Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova ( lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard) til å gjelde, og Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg. I 2025 er det 100 år sidan traktaten og lova tok til å gjelde, og Svalbard har difor vore ein del av kongeriket i 100 år.

Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg og omfattar øyene Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket. Øya Spitsbergen er den største øya i Noreg, om lag på storleik med Nordland og Troms fylke til saman. Det meste av Svalbard består av store og urørte villmarksområde.

Det bur folk eller er fast aktivitet eller verksemd på sju plassar på Svalbard. Det var registrert 2 863 personar som busette på Svalbard den 1. januar 2025. Longyearbyen er det største lokalsamfunnet og det administrative senteret på Svalbard. Det finst ikkje veg mellom samfunna på Svalbard. Ny-Ålesund har ein kortbaneflyplass med flysamband til og frå Longyearbyen. Utanom på øya Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2025 var 2 556, ein nedgang på 61 personar sidan 1. januar 2024.

Det var registrert til saman 297 fastbuande i Barentsburg og Pyramiden per 1. januar 2025. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

Tabell 1.1 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, per 1. januar

År

2018

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

Personar

2 214

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

2 617

2 556

Kjelde: SSB. «Befolkningen på Svalbard», https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 17. april 2024.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Midlar blir overførte til Svalbard både over sjølve svalbardbudsjettet og over dei ulike fagdepartementa sine kapittel på statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett gir ei samla oversikt over inntekter og utgifter på Svalbard. Forslag til løyvingar for 2026 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1 og 2.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Proposisjonen gir vidare ei oversikt over regjeringa sine forslag til satsingar og prioriteringar på Svalbard og ei årleg oppsummering av utviklinga på øygruppa.

Regjeringa vil halde fram med ordninga med eit eige svalbardbudsjett, noko Stortinget har slutta seg til, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025).

1.3 Prioriteringar i 2026

1.3.1 Oppfølging av melding til Stortinget om Svalbard

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Stortinget behandla meldinga og voterte over ho 21. november 2024. Sjå nærmare omtale av meldinga under punkt 2.2.1.

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) legg grunnlaget for ei stabil og føreseieleg forvaltning av Svalbard og legg føringar for aktiviteten i tida framover. Meldinga inneheld to gjennomgåande tema, som eit einstemmig Storting har slutta seg til: sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard, og styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet.

I 2026 og framover vil regjeringa prioritere å følgje opp tiltak som bl.a. er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmeisteren med 8,1 mill. kroner, bl.a. for å styrkje Sysselmeisteren si evne til å utføre oppgåvene sine, og for å tilføre Sysselmeisteren ressursar på beredskapsområdet.

Det er eit mål framover at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad for norske familiar, og at ein slik kan bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppa. Regjeringa foreslår bl.a. av den grunn å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 23,1 mill. kroner.

1.3.2 Energiforsyning i Longyearbyen

Regjeringa foreslo i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard bl.a. å gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. Dei sterke nasjonale interessene knytte til Svalbard fordrar eit sterkt statleg engasjement i infrastruktur lokalt. Infrastruktur av eit visst nivå er òg ein føresetnad for næringsaktivitet og verdiskaping, tryggleik og beredskap og god samfunnsutvikling. Statleg eigarskap til viktig infrastruktur på Svalbard legg til rette for langsiktig planlegging og utvikling av øygruppa i tråd med måla for svalbardpolitikken.

I svalbardmeldinga viser regjeringa til at ein har som intensjon at staten skal ta eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, til dømes gjennom Store Norske Spitsbergen Kulkompani (Store Norske), og at ansvaret skal avklarast så snart som mogleg. Regjeringa har gitt Store Norske i oppdrag å gjennomføre ei konseptvalutgreiing av ulike alternativ for framtidig energiforsyning i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur. Konseptvalutgreiinga og tilstandsvurderinga vart leverte til Nærings- og fiskeridepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i februar 2025. Desse dokumenta har bl.a. danna grunnlaget for vurderingar om framtidig ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen. Store Norske og Longyearbyen lokalstyre har inngått ein avtale om overføring av Svalbard Energi AS (SEAS) frå lokalstyret til Store Norske mot eit vederlag på kroner 1,- forutsatt at to vilkår er oppfylde før gjennomføring av transaksjonen. Den eine føresetnaden er at gjelda som SEAS har til Longyearbyen lokalstyre vert ettergjeve, mot at lokalstyret mottek eit tilskot tilsvarande lånegjelda. Det andre vilkåret er at oppryddingpliktene relatert til det tidlegare kolkraftverket, overførast frå lokalstyret til SEAS. Kostnadene for dette er rekna til 134 mill. kroner.

Med overføringa av SEAS tek Store Norske, eit heileigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet, ansvaret for energiproduksjon og -forsyning i Longyearbyen framover. Store Norske vil òg gjennomføre ei vesentleg oppgradering av dagens energiforsyning.

Overføringa, med innløysing av pliktene som er omtalte her, føreset tilslutning frå Stortinget. Sjå punkt 2.2.3.4 for nærmare omtale av energiforsyninga i Longyearbyen og overføringa av ansvar frå lokalstyret til Store Norske. Regjeringa foreslår òg å løyve 25 mill. kroner til å dekke kostnadene Longyearbyen lokalstyre vil ha til sanering og opprydding etter at avfallsdeponiet i Adventdalen er avslutta.

I samband med innføring av Norgespris for straum på fastlandet frå 1. oktober 2025, foreslo regjeringa å leggje til rette for reduserte straumprisar for hushalda på Svalbard òg, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025). Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre vart auka med 4,7 mill. kroner som vart øyremerkte til dette formålet. Heilårseffekten av tiltaket er 18,8 mill. kroner. Regjeringa foreslår å løyve til saman 118,8 mill. kroner i 2026 for å bidra til reduserte energiprisar i Longyearbyen. Det er foreslått å plassere løyvinga på kap. 0008, post 70, som eit øyremerkt tilskot.

Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Forslaget vil bli sendt på høyring.

1.4 Offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er både politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er ansvaret for rednings- og beredskapsarbeidet, for politi- og påtalemakta og for miljøforvaltninga. Sysselmeisteren deltek i utforminga, utøvinga og oppfølginga av svalbardpolitikken.

Som politimeister leier Sysselmeisteren påtalemakta og verksemda elles i politiet og har same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.3 om beredskap på Svalbard for nærmare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

I eigenskap av rolla som statsforvaltar utfører Sysselmeisteren ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Sysselmeisteren er vidare regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt.

Til saman gjer dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av enkeltsaker, godt informasjonsarbeid og effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre vart oppretta i 2002 og har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Det rettslege rammeverket for Longyearbyen lokalstyre følgjer av Svalbardlova 5. kapittel. Myndigheitsområdet til lokalstyret er Longyearbyen arealplanområde. Longyearbyen lokalstyre har oppgåver av same type som kommunane på fastlandet, men Longyearbyen lokalstyre har eit snevrare ansvarsområde og yter færre velferdstenester. Som for kommunane følgjer oppgåver og ansvar av særlover, men ansvaret for infrastruktur er lagt til Longyearbyen lokalstyre direkte gjennom Svalbardlova. Longyearbyen lokalstyre skal utøve mynda og verksemda si og sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor nasjonale rammer og ramma av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret, er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunane og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar som er styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum og Svalbard kyrkje får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet. Det gjeld bl.a.

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

  • Statens kartverk

  • Svalbard globale frøkvelv

  • Norsk helsenett SF

  • Forbrukartilsynet

  • Tolletaten

  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard direkte, med lokalt tilsette

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Måla vart første gong formulerte i samband med Stortinget si behandling av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har lege fast sidan då. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Måla vart sist stadfesta av Stortinget i samband med behandlinga av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025). Semja om hovudlinjene i svalbardpolitikken gir ei langsiktig forvaltning av øygruppa, noko som medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Alle departementa har i dag ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 4. Sektoransvaret til departementa gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til departementa sine på Svalbard på same måte som i resten av landet. God forvaltning av Svalbard føreset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.

2.2.1 Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard

Meld. St. 26 (2023–2024) er nummer seks i rekkja av heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) sidan 1975. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, og blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der.

Sidan den førre meldinga, som kom i 2016, har Longyearbyen i endå større grad endra seg frå å vere eit samfunn basert på kolverksemd til å bli eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka og befolkningssamansetjinga endra seg. Svalbard er prega av auka aktivitet, og interessa for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Vidare er den tryggingspolitiske situasjonen globalt og i Noreg sine nærområde prega av eit større alvor og er meir uføreseieleg enn då den førre svalbardmeldinga vart lagd fram i 2016.

I Meld. St. 26 S (2023–2024) varslar regjeringa at ein vil styrke statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard i tråd med utviklingstrekka som er omtalte ovanfor. Regjeringa varslar òg at ein vil styrke det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Andre tiltak som er varsla i meldinga, er besøksbidrag frå reisande til Longyearbyen, betre bustader innanfor ramma av bustadmassen som var der før skreda i 2015 og 2017, utvida allmenngjeringsrett, etablering av eit eige Svalbard forskingskontor og regulering av omfanget av cruiseaktiviteten.

Under behandlinga av meldinga slutta eit einstemmig Storting seg nok ein gong til å vidareføre dei overordna måla for svalbardpolitikken som er omtalte under punkt 2.1.

Stortinget fatta to oppmodingsvedtak i samband med behandlinga av meldinga:

«I
Stortinget ber regjeringen utrede hvilke tiltak som kan innføres for å styrke det psykiske helsetilbudet i Longyearbyen.
II
Stortinget ber regjeringen sørge for at flyfraktkapasitet mellom fastlandet og Svalbard opprettholdes inntil en permanent løsning er på plass.»

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg departement for oppfølginga av oppmodingsvedtak I ovanfor. Sjå omtale under punkt 4.6.2.

Justis- og beredskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtak II gjennom å foreslå i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet, ein auke i løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kan skaffe til vegar nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane har komme fram til ei langsiktig løysing. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 80 S (2024–2025).

2.2.2 Koordinering av norsk polarpolitikk

2.2.2.1 Det interdepartementale polarutvalet

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen). Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

2.2.2.2 Lovgiving

Lovgiving er eit sentralt verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga innanfor ramma av måla for svalbardpolitikken. Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

I samband med tidlegare stortingsmeldingar om Svalbard har det blitt slått fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt rammeverket for fastlandet, og at ny lovgiving for fastlandet som hovudregel skal takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler mot det eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde for heile øygruppa og handhevast likt overalt. Samstundes kan ikkje ny lovgiving alltid takast i bruk for Svalbard utan at det blir gjort tilpassingar. Det kan vere behov for overgangsordningar eller at lova tek til å gjelde for Svalbard på eit seinare tidspunkt. Andre former for innfasing kan òg vere nødvendig, t.d. fordi lokale verksemder har behov for omstilling. Tilpassingar kan vere nødvendige pga. t.d. folkerettslege, klimamessige, geografiske eller administrative forhold. Døme på det siste kan vere at det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som motsvarer dei på fastlandet.

