Riksteaterlova
Lov om Riksteatret [riksteaterlova]
Lover | Dato: 13.12.1948 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Riksteaterlova er ei norsk lov om etablerar og regulerer Riksteatret. Riksteateret er eit omreisande teater underlagd Kultur- og likestillingsdepartementet med formål å spreie kultur rundt omkring i landet, særleg utanfor dei største byane. Lova bestemmer formålet til Riksteatret og korleis det skal oppnåast, korleis Riksteatret skal finansierast og korleis Riksteatret sitt styre skal vere organisert.
Riksteatret var ein del av den kulturelle gjenreisninga i Noreg etter andre verdskrigen. Tanken om eit teater for større delar av folket hadde sterk appell i mange europeiske land allereie i 1920-åra. I Noreg dukka tanken om eit riksteater opp i 1935, men først etter 1945 kom det fart i arbeidet. Riksteatret presenterte si første framsyning, Ei reise i natta av Sigurd Christiansen, i Kirkenes 16. juli 1949, og i 1950 fekk teateret eit eige, fast ensemble.