Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)

TBU la måndag 23. november fram haustrapporten for 2014. Rapporten tek sikte på å gje informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2015.

TBU la måndag 23. november fram haustrapporten for 2014. Rapporten tek sikte på å gje informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2015.

Rapporten inneheld mellom anna situasjonsforståinga til utvalet, nye berekningar av effektivitetsutviklinga i sektoren frå 2013 til 2014 og produksjonsindeksar for kommunane for 2014.

Utvalet skriv i sin situasjonsforståing at aktivitetsveksten i 2015 er estimert til 1,8 prosent, som er noe lågare enn inntektsveksten. Investeringane veks raskare enn inntektene, medan sysselsettingsveksten er venta å ta seg opp i 2015, men då frå låge nivå i 2013 og 2014. Veksten i sysselsettinga (1,2 prosent) er framleis lågare enn inntektsveksten. Utvalet ventar ut frå dette at netto  driftsresultat for sektoren vil gå svakt opp i 2015 samanlikna med 2014 (1,5 pst.).

Les TBU-rapporten (pdf)