På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I særskilde tilfelle vil ein kunne vurdere unntaksheimlar for visse typar aktivitet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

EØS-avtalen gjeld ikkje for Svalbard, og Svalbard inngår ikkje i Schengen-samarbeidet.

FNs tryggingsråd kan vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar, med folkerettsleg bindande verknad. EU vedtek òg sanksjonar, som Noreg har slutta opp om med nokre få unntak. EU-sanksjonar som Noreg har slutta opp om, gjeld på Svalbard med mindre noko anna er angitt i den relevante forskrifta. Det er særleg sanksjonane mot Russland som er relevante på Svalbard. Det er innført sanksjonar mot russiske personar og verksemder og mot handel og interaksjonar med russiske motpartar. Sanksjonane mot Russland blir mellom anna gjennomførte i forskrift 15. august 2014 nr. 1076 om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet («sanksjonsforskrift Ukraina»).

2.2.2.3 Endringar i regelverk

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. I Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard viser regjeringa til at summen av ei rekkje utviklingstrekk gjorde det nødvendig å leggje fram ei ny melding til Stortinget om Svalbard. Dei same utviklingstrekka gjer det samstundes nødvendig å utvikle og avstemme regelverket, slik at det passar inn med området og samfunnet som det skal ramme inn. Eitt av desse utviklingstrekka er at Longyearbyen har gått frå å vere eit samfunn bygd rundt ein industri og ei stor verksemd, til å bli eit samansett og moderne samfunn med ein heterogen næringsstruktur. Andre døme på denne typen utviklingstrekk er befolkningsvekst og endringar i befolkninga, klimaendringar og auka aktivitet og interesse for å nytte Svalbard. I tillegg er den tryggingspolitiske situasjonen endra, og prega av eit større alvor enn for ti år sidan. Regelverket må vere avpassa etter desse overordna endringane, og samstundes leggje til rette for å styre utviklinga i ønskt retning.

Kunnskapsdepartementet har fastsett endringar i forskrifter med reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring. Forslaga er bl.a. ei oppfølging av tiltak i Meld. St. 26 (2023–2024). Sjå nærmare omtale i punkt 4.10.1.

Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Forslaget vil bli sendt på høyring.

Stortinget vedtok 10. juni 2025 ny lov om besøksbidrag. Lova inneheld ein heimel for å gi forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Inntektene frå besøksbidraget skal komme Longyearbyen lokalstyre til gode.

Skatteetaten har hatt på høyring eit forslag om frikortordning for ungdom i Longyearbyen, med frist 1. august 2025.

Eit forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard vart vedteke 6. juni 2025 og tar til å gjelde 1. januar 2026.

Allmenngjeringslova vart gjort gjeldande på Svalbard 1. juli 2025.

Regjeringa har varsla i Meld. St. 26 (2023–2024) at det er behov for å gjennomgå forskrift om folkeregister på Svalbard, og at ein bør vurdere tiltak som kan føre til betre etterleving av plikta til å melde flytting til og frå Svalbard og internt på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet har starta arbeidet.

2.2.2.4 Statleg eigarskap på Svalbard

Dei særlege rammene for Svalbard og svalbardpolitikken gjer at ein nyttar verkemiddel på Svalbard som ein ikkje nødvendigvis nyttar på same vis på fastlandet. Eit av dei viktigaste verkemidla i samfunnsutviklinga på Svalbard er ulike former for statleg eigarskap, bl.a. til eigedom, grunn og infrastruktur. Det har alltid vore knytt sterke nasjonale interesser til forvaltninga av øygruppa, og det er lang tradisjon for statleg eigarskap på Svalbard.

Staten eig direkte eller indirekte fleire selskap på Svalbard. Blant dei selskapa som er eigde direkte av staten, finn ein Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Universitetssenteret på Svalbard AS, som alle er statsaksjeselskap. Bakgrunnen for staten sin eigarskap i desse selskapa er bl.a. å bidra til å nå måla for svalbardpolitikken. Staten eig indirekte Svalbard Lufthavn AS, gjennom Avinor AS.

Staten eig vidare delar av andre selskap med aktivitet på Svalbard, t.d. halvparten av Kongsberg Satellite Services (KSAT) indirekte, gjennom Space Norway (som er heileigd av Nærings- og fiskeridepartementet). Den andre halvparten er eigd av Kongsberg Gruppen, kor staten har 50,004 pst. eigardel. KSAT er underlagt tryggingslova då selskapet har avgjerande betyding for ei rekkje grunnleggjande nasjonale funksjonar. Staten eig òg 53,97 pst. av aksjane i Telenor ASA, som har verksemd på Svalbard gjennom dotterselskapet Telenor Svalbard AS.

Staten er den største grunneigaren på Svalbard og eig, ved Nærings- og fiskeridepartementet, 98,75 pst. av all grunn direkte. I tillegg eig staten, ved Klima- og miljødepartementet, 0,75 pst. av grunnen indirekte gjennom eigarskapen i Kings Bay AS.

Gjennom forvaltninga av eigarskapen til grunnen, legg Nærings- og fiskeridepartementet til rette for aktivitet som støttar opp om måla for svalbardpolitikken. Ved behandlinga av regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett i juni 2025, slutta Stortinget seg til forslaget om å avvikle Bjørnøen AS og overføre eigedommen på Bjørnøya til Nærings- og fiskeridepartementet.

Sjå punkt 4.12.1 for nærmare omtale av grunnforvaltninga på Svalbard.

Kritisk infrastruktur er ein grunnleggjande føresetnad for aktivitet og opphald på Svalbard, og den fysiske infrastrukturen i Longyearbyen bidrar på den måten til å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Svalbard er ei øygruppe utan større energi- eller vassystem, og den lokale tilgangen av slike tenester er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik er difor spesielt viktig på Svalbard. Kontroll med infrastruktur og eigedom legg til rette for god forsyningstryggleik for t.d. energi, vatn og mat. I kontroll med infrastruktur inngår bl.a. gjennomgang av kven som har ansvaret og korleis kritisk infrastruktur blir forvalta, som er nærmare omtalt i Totalberedskapsmeldinga.

Tryggingslova skal gjerast gjeldande for verksemder som er særs viktige for grunnleggjande nasjonale funksjonar eller nasjonale tryggleiksinteresser. Regjeringa har teke fleire grep for å vurdere kva ulike hamner har å seie for nasjonal tryggleik. Kommunale hamner som er omfatta av tryggingslova, er informerte om aktuelle krav i lova. Det blir vurdert om det er grunnlag for at endå fleire hamner skal vere underlagde tryggingslova, og om det er behov for å peike ut skjermingsverdige verdiar. Longyearbyen hamn inngår i desse vurderingane. Justis- og beredskapsdepartementet har òg i brev til Longyearbyen lokalstyre i 2025 presisert at lokalstyret er underlagt tryggingslova i medhald av §1-2 første ledd i lova.

2.2.2.5 Svalbardlova hundre år

Den 14. august 2025 var det hundre år sidan Svalbardlova tok til å gjelde og Svalbard med det vart innlemma i Kongeriket Noreg. Hundreårsjubileet har vore markert med både symposium i Oslo i mai og markering på sjølve dagen i Longyearbyen.

2.2.3 Beredskap på Svalbard

2.2.3.1 Overordna om beredskapen på Svalbard

Dei naturgitte og geografiske føresetnadene til Svalbard gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Sektorprinsippet gjeld på Svalbard som elles i landet, og den enkelte sektoren har ansvar for å vurdere risiko, sårbarheit og ev. avbøtande tiltak.

Den lokale beredskapen er god. Dei etablerte ressursane, lokalbefolkninga, næringslivet og andre aktørar på Svalbard har stor evne og vilje til å handtere hendingar. Samstundes er ikkje beredskapen dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes, over lang tid. I tilfelle større hendingar legg ein difor til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Sysselmeisteren er den sentrale instansen for planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor samfunnstryggleik og beredskap på øygruppa. Sysselmeisteren er leiar for beredskapsrådet for Svalbard, i eigenskap av å ha mynde som statsforvaltar. Rådet skal medverke til ei felles forståing av risiko og sårbarheit, med mål om ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta og er som politimeister leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Medlemmene i redningsleiinga overlappar i nokon grad med medlemmene i beredskapsrådet.

Sysselmeisteren utarbeider ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for eige ansvarsområde, og oppdaterer han kvart år. Inneverande Svalbard-ROS gjeld for perioden 2022–2026. Sysselmeisteren har utarbeidd ein heilskapleg plan for oppfølging av analysen, med oversikt over risikoreduserande tiltak, ansvarsavklaringar og statusbeskrivingar. Sysselmeisteren har òg planverk for forsyningstryggleik m.m.

Beredskapslova gjeld på Svalbard. Etter forskrifta om anvending for Svalbard har Sysselmeisteren same mynde som ein statsforvaltar, og Longyearbyen lokalstyre har same mynde som ein kommune.

2.2.3.2 Klimaendringar og auka aktivitet

Ein ventar at Longyearbyen i framtida vil oppleve meir nedbør i form av regn, og auka snø- og bresmelting1. Endringane vil føre til fleire og større flaumar, og det vil oftare bli utløyst snø- og sørpeskred. Varmare vêr og meir nedbør gir auka slitasje på bygg og infrastruktur, som i større grad må bli sikra mot erosjon og skred. Mindre is rundt Svalbard inneber at seglingssesongen rundt Svalbard blir lengre, og området som er farbart for skip, blir større. Operasjonsområdet for søk og redning blir forstørra parallelt. Risikoen for skipsulukker i fjerntliggjande område aukar som følgje av auka aktivitet. Samstundes aukar risikoen og behovet for medisinsk evakuering frå fartøy som seglar langt unna Longyearbyen. Veksten i aktivitet på og rundt Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske der enn det som tilgjengelege beredskapsressursar er dimensjonerte for. I ROS-analysen til Sysselmeisteren er risikoen for ulukker til sjøs vurdert som overordna høg. Regjeringa vil av den grunn vurdere tiltak for å redusere risiko.

Tabell 2.1 Redningsoppdrag som Sysselmeisteren har gjennomført

År

Talet på redningsoppdrag

2020

24

2021

32

2022

70

2023

86

2024

62

Kjelde: Sysselmeisteren

2.2.3.3 Skred og flaum

Longyearbyen er utsett for naturfarar, noko som blir forsterka av klimaendringane. Longyearbyen har vore råka av store snøskred i nyare tid. I etterkant av skreda har store ressursar vore nytta for å hindre nye skredulukker i sentrumsområdet i Longyearbyen. Sysselmeisteren, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om å førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. NVE har statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av skred- og flaumskadar. Svalbard er omfatta av NVE sin bistand til å førebyggje flaum- og skredskadar, på linje med kommunar på fastlandet. Longyearbyen lokalstyre har etter forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen.

