. 0009 |
2 479 |
2 490 |
2 580 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i strategien for kulturmiljøforvaltning 2024–2029.
Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.
Det er foreslått ei løyving på posten på 2,6 mill. kroner.
Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Diverse inntekter |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3009 |
0 |
0 |
0 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.
Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Det har ikkje vore inntekt på posten i 2024
Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.
Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 476 |
2 540 |
2 632 |
|
Sum kap. 0011 |
2 476 |
2 540 |
2 632 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling knytt til Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne omsyn til.
Det er foreslått ei løyving på posten på 2,6 mill. kroner.
Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
50 |
Refusjon |
4 100 |
4 250 |
4 403 |
|
Sum kap. 0017 |
4 100 |
4 250 |
4 403 |
Post 50 Refusjon
Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt under kap. 1471 i Prop. 1 S (2025–2026) for Klima- og miljødepartementet.
Sjå punkt 4.7.3 for nærmare omtale av Norsk Polarinstitutt.
Det er foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.
Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar
|
(i 1000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Drift og vedlikehald |
3 569 |
4 250 |
4 250 |
|
30 |
Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr |
686 |
500 |
800 |
|
Sum kap. 0018 |
4 255 |
4 750 |
5 050 |
Post 01 Drift og vedlikehald
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Det var ei mindreutgift på posten i 2024.
Det er foreslått ei løyving på posten på 4,3 mill. kroner i 2026.
Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr
Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke. Det var ei meirutgift på posten i 2024 som følgje av ekstrautgifter knytt til kontrollskjerming av dei tre sektorlyktene på Svalbard.
Det er foreslått ei løyving på posten på 800 000 kroner. Regjeringa foreslår å auke løyvinga, som skal gå til modernisering og fornying av lanterna på Akseløya slik at ho blir erstatta med ein ny installasjon med lågare framtidig vedlikehaldsbehov.
Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
8 141 |
8 400 |
8 702 |
|
Sum kap. 0019 |
8 141 |
8 400 |
8 702 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke utgiftene Meteorologisk institutt har til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.
Løyvinga kan òg nyttast til andre utgifter Meteorologisk institutt har til drift av bygningane på Bjørnøya og Hopen, til dømes straumkostnader, jf. Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025). Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.
Det er foreslått ei løyving på posten på 8,7 mill. kroner.
Kap. 0020 Statsbygg Svalbard
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 373 |
2 500 |
2 590 |
|
Sum kap. 0020 |
2 373 |
2 500 |
2 590 |
Post 01 Driftsutgifter
Forslaget til løyving skal dekke delar av lønns- og driftskostnadene for kontoret til Statsbygg i Longyearbyen1.
Det er foreslått ei løyving på posten på 2,6 mill. kroner.
Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
6 524 |
7 340 |
7 604 |
|
Sum kap. 0022 |
6 524 |
7 340 |
7 604 |
Post 01 Driftsutgifter
Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til Skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå skatteetaten.
Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere registeret over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.
Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2026, romartal II.
Løyvinga vart auka med 270 000 kroner i samband med nysalderinga av budsjettet for 2024, mot ein tilsvarande auke på kap. 3022, post 01. Dei auka inntektene skriv seg frå at ein inngjekk avtale med Sysselmeisteren om arbeid med refusjon av miljøavgift for fastbuande.
Det er foreslått ei løyving på posten på 7,6 mill. kroner.
Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.
Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Diverse inntekter |
270 |
270 |
270 |
|
Sum kap. 3022 |
270 |
270 |
270 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.
Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond.
Løyvinga vart auka med 270 000 kroner i samband med nysalderinga av budsjettet for 2024, mot ein tilsvarande auke på kap. 0022 post 01. Dei auka inntektene skriv seg frå at ein inngjekk avtale med Sysselmeisteren om arbeid med refusjon av miljøavgift for fastbuande.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 270 000 kroner.
Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.
Kap. 3030 Skattar og avgifter m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
29 |
Ymse |
- |
0 |
0 |
|
58 |
Bøter |
- |
0 |
0 |
|
70 |
Skattar m.m. |
237 712 |
215 000 |
230 000 |
|
71 |
Utførselsavgift |
1 511 |
800 |
0 |
|
72 |
Utmålsgebyr, årsavgift |
746 |
419 |
396 |
|
Sum kap. 3030 |
239 968 |
216 219 |
230 396 |
Som følgje av at ein foreslår to nye postar på kapittelet, er namnet endra til Skattar og avgifter m.m.
Post 29 Ymse
I samband med Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet vart det innført ein ny post for plassering av tilfeldige inntekter som ein ikkje har budsjettert for.
Inntektene vart tidlegare førte på kap. 3005 Sysselmeisteren, post 01 Diverse inntekter.
Det er ikkje foreslått inntektsløyving på posten.
Post 58 Bøter
I samband med Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet vart det innført ein ny post for å skilje ut inntektene til skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral på ein eigen post, for å gjere budsjettet og rekneskapen meir oversiktleg.
Inntektene vart tidlegare førte på kap. 3005 Sysselmeisteren, post 01 Diverse inntekter.
Det er ikkje foreslått løyving på posten.
Post 70 Skattar m.m.
Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2026.
Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2024 og venta fastsetjing for inntektsåret 2025. Prognosen for 2026 er noko høgare enn for 2025.
Skatteinngangen på Svalbard for 2025 er samstundes usikker. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.
Regjeringa foreslo å auke løyvinga på posten med 30,0 mill. kroner i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet, som følgje av høgare rekna skatteinntekter for 2024. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 80 S (2024–2025). Tilskotet til svalbardbudsjettet vart redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 230,0 mill. kroner.
Post 71 Utførselsavgift
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengige av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden.
Regjeringa foreslo å auke løyvinga på posten med 700 000 kroner i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet, som følgje av høgare rekna utførselsavgift for 2024. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 80 S (2024–2025). Tilskotet til svalbardbudsjettet vart redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.
Overslaget for utførselsavgifta er usikkert pga. usikre kolprisar, usikre marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Det har i seinare år vore låge innbetalingar av utførselsavgift. Gruve 7 vart avslutta i 2025.
Det er ikkje foreslått løyving på posten i 2026.
Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i bergverksordninga.
Utmål er eit avgrensa område der innehavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.
I 2024 vart det ikkje tildelt nye utmål, samstundes som fleire utmål fell i det fri ved utgangen av 2024. Som følgje av dette er det forventa at inntekta frå utmålsavgifter for 2026 vil bli redusert. Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 396 000 kroner.
Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
50 |
Tilskot |
554 692 |
477 050 |
569 562 |
|
Sum kap. 3035 |
554 692 |
477 050 |
569 562 |
Post 50 Tilskot
Posten er tilskotet som Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å løyve på budsjettet sitt, Prop. 1 S (2025–2026), kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot. Løyvinga skal svare til, og dermed dekke, underskotet på svalbardbudsjettet.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 569,6 mill. kroner.
Fotnotar
Forslaget inkluderer berre deler av kostnaden relatert til dei tilsette og drift av kontorlokala. Følgjande kostnader inngår ikkje i budsjettet på kap. 0020: Husleige for Statsbygg sine tilsette på Svalbard på om lag 870 000 kroner. Husleige for og delvis drift av nye kontorlokale på om lag 1 278 000 kroner, og arbeidsklede, avtalefesta reisekostnad og vedlikehald av bilar på om lag 190 000 kroner – til saman 2 334 000 kroner.