Overvaking og varsling av flaum og skred bidrar til å redusere konsekvensar ved hendingar, og til auka tryggleik blant folk som bur og ferdast i utsette område. Meteorologisk institutt gir ut varsel om bl.a. nedbør som kan føre til lokal flaum og ulike former for skred. I tillegg til fysiske skredsikringstiltak er dei viktigaste tiltaka varsling og ev. evakuering ved skredfare. NVE gjennomfører regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. Det er i tillegg ei lokal skredvarslingsteneste for Longyearbyen. NVE tok ansvar for denne tenesta i perioden fram til dei permanente sikringstiltaka var ferdige. Det er framleis behov for den lokale varslingstenesta på grunn av restrisiko, og Longyearbyen lokalstyre har frå vintersesongen 2024/25 teke over ansvaret for tenesta. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, tek avgjerder om evakuering og forbod mot ferdsel ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

Konsekvensane av skred i Longyearbyen er spesielt store for sentrumsområdet nedanfor området Lia og fjellet Sukkertoppen, og dessutan området langs Vannledningsdalen. Desse områda var særleg utsette for høvesvis snø- og sørpeskred. På bakgrunn av dette har områda blitt prioriterte for skredsikring. Sikringstiltaka mot snøskred i området Lia vart igangsette i 2019 og fullførte i 2023, til ein kostnad av 170 mill. kroner. Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Sikringstiltaka mot sørpeskred frå Vannledningsdalen vart sette i gang i 2022 og fullførte i 2025, til ein kostnad av 105 mill. kroner. Sikringstiltaka består av skrednett og erosjonssikra leievoll langs elva. NVE har fått gjennomført sikringstiltaka under Sukkertoppen og i Vannledningsdalen. Fleire bustader under fjellet Sukkertoppen lar seg ikkje sikre med fysiske installasjonar, og må rivast.

Farekartleggingar viser at det er andre delar av Longyearbyen som òg er utsette for skred. Etter at sentrumsområdet no er sikra, er risikoen størst for bygningar i Nybyen og for delar av hamneområdet. Det er av fleire årsaker ikkje ønskjeleg å leggje til rette for personopphald og bustader i Nybyen, og området vil ikkje bli prioritert for skredsikringstiltak.

Det har tidlegare vore utfordringar med flaum og erosjon langs Longyearelva. Elva er masseførande ved flaumvassføringar, og det har årleg blitt gjort grave- og dosearbeid for å hindre at elva tek seg løp der ho gjer skade. NVE ferdigstiller i 2025 eit sikringsanlegg langs Longyearelva for å hindre flaum og erosjon og for å handtere massane som kjem med elva.

Sjå elles omtale under punkt 4.4.1.

2.2.3.4 Energiforsyning

Når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre, er Longyearbyen lokalstyre etter Svalbardlova ansvarleg for infrastruktur i Longyearbyen. Energiforsyning har inngått i dette. Longyearbyen lokalstyre har eigd og drive energiforsyninga i Longyearbyen direkte, eller indirekte gjennom Svalbard Energi AS sidan 2002. Tilgang på energi er avgjerande for annan infrastruktur, og forsyningstryggleik for energi har difor svært høg prioritet.

Energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023, Svalbard Energi AS (SEAS). Energiverket gjekk frå å vere ei integrert eining i Longyearbyen lokalstyre til å bli eit heileigd AS under Longyearbyen lokalstyre. Sysselmeisteren, i kraft av myndet som statsforvaltar, har det koordinerande ansvaret for samfunnstryggleik på Svalbard, medrekna forsyningstryggleik for energi. I mars 2024 vurderte Sysselmeisteren at det var behov for å styrke reservekapasiteten, og sende ei oppmoding om bistand for å få hjelp til å gjennomføre tiltak som på kort sikt ville betre redundansen i energiforsyninga i Longyearbyen. Forsvaret var den instansen som kunne levere kompatible straumaggregat raskast til Svalbard, og stilte aggregatsett til rådigheit for lokalsamfunnet i Longyearbyen, og bidrog med nødvendig personell for oppkopling og opplæring.

2.2.3.5 Energiomstilling

Dei overordna rammene for etablering og drift av ei ny energiløysing i Longyearbyen går fram av Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet, som Stortinget har slutta seg til, jf. Innst. 117 S (2021–2022).

Kolkraftverket som forsynte Longyearbyen med kraft og varme, vart sett i drift i 1983 og stengt ned i oktober 2023. Ein gjekk då over til energiproduksjon med diesel som energiberar. Kostnadene til energiproduksjon har blitt høgare i Longyearbyen etter overgangen frå kol til diesel. For åra 2023–2026 har regjeringa foreslått å løyve til saman 398,5 mill. kroner til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen. Regjeringa har òg foreslått å løyve 42 mill. kroner til støtte til investeringar for å styrke forsyningstryggleiken for energi.

Etter at kolkraftverket i Longyearbyen vart nedlagt, og i samband med at det blir etablert ny energiforsyning, er det behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Reguleringsmyndigheiten for energi (RME) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen.

2.2.3.6 Framtidig organisering og eigarskap i energiforsyninga – overføring av Svalbard Energi AS frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Regjeringa har varsla at ein vil gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. I Meld. St. 26 (2023–2024) står følgjande: «Regjeringen har som intensjon at staten skal ta et større ansvar for energiforsyning i Longyearbyen, f.eks. gjennom Store Norske, og avklare ansvaret for energiforsyningen så snart som mulig.»

Regjeringa har gjeve Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) i oppdrag å gjennomføre konseptvalutgreiing av ulike alternativ for energiforsyninga i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur, med kapitalbehov. Nærings- og fiskeridepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet fekk vurderingane frå selskapet 27. februar 2025. Det følgjer av tilstandsvurderinga at det er eit stort behov for oppgradering for at energisystemet i Longyearbyen skal vere robust nok og tilfredsstille krav til forsyningstryggleik. Arbeidet med konseptvalutgreiinga har skjedd i dialog med Longyearbyen lokalstyre og andre lokale aktørar.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025 orienterte regjeringa Stortinget om at Store Norske har identifisert fleire forhold ved dagens energisystem som tilseier at det er behov for å iverksette tiltak for å etablere ei oppgradert, forsvarleg og sikker energiforsyning i Longyearbyen. Ein opplyste òg at det er eit vesentleg vedlikehaldsetterslep på distribusjonsnettet for straum og fjernvarme. Stortinget løyvde difor midlar til Store Norske for arbeid med prosjektering og regulering, jf. Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025).

Store Norske og Longyearbyen lokalstyre har inngått ein avtale om overføring av Svalbard Energi AS (SEAS) frå lokalstyret til Store Norske. Føresett at Stortinget sluttar seg til vilkåra for overføring, overtar Store Norske eigarskapen til og ansvaret for SEAS, og med det ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre blir samstundes friteke for dette ansvaret, som ein har hatt etter Svalbardlova sidan 2002. Store Norske er eit heileigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet, og overføringa av SEAS vil gje auka nasjonal kontroll med kritisk infrastruktur på Svalbard.

Etter at kolkraftverket er nedlagt er det nødvendig å rydde opp og sanere området. Då energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023, vart pliktene knytta til opprydding og sanering etter kolkraftverket og tilhøyrande avfallsdeponi liggjande i lokalstyret, i hovudsak som følgje av selskapstekniske vurderingar. Som del av avtalen mellom Longyearbyen lokalstyre og Store Norske, skal pliktene Longyearbyen lokalstyre har til sanering og opprydding etter kolkraftverket og tilhøyrande deponi overførast til SEAS, på vilkår av at pliktene blir finansierte av staten. Regjeringa foreslår ei fullmakt slik at Stortinget samtykker i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2026 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret til sanerings- og oppryddingstiltak ved kolkraftverket i Longyearbyen. Samla forpliktingar og utbetalingar skal ikkje overstige kostnadsramma på 134 mill. 2026-kroner. Sjå forslag til romartalsvedtak XIV i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet. Regjeringa foreslår òg å løyve 25 mill. kroner til å dekke kostnadene Longyearbyen lokalstyre vil ha til sanering og opprydding etter at avfallsdeponiet i Adventdalen er avslutta.

Regjeringa foreslår vidare at det i 2026 òg blir løyvd midlar til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen, med dei endringane som følgjer av at ansvaret for energiforsyninga overførast frå lokalstyret til Store Norske. Sjå omtale under kap. 0003 post 50 og kap. 0008 post 70.

2.2.3.7 Oppgradering av energiforsyninga i Longyearbyen

Som ny eigar av SEAS vil Store Norske oppgradere energiforsyninga i Longyearbyen, basert bl.a. på behova som vart avdekka i samband med tilstandsvurderinga omtala over. Store Norske vil dele oppgraderinga av energiforsyninga inn i to fasar, der dei mest tidskritiske tiltaka blir gjennomførte først.

Fase 1 inkluderer bygging av nytt hovudkraftverk for straum og varme basert på diesel, med tilhøyrande tankanlegg, på Hotellneset. Fase 1 inneber òg omlegging av nødvendig infrastruktur.

Tiltaka i fase 1 er planlagt gjennomførte i perioden 2026–2028. Fase 2 omfattar fornying av distribusjonsinfrastrukturen for straum og varme, og er planlagt gjennomførte fram til 2035.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av behovet for oppgradering av energiforsyninga i Longyearbyen. Kvalitetssikrar vurderer at det er behov for eit nytt hovudkraftverk med tilhøyrande tankkapasitet, og dessutan oppgraderingar av dei delane av dagens infrastruktur som har gått over si tekniske levetid og er i dårleg stand. Kvalitetssikrar vurderer at det bør leggjast til grunn ei styringsramme (P50) på 1 727 mill. 2025-kroner, og ei kostnadsramme (P85) på 2 170 mill. 2025-kroner for fase 1 og 2 over perioden 2026-2035. Kvalitetssikrar meiner likevel at styringsunderlaget for prosjektet har vesentlege manglar, og at vidare utgreiingar er naudsynte for å redusere risikoen i gjennomføring av prosjektet. Kvalitetsikrar tilrår difor at prosjektet utgreiast ytterlegare, og at oppdatert underlag kvalietsikrast eksternt før investeringsavgjerda blir teke.

Etter ei heilheitleg vurdering der òg svalbardpolitiske hensyn har inngått, vurderer regjeringa det som nødvendig at ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen overørast til Store Norske. For omtale av Store Norske sitt finansieringsbehov for å gjennomføre overføring og oppgradering, visear ein til Prop. 1 S (2025-2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa legg opp til å kome tilbake til Stortinget med forslag til styrings- og kostnadsramme for heile oppgraderinga (fase 1 og fase 2) i statsbudsjettet for 2027. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget tidlegare om det er ny informasjon som tilseier at kostnadsoverslaga knytt til gjennomføring av fase 1 av oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen, må endrast.

Overføringa av SEAS frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske skjer på vilkår av at Stortinget løyver nødvendige midlar til at transaksjonen kan finne stad i medhald av avtalen. Som ein del av transaksjonen vil gjelda som selskapet har til Longyearbyen lokalstyre, bli innløyst av staten. Det er ikkje klart kor mykje gjelda vil vere ved utgangen av 2025, men ho er rekna til 312,2 mill. kroner. Då det er usikkert kva lånegjelda vil vere ved utgangen av 2025, vil regjeringa kome tilbake til saka i samband med nysalderinga av 2025-budsjettet.

Regjeringa foreslår òg løyving for å følgje opp arbeidet med konseptvalutgreiinga om framtidig energisystem i Longyearbyen, bl.a. knytt til vurderingar om innfasing av fornybar energi.

Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærmare omtale av overføringa av Svalbard Energi AS, og oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen.

2.2.3.8 Kontroll med reisande til og frå Svalbard

Sysselmeisteren handhever forskrift om kontroll av reisende til og fra Svalbard og gjennomfører personkontroll. Reisande til og frå Svalbard kan bli kontrollerte når dei kjem til Svalbard, eller der dei melder seg eller blir trefte på, og i territorialfarvatnet om bord i sjøfartøy på veg til hamn eller indre farvatn på Svalbard. Sysselmeisteren kan overvake territorialfarvatnet og stadene der reisande kan kontrollerast, for å motverke at personar unndrar seg inn- og utreisekontroll. Ein legg opp til at kontrollen med tida kan utviklast og avpassast med behovet for kontroll, basert på erfaringane ein har danna seg sidan innføring av kontrollen.

2.2.3.9 Kontroll med vareførselen til og frå Svalbard

Svalbard vart eige tollområde i mai 2022, og Tolletaten er etablert med ei eiga eining for kontroll med vareførselen til og frå Svalbard.

Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varer som blir førte inn til eller ut frå øygruppa. Ved Svalbard lufthamn kan ein i dag berre gjennomføre fysisk vareførselskontroll i avgrensa omfang, pga. storleiken på areala der. Tolletaten gjennomfører òg vareførselskontroll på skip som kjem til Svalbard.

Målet er at vareførselskontrollen med tida i størst mogleg grad skal samsvare med kontrollen på fastlandet, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen, med ev. tilpassingar til dei lokale forholda.

Sjå punkt 4.5.3 for nærmare omtale.

2.2.4 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard, og det fekk brei omtale i svalbardmeldinga frå 2024. Målet blir oppfylt gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen skal vere eit samfunn som medverkar til å støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken. I Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard gjer regjeringa greie for tiltak for å sikre at utviklinga held fram i tråd med målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har medført omstilling for Longyearbyen, kor ein i dag har eit differensiert næringsliv med verksemder innanfor ei rekkje næringar. Longyearbyen er, og skal vere, eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er òg eit mål framover at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad for norske familiar, og at ein slik kan bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppa.

Ifølgje SSB var det registrert 2 556 innbyggjarar i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2025. 865 av desse var registrerte som innbyggjarar utan tilknyting til det norske fastlandet, noko som utgjer 33,8 pst. av befolkninga. Til samanlikning var det 1. januar 2024 registrert 2 617 innbyggjarar, av desse var 965 registrerte som innbyggjarar utan tilknyting til det norske fastlandet, noko som utgjorde 36,9 pst av befolkninga.

Det er staten som forvaltar folketrygda, og som saman med Longyearbyen lokalstyre i hovudsak legg til rette for velferds- og tenestetilbodet i Longyearbyen. Med utviklinga ein har sett i seinare år når det gjeld befolkningssamansetjinga, ser regjeringa behov for å skilje i større grad mellom innbyggjarar med tilknyting til fastlandet og innbyggjarar som kjem direkte frå utlandet til Svalbard.

Det er kostbart å leggje til rette for eit familiesamfunn på ei arktisk øygruppe, og ein auke i talet på innbyggjarar og aktivitet fører til auka utgifter for staten. Utviklinga i talet på innbyggjarar fører til press på tenestetilbodet, men også på infrastruktur som t.d. energi, veg og vassforsyning. Det offentlege finansierer og held ved like ein stor del av infrastrukturen i Longyearbyen. Det er ikkje ønskjeleg at samfunnet i Longyearbyen skal vekse utover dagens nivå, og ein skal ikkje leggje til rette for utvikling som utløyser behov for større investeringar i infrastruktur eller utviding av velferds- og tenestetilbodet. Bustadmassen skal ikkje vekse utover nivået frå før skreda i 2015 og 2017, sjå punkt 2.2.4.4 for nærmare omtale av bustader i Longyearbyen. Desse føringane, saman med andre rammer for aktivitet og dei overordna måla for svalbardpolitikken, fastset handlingsrommet for næringsverksemda og samfunnsutviklinga i Longyearbyen.

2.2.4.1 Reiseliv

Reiselivsnæringa er blant dei viktigaste næringane på Svalbard, og ho tingar òg i stor grad varer og tenester frå andre næringar.

Talet på gjestedøgn ved kommersielle gjestestader var 167 714 i 2024, ein auke frå 2023, då talet var 139 371. Det kom om lag 67 100 gjestar via Longyearbyen hamn i 2024, 38 105 frå konvensjonelle cruiseskip og 29 021 frå ekspedisjonscruiseskip.

2.2.4.2 Besøksbidrag

Regjeringa vurderer at det er behov for at reisande til Svalbard i større grad bidrar til å finansiere utgifter til infrastruktur og anna offentleg tenesteyting som er ein føresetnad for reiseliv i Longyearbyen.

Stortinget vedtok 10. juni 2025 ny lov om besøksbidrag. Lova inneheld ein heimel for å gi forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Inntektene frå besøksbidraget skal komme Longyearbyen lokalstyre til gode.

2.2.4.3 Hamn

Kapasiteten på hamneinfrastrukturen i Longyearbyen er avgrensa. I tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036 vil Kystverket kartleggje behova og deretter gjere ei ny vurdering av omfanget av, innretninga på og tidsplanen for eit ev. nytt hamneprosjekt i statleg regi i Longyearbyen, og ev. foreslå konkrete tiltak som innspel til neste stortingsmelding om Nasjonal transportplan.

2.2.4.4 Bustader

Bustadpolitikken skal leggje til rette for utvikling av Longyearbyen innanfor måla og rammene i svalbardpolitikken. Det er ikkje eit mål at Longyearbyen skal vekse, og det skal ikkje leggjast til rette for vekst i bustadmassen utover nivået frå før skreda i 2015 og 2017. Samstundes vil regjeringa halde fram arbeidet med å heve kvaliteten på bustadene i Longyearbyen. Eventuell utskifting av bustader må skje gjennom transformasjon og fortetting. Det er i dag få tilgjengelege areal for bustadbygging i Longyearbyen. Investeringar i nødvendig infrastruktur i samband med bustadbygging er svært kostbart i Arktis, og regjeringa ønskjer ikkje å leggje til rette for vekst som utløyser behov for denne typen investeringar. På kort og mellomlang sikt vil det samstundes truleg bli behov for investeringar for å halde oppe nivået på allereie eksisterande infrastruktur.

Det offentlege eig meir enn 70 pst. av bustadene i Longyearbyen. Den store offentlege eigarskapen er dels ein historisk konsekvens frå tida som «company town», men òg eit resultat av ei ønskt utvikling. Avgrensing i talet på bustader er dimensjonerande på innbyggjartal og aktivitet. Eigarskap til bustader og korleis ein forvaltar tilgangen til bustader, er eit viktig verkemiddel for å bidra til å utvikle Longyearbyen i samsvar med måla i svalbardpolitikken.

Tilgangen til bustad er knytt opp til behovet for å kunne jobbe og opphalde seg i Longyearbyen. Ein legg difor opp til at bustadene som hovudregel blir leigde ut til arbeidsgivarar, for vidareformidling til tilsette. Arbeidsgivarar som ikkje kan tilby bustad til arbeidstakarane sine, må dimensjonere verksemda si etter det. Med eit avgrensa bustadtilbod er det eit vesentleg omsyn å imøtekomme bustadbehovet til dei viktigaste samfunnsaktørane i Longyearbyen, innanfor både offentleg og privat sektor. Det inneber at det er, og skal vere, ei tildeling der viktige samfunnsoppgåver blir prioriterte høgare enn andre. Andre offentleg eigde bustader kan leigast ut til private arbeidsgivarar som bidrar til at ein når måla for svalbardpolitikken.

Det er gjort eit arbeid med å samle forvaltninga av den offentleg eigde bustadmassen i selskapet Store Norske Boliger (SNB), som er heileigd av Store Norske, og den statlege forvaltningsverksemda Statsbygg. Statsbygg kjøpte i 2021 bustadene til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). Ein tek sikte på at Statsbygg med tida òg overtar Longyearbyen lokalstyre sine bustader. Etter at bustadene er overførte til Statsbygg, vil Statsbygg vere ansvarleg for å skaffe til vegar bustader til dei tilsette i lokalstyret, gjennom Statsbygg sin bustadpool.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2026

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2026 er på 804 mill. kroner, samanlikna med 697,3 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2025. Dette er ein auke på 106,7 mill. kroner, dvs. ei endring på 15,3 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2026 er stipulert til 569,6 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 480, post 50 Tilskot.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2025 var 477 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet har ein foreslått å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 92,5 mill. kroner i 2026 samanlikna med saldert budsjett for 2025.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480, post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen under kap. 3030. Skatteinntektene for 2026 er budsjetterte til 230 mill. kroner. Anslaget for 2025 var på 215 mill. kroner. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2026. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 28,7 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er dei enkelte budsjettkapitla nærmare omtalte.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2026 blir det foreslått å løyve netto 2 121 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på kap. 480 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2025 var 1 185,9 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for bl.a. forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard.

Arbeidstilsynet utfører dei same oppgåvene på Svalbard som på fastlandet, men aktiviteten blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har bl.a. retta aktiviteten sin mot gruvedrift og byggje- og anleggsverksemd, og har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen på Svalbard.

4.1.2 Allmenngjeringslova

Stortinget har vedteke endringar i allmenngjeringslova slik at ho blir gjeldande på Svalbard. Kongen i statsråd bestemte at lova tok til å gjelde for Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. juli 2025.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er etablert med kontor i Longyearbyen, som organisatorisk og budsjettmessig er ein del av tilsynet sitt kontor i Tromsø. Dei tilsette ved kontoret er del av ei hospiteringsordning. For tida er det fire hospitantar ved kontoret i Longyearbyen, som medverkar i den samla tenesteproduksjonen til Forbrukartilsynet.

4.2.2 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om barnevernslovens anvendelse på Svalbard regulerer korleis barnevernslova gjeld på Svalbard, og fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som blir sette i verk på fastlandet.

Alle krav om refusjon skal fremmast for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Barne- og familiedepartementet foreslår at Bufetat ikkje lengre skal krevje eigendelar for barn frå Svalbard i deira tiltak på fastlandet. Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er difor i 2026 rekna til 0,5 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstønadlova gjeld for personar som er busette på Svalbard, og som er medlemmer i folketrygda, jf. kontantstønadlova § 2 tredje ledd og folketrygdlova § 2-3. Det er i 2026 venta 600 000 kroner i utgifter til kontantstønad for barn som er busette på Svalbard, på kap. 844 Kontantstønad, post 70 Tilskot.

4.2.4 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard, og som er medlemmer av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2-3. Ifølgje tal frå SSB budde det om lag 426 barn på Svalbard per 1. januar 2025. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2025 vedtok Stortinget å utbetale eit tillegg i barnetrygda på 500 kroner per månad til stønadsmottakarar busette på Svalbard frå og med oktober 2025. I 2026 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn som er busette på Svalbard, vil utgjere om lag 12,6 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

4.3 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

4.3.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg, til saman 18 eigedommar. Desse eigedommane er sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisterens administrasjonsbygg, Svalbard kyrkje og nokre lagerbygg. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og forskingsbygget til Norsk Polarinstitutt (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard skjer delvis over svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har ti tilsette. Tre av desse stillingane blir dekte over svalbardbudsjettet.

4.3.2 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit samarbeider med Sysselmeisteren på Svalbard.

4.3.3 Reservesatellittsamband

Eit forsterka reservesatellittsamband har vore operativt for Svalbard sidan 2022. Reserveløysingar for kommunikasjon til Svalbard er styrka, noko som gjer kommunikasjon til og frå Svalbard meir robust.

4.4 Energidepartementet

4.4.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Energidepartementet har ansvar for statlege forvaltningsoppgåver for førebygging av flaum og skred. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. Ansvarsområdet til NVE på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

NVE har regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. NVE tok i tillegg ansvar for ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen i perioden fram til dei permanente sikringstiltaka var ferdigstilte. Restrisiko tilseier at det framleis er behov for den lokale varslinga, og Longyearbyen lokalstyre har teke over ansvaret for denne varslinga.

Longyearbyen lokalstyre har ifølgje forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre eit ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når den lokale skredvarslinga vurderer at det er fare for at skred kan råke bygningar eller infrastruktur, blir lokalstyret og Sysselmeisteren kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak, t.d. auka overvaking eller evakuering. Skredfagleg konsulent og NVE kan bidra med faglege råd. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod dersom det er aktuelt.

Sjå elles omtale under punkt 2.2.3.3.

4.4.2 Regulering av energiforsyninga i Longyearbyen

Etter at kolkraftverket i Longyearbyen vart nedlagt, og i samband med at det blir etablert ny energiforsyning, er det behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen.

Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Forslaget vil bli sendt på høyring.

4.5 Finansdepartementet

4.5.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: Lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som t.d. kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er bl.a. å hindre at nokon utnyttar det gunstige skattenivået på Svalbard for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.5.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale under kap. 0022 Skattekontoret Svalbard. Svalbard skattekontor har bl.a. følgjande oppgåver:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • å behandle krav om refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale under punkt 4.7.2

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

  • å omregistrere køyretøy, utferde førarkort og gjennomføre teoriprøver for Statens vegvesen

4.5.3 Vareførselskontroll

Svalbard er eige tollområde, etablert i mai 2022. Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varesendingar både i Longyearbyen og i Barentsburg.

Dagens kontroll er basert på ei minimumsløysing utan bl.a. dei varslings-, melde- og opplysningspliktene som gjeld på fastlandet. Målet er at kontrollen med tida i størst mogleg grad bør svare til kontrollen på fastlandet, med enkelte moglege tilpassingar til dei lokale forholda på Svalbard, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen. Dette arbeidet vil gå over fleire år, og vil krevje endringar i dagens regelverk. Etaten vil i 2026 forsette arbeidet med å utvikle systemstøtte for tollområdet Svalbard.

Det er inga øyremerkt løyving på Tolletatens kapittel (kap. 1610) til vareførselskontroll på Svalbard, men om lag 25 mill. kroner vil gå til arbeidet på Svalbard i 2026.

4.5.4 Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar for befolknings- og næringsutvikling og for offentleg sektor, som jamleg blir oppdaterte. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

4.6 Helse- og omsorgsdepartementet

4.6.1 Helsetenester

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 732, post 75. Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal sørge for akuttmedisinsk beredskap og andre helsetenester på Svalbard, tilpassa dei lokale forholda. Dette gjeld likevel ikkje helsetenester som arbeidsgivaren pliktar å sørge for etter kgl.res. 7. august 1925 nr. 3767 om bergverksordninga for Spitsbergen (Svalbard). Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar, i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova. I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. Det blir utført poliklinisk utgreiing og behandling og unntaksvis små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Lengda på innleggingane blir vanlegvis avgrensa til tida det tek å avklare om pasienten skal anten utskrivast eller overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om bl.a. videobasert akuttmedisinsk konferanse, som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand når pasientar blir vurderte og behandla.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste (AMK Tromsø), akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning på Sysselmeisteren sine redningshelikopter med anestesilege frå Akuttmedisinsk klinikk, UNN, og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har ein beredskapsplan for større hendingar, som omfattar utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar. Longyearbyen sjukehus er knytt til nødkommunikasjonssystemet til Sysselmeisteren, men ikkje til nødnettet på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, bl.a. allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har tannlegeteneste. Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, skal få desse i heimkommunen sin på fastlandet eller i heimlandet.

Helse Nord RHF er representert i arbeidet i EPPR (Emergency Prevention, Preparedness and Response), eit arktisk samarbeid for å skape større redundans på behandling i arktiske forhold på tvers av landa i staden for å evakuere pasientane til fastlandet.

4.6.2 Det psykiske helsetilbodet

Under behandlinga i Stortinget av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, vart det ytra uro over utfordringar knytt til psykisk helse, særleg blant unge, og eit mangelfullt tilbod om psykologtenester i Longyearbyen, jf Innst. 36 S (2024–2025). Av innstillinga går det fram at det er viktig å legge til rette for at det psykiske helsetilbodet blir betre tilpassa behova, og at ungdom sine erfaringar og innspel blir teke omsyn til i denne tilpassinga.

På bakgrunn av dette fatta Stortinget følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen utrede hvilke tiltak som kan innføres for å styrke det psykiske helsetilbudet i Longyearbyen.».

Som det går fram av Meld. St. 26 (2023–2024) er Longyearbyen ikkje eit livsløpssamfunn, og det blir difor ikkje ytt omsorgstenester eller andre tenester av langvarig karakter. Helsetenesta på Svalbard er ikkje organisert på same måte som på fastlandet, der kommunane er forplikta til å sørgje for eit lokalt tilbod av helse- og omsorgstenester. Longyearbyen sjukehus har først og fremst ansvar for eit akuttmedisinsk tilbod og den helsemessige beredskapen, og pasientar som treng utgreiing eller tilvising til annan spesialist enn det sjukehuset kan tilby må få dette utført anten på fastlandet eller i heimlandet sitt.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre typar tenester som vanlegvis ikkje blir ytt på sjukehus og som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, omtala over. Sjukehuset har ikkje fast psykologteneste.

Psykiske helsetenester innan spesialisthelsetenesta på Svalbard blir teken hand om av Universitetssjukehuset Nord-Norge HF. Poliklinisk behandling blir utført av Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og Vaksenpsykiatrisk poliklinikk (VOP) i Tromsø. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, akuttinnlegging eller anna døgnbehandling blir aktuelle døgnplassar i Tromsø nytta. Oppfølging skjer gjennom det lokale hjelpeapparatet/ Longyearbyen sjukehus, og det kan bli gitt rettleiing frå fagmiljøa i Tromsø ved behov. Behandling av pasientar og oppfølging av familiar skjer som hovudregel via telefon/video eller ved at dei reiser til Tromsø for utgreiing/behandling.

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Norge HF har eit Svalbard-team som reiser fire gonger i året til Svalbard, der dei arbeider direkte med pasientane, familiane deira og det lokale hjelpeapparatet. Når det gjeld psykisk helsevern for vaksne blir telefon/video nytta, eller pasienten reiser til Tromsø for behandling. Det er mange studentar på Svalbard, og Helse Nord RHF gir ekstra tilskott til Norges arktiske studentsamskipnad for å sikre at det finst eit eige tilbod til studentar på Svalbard.

Helse Nord RHF opplyser at det blir jobba mykje med å auke den generelle behandlingskapasiteten, særleg poliklinisk ved BUP og VOP i Tromsø. Ei styrking av kapasiteten i desse tilboda vil òg sikre pasientar på Svalbard rask tilgang til behandling Det har over tid vore store utfordringar med kapasiteten, særleg for behandling av vaksne.

For ei nærare utgreiing av tilbodet til personar som oppheld seg på Svalbard, gitt rammene for helsehjelp på Svalbard og som ei oppfølging av oppmodingsvedtaket, har Helse- og omsorgsdepartementet gitt følgjande oppdrag til Helse Nord RHF i tilleggsdokument til oppdragsdokument 2025 av 4. juli 2025:

«Helse Nord RHF bes om å redegjøre for tilbudet til mennesker som oppholder seg på Svalbard og som har behov for psykisk helsehjelp, og om dette vurderes som tilstrekkelig opp mot registrerte behov for slik hjelp. Det vises til anmodningsvedtak nr 46 i behandling av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard: ’Stortinget ber regjeringen utrede hvilke tiltak som kan innføres for å styrke det psykiske helsetilbudet i Longyearbyen.’»

4.6.3 Helseberedskap

Ambulanseflya til Luftambulansetenesta dekker Svalbard. Tenesta er eigd, organisert og finansiert av dei regionale helseføretaka, og ho føreset spesiell planlegging då det i store delar av året er avgrensa kapasitet på gjennomføring. Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, er det etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, bidra i beredskapen knytt til Svalbard. Ved større ulukker kan avtalane Helsedirektoratet har om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land, løysast ut for å transportere medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuere skadde pasientar frå Longyearbyen.

4.6.4 Helsenettet

Norsk helsenett SF har ei eiga eining i Longyearbyen, med fem medarbeidarar. Norsk helsenett SF har i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrkt kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

4.7 Klima- og miljødepartementet

4.7.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard, med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område innanfor Longyearbyen planområde.

Miljøforvaltninga på Svalbard skal følgje opp dei fire nasjonale miljømåla for polarområda:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag.

  • Naturmangfaldet på Svalbard skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Det er vidare særskilde miljømål for øygruppa, som er omtala i svalbardmeldinga frå 2024. Det er bl.a. ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard og føre vidare dagens restriktive praksis for løyve til større naturinngrep utanfor planområda. Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å kartleggje og vurdere tiltak i lokalitetar med forureining i grunnen, og arbeide for å redusere anna lokal forureining og mengda av avfall. På kulturmiljøområdet vil ein i 2026 arbeide vidare med ei oppdatering av det nasjonale målet for kulturmiljø på Svalbard. Når det nasjonale målet er oppdatert, vil det vere ei prioritert oppgåve å utarbeida ein ny kulturmiljøplan. Oppdatert kunnskap om effektar av klimaendringar, aktivitet og ferdsel er viktig som grunnlag for miljøforvaltninga, og det er prioritert å styrke kunnskapsgrunnlaget om effekten av ferdsel.

4.7.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak som har til formål å beskytte miljøet på Svalbard. Fondet skal ikkje brukast til å dekke dei ordinære administrative utgiftene og oppgåvene til miljøforvaltninga, eller ordinær drift. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet.

Regjeringa foreslår for 2026 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 19,3 mill. kroner.

Kap. 1472, post 50 skal nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Posten er auka med om lag 0,7 mill. kroner.

4.7.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis. Instituttet gir råd til sentralforvaltninga, Miljødirektoratet og Sysselmeisteren på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal bidra til å fremme norske interesser på Svalbard, i Polhavet og i dei nordlege havområda og skal ta vare på infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, som omfattar bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til drift, vedlikehald og etablering av navigasjonsinnretningar, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt har ansvaret for leiinga av Ny-Ålesund forskingsstasjon. Instituttet har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund og er kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard.

Regjeringa foreslår for 2026 ei løyving på kap. 1471 Norsk Polarinstitutt på 726 mill. kr. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner for å oppretthalde instituttet sin totale forskingsfaglege aktivitet i polarområda, spesielt havområda. Eit viktig element er å styrke Norsk Polarinstitutt sine oppgåver med norsk forskingsleiing på Svalbard. Dette utgjer 7 mill. kroner av auken. Om lag 144 mill. kroner av forslaget til løyving for 2026 til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

Regjeringa vil styrke norsk forskingsleiing på Svalbard gjennom å etablere Svalbard forskingskontor, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) og Meld. St. 14 (2024–2025), med mål om oppstart i januar 2026. Svalbard forskingskontor skal bestå av ressursar frå Norsk Polarinstitutt og Noregs forskingsråd, jf omtale under 4.10.4.

4.7.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS er eit heileigd statleg selskap med hovudkontor i Ny-Ålesund. Kings Bay eig grunnen, infrastrukturen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og selskapet har ansvar for drift og utvikling av staden. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene til staten i selskapet. Eigarskapen medverkar til å støtte opp om dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund.

Utviklinga og forvaltninga av bygningsmassen, infrastrukturen og tenestetilbodet i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Meld. St. 26 (2023–2024) og forskingsstrategien for Ny-Ålesund forskingsstasjon.

Hovudoppgåva til Kings Bay AS er å leggje til rette for forskingsmiljøa i Ny-Ålesund, i tett dialog med Norsk Polarinstitutt. Kings Bay AS leiger ut 14 forskingsbygg til forskingsinstitusjonar frå ulike nasjonar. Om lag 20 forskingsinstitusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Kings Bay AS eig og held ved like den største samlinga av automatisk freda bygningar på Svalbard.

Selskapet er avhengig av tilskot frå statsbudsjettet for å utføre dei pålagde samfunnsoppgåvene. Tilskotet skal dekke investeringar og ev. driftsunderskot i Kings Bay AS.

For 2026 foreslår regjeringa å løyve 85,1 mill. kroner til Kings Bay AS på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, kap. 1473, post 70.

4.7.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). For 2026 blir det foreslått å nytte 24,8 mill. kroner til formålet. jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet på svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0019, der det er foreslått ei løyving på 8,7 mill. kroner.

4.8 Kommunal- og distriktsdepartementet

4.8.1 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk driftar eit geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane er del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar og målingar mot kvasarar og måle endringar i det lokale tyngdefeltet og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler endringar på jorda og jordplateforskyvingar frå verdsrommet. Dette gir òg grunnlag for å overvake havis som smeltar, og endringar i havnivået.

Kostnadene til drift av observatoriet har auka, bl.a. som følgje av auka utgifter til husleige.

Regjeringa foreslår ei løyving på 33 mill. kroner på post 30 Geodesiobservatoriet, jf. vedlegg 1. Det er òg foreslått å løyve 16,3 mill. kroner til drift av det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund i 2026 på post 01 Driftsutgifter.

4.8.2 Kartlegging og sjømåling

Landkartlegginga på Svalbard ligg til Norsk Polarinstitutt. For matrikkelføringa av eigedommar har Kartverket det same ansvaret som på fastlandet.

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2024 vart sjømålingssesongen utvida i områda rundt Svalbard. Sesongen vart forlengd til slutten av september som følgje av eit ønske om å prioritere ikkje-sjømålte område på Svalbard, og for delvis å kompensere for at det ikkje vart utført sjømåling i 2023. I 2024 vart det utført målingar i utvalde område rundt Spitsbergen, ved innseglinga til Bellsund, Borebukta i Isfjorden, St. Jonsfjorden, delar av Woodfjorden og farleier knytte til Hinlopenstretet.

I 2025 har Kartverket planlagt sjømålingsaktivitet i 12 veker, avhengig av isforholda. Hovudvekta blir lagd på prioriterte område rundt Spitsbergen, som inneber gjenståande område som var planlagde for 2024, men hovudsakeleg Hinlopenstretet. Kostnaden per måledøgn er om lag 205 400 kroner. For 2026 planlegg Kartverket 12 veker med sjømålingsaktivitet. Endelege område for planlagd sjømåling i 2026 er avhengig av sjømåling i 2025 og eventuelle nye behov og prioriteringar. Sjømåling på Svalbard er avhengig av gode vêr- og isforhold.

Figur 4.1 Planlagde område for sjømåling i midtre Hinlopenstretet i 2025 er markerte i gult.

Figur 4.1 Planlagde område for sjømåling i midtre Hinlopenstretet i 2025 er markerte i gult.

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

Midlar til sjømåling blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Midlane til å prosessere og gi ut kart over Svalbard er ikkje øyremerkte på posten.

Regjeringa foreslår at om lag 17 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til sjømåling og til å prosessere og gi ut kart i 2026, jf. vedlegg 1.

4.9 Kultur- og likestillingsdepartementet

4.9.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Museet er innlemma i Det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum får museet midlar over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

I 2024 hadde Svalbard Museum om lag 54 000 besøkande.

For 2025 er det løyvd 2,3 mill. kroner i ordinært driftstilskot til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett. Regjeringa foreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket i 2026, jf. vedlegg 1.

Svalbard Museum får løyving på svalbardbudsjettet òg, jf. omtale under kap. 0004, post 70.

4.9.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum viste i 2024 tre større utstillingar i lokala til kunstsenteret Nordover i Longyearbyen.

4.9.3 Stiftinga Artica Svalbard

Formålet med stiftinga er bl.a. å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet og å styrke den kulturelle og kreative næringa på Svalbard. Regjeringa foreslår ei løyving på 3,2 mill. kroner til Artica Svalbard på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda, jf. vedlegg 1.

4.9.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 240 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda, jf. vedlegg 1. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala. Svalbardposten fekk 1,2 mill. kroner i produksjonstilskot i 2024.

4.10 Kunnskapsdepartementet

4.10.1 Barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1219) og forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen (forskrift 21. juni 2024 nr. 1103) regulerer høvesvis barnehage- og grunnopplæringsverksemda i Longyearbyen.

Forskriftene er utarbeidde med utgangspunkt i svalbardpolitikken. Barn og unge i Longyearbyen skal ha eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet. Samstundes gir svalbardpolitikken føresetnader som inneber at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med fastlandet.

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, plikta Longyearbyen lokalstyre har til å ha eit barnehagetilbod, og i kva utstrekning barnehagelova med forskrifter gjeld for barnehagetilbodet i Longyearbyen. Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, rett og plikt til grunnskuleopplæring og i kva utstrekning opplæringslova med forskrifter gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Forskriftene gjeld for barnehage- og grunnopplæringsverksemd innanfor Longyearbyen arealplanområde.

Kunnskapsdepartementet har fastset endringar i forskriftene om barnehage- og opplæringsverksemd. Endringane inneber ei tydeleggjering av kva for reglar i forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring (opplæringsforskrifta) som gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Endringane er også ei oppfølging av tiltak i svalbardmeldinga om å forskriftsfeste Sysselmeisteren på Svalbard si rolle i tilsyns- og klagesaker på barnehage- og opplæringsområdet. Formålet er å sikre at dei avgjerdene som blir tekne, er i tråd med svalbardpolitikken. Endringane tok til å gjelde 1. august 2025.

Frå 1. august 2024 vart maksimalprisen for barnehage redusert til 2 000 kroner per månad, og maksimalprisen vart nominelt vidareført frå 1 januar 2025. I samband med behandlinga av revidert budsjett 2025 i Stortinget vart maksimalprisen ytterlegare redusert med 800 kroner per månad til 1 200 kroner frå 1. august 2025. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å vidareføre maksimalprisen nominelt på same nivå frå 1. januar 2026. Som kompensasjon for heilårseffekten av endringa i revidert budsjett 2025 og nominell vidareføring i 2026 blir det foreslått å løyve 0,8 mill. kroner over kap. 480, post 50. På svalbardbudsjettet blir løyvinga plassert på kap. 0003 post 50.

Midlar til drift av barnehagar og skular på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.10.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. UNIS vart etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studiar og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. Senteret medverkar òg til å representere og sikre norske interesser i Arktis og til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, med studentar og fastbuande forskarar med familiar.

Målet med tilskotet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske utdanningsinstitusjonar. I 2024 var det studentar frå 41 nasjonar ved UNIS. Det var 44 pst. av studentane som kom frå studieprogram ved norske universitet, og 29 pst. av studentane ved UNIS var norske statsborgarar. Det vart utført 204 studentårsverk i 2024, som er 7 fleire enn i 2023. Det var 19 stipendiatar og 2 postdoktorar ved UNIS i 2024. Per 31. desember 2024 hadde UNIS 126 tilsette.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 fekk UNIS ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner som følgje av høge kostnader ved å drive høgare utdanning og forsking på Svalbard. Det auka tilskotet vart vidareført i 2025 for at universitetssenteret skulle kunne oppretthalde tilboda.

Regjeringa foreslår å løyve 190,7 mill. kroner til UNIS i 2026 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 274, post 70, jf. vedlegg 1.

4.10.3 Dei tidlegare studentbustadene i Nybyen

Dei nye studentbustadene på Elvesletta vart opna i 2021. Desse bustadene erstatta dei tidlegare studentbustadene, som ligg i eit skredutsett område i Nybyen. Tilskot til dei nye studentbustadene på Elvesletta blei gjeve med føresetnad om at dei tidlegare studentbustadene skulle overdragast vederlagsfritt til ein statleg aktør, jf. Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

I påvente av ei avklaring av situasjonen for dei tidlegare studentbustadene i Nybyen har Noregs Arktiske Studentsamskipnad blitt kompensert for meirkostnader knytte til drift av desse bustadene, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet, kap. 270, post 74.

Før bygningane i Nybyen eventuelt blir overdratt til ein statleg aktør, har Kunnskapsdepartementet gitt samskipnaden i oppdrag å avklare om det er mogleg å sanere bygningane. Det krev ein arealplanprosess, fordi bygningane i Nybyen er sette til bevaring i arealplan for Longyearbyen.

4.10.4 Noregs forskingsråd

På oppdrag frå Forskingsrådet leverte Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i september 2024 kvar sin rapport om ressursbruk og resultat for norsk svalbardforsking.

SSB-rapporten (SSB 2024/30) viste ein nedgang i talet på norske forskarårsverk knytte til Svalbard på om lag 40 pst. frå 2018 til 2022. Det er ein markant reduksjon, som delvis kan forklarast med pandemien, men talet på årsverk i svalbardforskinga sin del av den totale norske polarforskinga har òg gått ned i same periode, frå om lag 30 pst. til 22 pst. Rapporten viser at dei mest sentrale forskingsinstitusjonane har oppretthalde omfanget, medan den største nedgangen har komme hos dei aktørane som utfører lite polarforsking, særleg næringslivet. Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet er den største bidragsytaren i norsk svalbardforsking, med UNIS og Norsk Polarinstitutt på dei neste plassane.

NIFU-rapporten (NIFU 2024:12) viser at Noreg er den klart største forskingsnasjonen på Svalbard, målt i vitskapleg publisering, meir enn dobbelt så stor som den neste på lista, som er Polen. NIFU viser at norsk publisering frå Svalbard har hatt ein auke på 7 pst frå 2013 til 2022, noko som er ein låg vekst samanlikna med veksten i samla norsk forsking i same periode. NIFU-tala viser òg at publiseringa var høgare i åra 2016–2020, og at pandemien kan vere årsak til lågare publisering etter 2020. På grunn av god tilgang på data frå automatiske måleinstrument er berre 47 pst av dei norske forskarårsverka utførte på Svalbard.

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike tema og fagdisiplinar. Om ein ser bort frå store nasjonale investeringar i t.d. forskingsfartøy og -stasjonar, blir om lag 20 pst. av norsk polarforsking (om lag 325 mill. kroner i 2024) finansiert gjennom Noregs forskingsråd. Av dette er om lag 22 pst. svalbardrelevant forsking. Konkurransemidlane til polarforsking i Noregs forskingsråd utgjer om lag 5 pst. av norsk polarforsking og fekk midlar frå Kunnskapsdepartementet (om lag 77 mill. kroner, kap. 285, post 51) og Klima- og miljødepartementet (8 mill. kroner, kap. 1410, post 51) i 2024. Med den nye porteføljestyringa i Forskingsrådet blir polarforskinga sett i samanheng med andre relevante tema, særleg program knytte til klima/miljø og hav. Det gjeld òg forsking som skjer på Svalbard, og forsking om Svalbard. Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemda på øygruppa.

Noregs forskingsråd har eit eige svalbardkontor, lokalisert i Forskingsparken i Longyearbyen. Hovudoppgåva er å bidra til eit tydeleg norsk vertskap gjennom koordinering av forskinga på Svalbard. Verkemidla til svalbardkontoret er retta inn mot å styrke forskingssamarbeidet nasjonalt og internasjonalt. Svalbardkontoret er både leiar av og sekretariat for Svalbard Science Forum. Forskingsrådet er hovudeigar og har ansvaret for nettportalen Research in Svalbard (RiS). Ein viktig del av arbeidet til svalbardkontoret er fagleg rådgiving til Sysselmeisteren i samband med behandling av søknader om forskingsløyver.

Som oppfølging av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard sende Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet i mars 2025 eit felles oppdragsbrev til Noregs forskingsråd og Norsk Polarinstitutt, der dei to institusjonane blei bede om å etablere eit nytt Svalbard forskingskontor (SFK) saman. Formålet til SFK vil vere å sørgje for ei meir tydeleg norsk forskingsleiing som bidrar til nasjonal kontroll, oppfølging og gjennomføring av mål, forventningar og rammevilkår som følger av relevante styringsdokument for forskingsverksemd på Svalbard. Slike dokument er til døme svalbardmeldinga og strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, samt relevant regelverk. SFK skal lage ein årleg rapport om all forskingsaktiviteten på Svalbard. Det er eit mål at kontoret skal vere i gang frå januar 2026.

Nettportalen Research in Svalbard (RiS) inneheld ei oversikt over norske og utanlandske forskingsprosjekt som er i gang på Svalbard og i havområda rundt. Dei fleste forskingsprosjekta på Svalbard blir registrerte i portalen, og alle prosjekt som søker Sysselmeisteren om løyve eller Forskingsrådet om finansiering, skal vere registrerte i RiS. Det same gjeld alle prosjekt som inneber at ein oppheld seg i Ny-Ålesund. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsprosjekt på Svalbard, og gir oversikt over aktiviteten som skjer i felt. Ved første gongs registrering gjer Forskingsrådet ei vurdering av kor vidt det er reelle forskingsaktørar og forskingsprosjekt som blir registrerte i RiS.

Forskingsrådet finansierer to støtteordningar (Arctic Field Grant og Strategic Field Grant) som stimulerer til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard og rekruttering av neste generasjon polarforskarar.

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk. Rolla blir enda viktigare etter utfasinga av gruveverksemda. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktivitet i Ny-Ålesund.

Forskingsrådets forskingsstrategi for Ny-Ålesund blir følgd opp av Norsk Polarinstitutt, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee).

Regjeringa foreslår å finansiere forskingsprogrammet Polhavet 2050 med til saman ein milliard kroner over 10 år, med oppstart i 2026. Programmet blir finansiert gjennom Kunnskapsdepartementet si tildeling til Forskingsrådet. Det vil ikkje bli utført forsking på Svalbard gjennom dette programmet, men tokta med FF Kronprins Haakon vil ha Svalbard og Longyearbyen som utgangspunkt.

4.10.5 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule hadde sitt sjette driftsår skuleåret 2024–2025 og medverkar til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Hausten 2024 gjekk det om lag 60 elevar ved skulen, ein nedgang frå 2023. Skulen held til i lokale som dei leiger av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Skulen er eigd av KFUK-KFUM Noreg saman med Longyearbyen lokalstyre.

Svalbard folkehøgskule får eit ekstratilskot fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd 15,8 mill. kroner i ekstratilskot. I revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart dette ekstratilskotet auka med 1,5 mill. kroner for å sikre skulen ei økonomisk berekraftig drift. Dette er foreslått vidareført i statsbudsjettet for 2026. Det ordinære tilskotet til Svalbard folkehøgskule i 2026 blir fastsett etter at denne proposisjonen er lagd fram. Det er foreslått å løyve midlane på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 253, post 70, jf. vedlegg 1.

4.10.6 Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utvikle og utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) leverer bl.a. tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR). SIOS KC vart evaluert i 2024. Hovudkonklusjonen i evalueringa var at senteret har vore effektivt i å koordinere arktisk forskingsinfrastruktur på Svalbard.

4.10.7 EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter) er eit internasjonalt vitskapleg forskingsinfrastruktursamarbeid. EISCAT driv fem store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og den øvre atmosfæren til jorda i dei nordlege delane av Fennoskandia. EISCAT har hovudkontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard (to anlegg). EISCAT er frå 2025 eigd og drifta av eit svensk aksjeselskap (EISCAT AB), med Noreg, Sverige og Finland som eigarar.

4.11 Landbruks- og matdepartementet

4.11.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er verdas største tryggingslager for frø til mat og landbruksformål. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard, og eit kjøleanlegg sørger for at lagringstemperaturen for frøa blir ideell. Statsbygg forvaltar bygningane til frøkvelvet. Landbruks- og matdepartementet driftar frøkvelvet saman med partnarane Nordisk Genressurssenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust.

4.12 Nærings- og fiskeridepartementet

4.12.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet forvaltar all statleg eigd grunn på Svalbard direkte, gjennom lokalkontor i Longyearbyen. All bruk av statens grunn på Svalbard krev samtykke frå Nærings- og fiskeridepartementet. Gjennom eigarskap til grunnen kan departementet bidra til å leggje til rette for ei utvikling i tråd med rammene for svalbardpolitikken.

4.12.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925. DMF forvaltar òg utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på land på Svalbard. DMF tildeler utmål, gir råd og rettleiing om og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med verksemd som er i gang, og med opningane på nedlagde gruver. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Etter gjeldande praksis skal Sysselmeisteren i slike saker fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument i samråd med DMF.

DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen skal DMF sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard i størst mogleg grad blir forvalta og utnytta heilskapleg, i tråd med dei svalbardpolitiske måla og bergverksordninga.

4.12.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Longyearbyen lokalstyre avgjorde hausten 2021 at kolkraftverket skulle stengast, og lokalstyret sa samstundes opp avtalen med Store Norske om levering av kol. Som følgje av dette og den økonomiske situasjonen til Gruve 7 bestemte styret i Store Norske våren 2021 at produksjonen i gruva skulle avsluttast og oppryddinga av gruva starte så snart kolkraftverket i Longyearbyen var stengt ned. Med bakgrunn i marknadssituasjonen for kol kom Store Norske i 2022 til semje med ein av dei store industrikundane sine om framleis å levere kol til industriproduksjon fram til sommaren 2025. Avtalen gjorde at Store Norske fekk ta ut dei tilgjengelege kolreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag, og at det ikkje var behov for driftstilskot frå staten i resten av driftsperioden. Frå dette tidspunktet reknar ein med at dei salbare ressursane har blitt produserte, og at ein har brukt opp maskiner og infrastruktur.

Gruve 7 vart avslutta sommaren 2025, og arbeidet med å rydde opp etter gruveverksemda er satt i gang. Store Norske har utarbeida ein avslutningsplan og eit kostnadsoverslag for oppryddinga. I samband med avviklinga av kullverksemda har Store Norske vurdert at det òg er behov for å gjennomføre tiltak ved Gruve 5 og 6 og det tidlegare brannøvingsområdet i Longyearbyen, i tillegg til stenging av gasshol i Adventdalen og opprydding ved Sjøskrenten. Selskapet har opplyst at det ikkje er behov for statleg tilskot til oppryddinga i 2025.

Oppryddingskostnadene er vurderte til 259 mill. 2025-kroner. Store Norske har vurdert at selskapet kan dekkje 130 mill. kroner av dette sjølv. Det er usikkert når levering av kol vil bli gjennomført og når inntektene kjem som følgje av det. Det vil difor vere behov for mellomfinansiering i form av ein kortsiktig lånefasilitet på 57 mill. kroner. På denne bakgrunnen har styret bede om tilskot på 134 mill. kroner for 2026 til dekning av oppryddingskostnadene for 2026. I tråd med dette tilrår regjeringa ei løyving på 134 mill. kroner til Store Norske for å dekke oppryddingskostnadar etter koldrifta. Regjeringa tilrår òg at staten stiller til rådvelde ein kortsiktig lånefasilitet på inntil 57 mill. kroner i 2026 om selskapet ikkje får finansiert dette gjennom ein ekstern bank. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – overvaking etter miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

I 2017 slutta Stortinget seg til at kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) i Svea og Lunckefjell skulle avviklast, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samstundes bestemt at ein skulle setje i gang opprydding i området. Målet for oppryddingsprosjektet var at det skulle gjennomførast så kostnadseffektivt som mogleg, innanfor dei rammene som miljømyndigheitene hadde sett. Arbeidet var delt opp i tre fasar: Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B. Svea fase 2B starta opp våren 2021 og vart ferdig hausten 2023. Miljøprosjektet vart formelt overlevert til myndigheitene i august 2024.

Store Norske er pålagt av miljømyndigheitene å etablere eit overvakingsprogram etter at prosjektet er avslutta. Overvakingsprogrammet starta opp i 2025 og vil vare i om lag 20 år. Regjeringa foreslår ei løyving på 518 000 kroner til Store Norske i 2026 for gjennomføring av overvakingsprogrammet. Regjeringa foreslår vidare fullmakt til å gi tilsegn om løyving i seinare budsjetterminar for inntil 9,3 mill. kroner for gjennomføring av overvakingsprogrammet i Svea og Lunckefjell. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.5 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – overføring av Svalbard Energi AS frå Longyearbyen lokalstyre

Sjå utvida omtale av forslaget under 2.2.3.4.

Det er inngått avtale om overføring av Svalbard Energi AS frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Salsprisen er avtalt til ei krone, mot at to særskilte vilkår blir oppfylte, omtala over. Det er lagd opp til at overføringa skjer så raskt som mogleg.

Etter overføringa vil Store Norske oppgradere energiforsyninga i Longyearbyen. Ein viser elles til utvida omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.6 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – endring av staten sitt mål som eigar

Statens mål som eigar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) går fram av Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper. Her står det bl.a. at målet er «kostnadseffektiv og stabil produksjon av kull til kullkraftverket i Longyearbyen».

For å reflektere at verksemda i Gruve 7 no er avslutta, og at det ein framover legg opp til at Store Norske vil ha ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, er det behov for å endre staten sitt mål som eigar i selskapet. Frå 2026 legg regjeringa opp til at staten sitt mål som eigar i Store Norske skal vere kostnadseffektiv og stabil produksjon og distribusjon av straum og varme, og kostnadseffektiv forvaltning og utvikling av bustader i Longyearbyen. For annan verksemd er staten sitt mål som eigar høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammar. Ein vil vidareføre prinsippet om at all verksemd i selskapet, som det mest tungtvegande omsynet, skal utøvast for å understøtte måla for svalbardpolitikken. Endringa i staten sitt mål som eigar medfører ikkje endring i kategoriseringa av Store Norske, og selskapet vil framleis vere eit kategori 2-selskap, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.7 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Svalbard Reiselivsråd hadde 71 verksemder som medlemmer gjennom 2024.

Tilskotet til Visit Svalbard skal bidra til at reiselivsaktiviteten støttar opp under måla for svalbardpolitikken, bl.a. ved å samle næringa for å utvikle tenlege retningsliner for reiselivsaktiviteten, skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området, hjelpe sentrale myndigheiter med politikkutvikling og vareta fellesoppgåver som drift av heilårig turistinformasjon. Sjå nærmare omtale av reiseliv under punkt 2.2.4.1.

Regjeringa foreslår å løyve 3,7 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 74.

4.12.8 Næringstiltak

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som byggjer opp under måla i svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,7 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2026. Forslaget fordeler seg slik:

  • 1,4 mill. kroner på kap. 920 Noregs forskingsråd, post 50 Tilskot til næringsretta forsking

  • 2,3 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 50 Tilskot til etablerarar og verksemder, inkl. tapsavsetningar

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast

Regjeringa foreslår å vidareføre ei øyremerking på 1,4 mill. kroner til verkemiddel for næringsretta forsking på Svalbard, innanfor løyvinga til Forskingsrådet. Regjeringa foreslår òg å vidareføre ei øyremerking på 2,3 mill. kroner i løyvinga til Innovasjon Noreg, til arbeid med innovasjon og næringsutvikling på Svalbard, som kjem i tillegg til unytta midlar til formålet frå tidlegare år. Vidare foreslår regjeringa å løyve 1,0 mill. kroner til næringsarbeidet til Longyearbyen lokalstyre, og 1,0 mill. kroner til Arctic Safety Centre ved Universitetssenteret på Svalbard, til saman 2 mill. kroner.

4.12.9 Romverksemd

Svalbard har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For programperioden 2021–2027 har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Romprogrammet vart teke inn i EØS-avtalen hausten 2021. Norsk deltaking i EUs romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga støttar opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Satellittane til Space Norway AS, som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis, vart skotne opp 12. august 2024.

Regjeringa foreslår å løyve 686,4 mill. kroner til norsk deltaking i romprogramma til EU på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

4.12.10 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) i nærleiken av Longyearbyen vart offisielt opna i 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner, og styrer òg desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.12.11 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund er eigd av Andøya Space AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Defence & Aerospace AS (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi.

4.12.12 Nytt sjøfibersamband mellom Svalbard, Jan Mayen og fastlandet

Dagens sjøfibersamband mellom Harstad og Longyearbyen når slutten av si estimerte tekniske levetid i 2028, og må erstattast for at stabilt telekommunikasjonssamband til Svalbard skal kunne oppretthaldast. Stortinget gav gjennom vedtaket av Prop. 47 S (2024–2025) regjeringa fullmakt til å skaffe nytt sjøfibersamband til Svalbard og Jan Mayen frå Space Norway AS, innanfor ei kostnadsramme på 2 835 mill. kroner. Arbeidet med å etablere sambandet er i gang, og botnkartlegging vart gjennomført sommaren 2025. Sambandet skal vere operativt frå 2028.

4.13 Samferdselsdepartementet

4.13.1 Posten

Posten Bring AS, tidlegare Posten Noreg AS, utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2026 knytt til leveringspliktige posttenester på Svalbard. Frakt av postsendingar skjer i dag med fly og frakteskip. I postlova § 10 er det krav om at prisen på leveringspliktige posttenester skal vere kostnadsorienterte og overkommeleg prisa. Sidan 2004 har det vore eit pristillegg for lettgods til og frå Svalbard. I 2023 vart tillegget fjerna for den leveringspliktige posttenesta Noregspakke Stor, som følgje av at desse pakkene no blir frakta med skip til og frå Svalbard.

4.13.2 Svalbard lufthamn

Svalbard lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og fastlandet og har difor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt. Frå lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom fastlandet og øygruppa, i tillegg til chartertrafikk og lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Samla reiste 184 856 passasjerar over Svalbard lufthamn i 2024. Det er ein auke på 17 337 passasjerar frå 2023. Talet på flyrørsler med rutefly var om lag 9 pst. høgare enn i 2023, med til saman 1 272 rørsler. Trafikken til Ny-Ålesund var i 2024 på om lag same nivå som i 2023.

Svalbard lufthamn AS går jamleg med underskot og får årlege driftsvederlag frå morselskapet Avinor AS for å dekkje underskotet. I 2024 utgjorde driftsvederlaget 91,2 mill. kroner, opp frå 70,5 mill. kroner i 2023. Svalbard lufthamn AS hadde i 2024 utgifter på 22,6 mill. kroner til opprydding av forureina grunn etter pålegg frå Miljødirektoratet. I 2025 er det avsett 2,7 mill. kroner til vidare opprydding.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2026

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2024, vedteke budsjett for 2025 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2026. Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2024 finst i Meld. St. 3 (2024–2025) Statsrekneskapen 2024.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Utgifter

806 070

697 339

804 028

Inntekter

801 866

697 339

804 028

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Pst. endr. 25/26

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

6 000

6 230

6 500

4,3

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

359 400

281 670

240 404

-14,7

0004

Tilskot til Svalbard Museum

14 900

15 470

16 000

3,4

0005

Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)

96 782

95 500

106 038

6,0

0006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)

244 623

266 199

282 724

11,0

0007

Tilfeldige utgifter

54 018

0

0

0,0

0008

Tilskot til energistøtte i Longyearbyen

0

0

118 800

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 479

2 490

2 580

3,6

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

2 476

2 540

2 632

3,6

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

4 100

4 250

4 403

3,6

0018

Navigasjonsinnretningar

4 255

4 750

5 050

6,3

0019

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

8 141

8 400

8 702

3,6

0020

Statsbygg, Svalbard

2 373

2 500

2 590

3,6

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

6 524

7 340

7 604

3,6

Sum kategori 06.80

806 071

697 339

804 028

15,3

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Pst. endr. 25/26

01–23

Driftsutgifter

366 967

389 219

417 120

7,2

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

54 704

500

800

60

50–58

Overføringar til andre statsrekneskapar

363 500

285 920

244 807

-14,4

70–89

Overføringar til private

20 900

21 700

141 300 651,2

Sum under departementet

806 071

697 339

804 028

15,3

Tabellen ovanfor viser postgruppe for 2024 på dei postane løyvinga er plassert på i 2026.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Pst. endr. 25/26

3005

Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)

6 699

3 300

3 300

0

3006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)

237

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

270

270

270

0

3030

Skattar og avgifter

239 968

216 219

230 396

6,6

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

554 692

477 050

569 562

19,4

Sum kategori 06.80

801 866

697 339

804 028

15,3

Fotnotar

1

Klimaprofil for Longyearbyen, Norsk klimaservicesenter 2019