St.meld. nr. 22 (2005-2006)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2006, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2006 blei partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 471.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten er derfor ikkje sett høgare enn til 21.000 tonn for 2006. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 120.000 tonn for 2006. Ettersom loddebestanden er på eit botnnivå, blei det heller ikkje i 2006 opna for fiske etter lodde. Noreg og Russland er også for 2006 samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar.

Russland fastsette unilateralt ei kvote på kongekrabbe på 3 millionar krabbar i 2006, mens Noreg fastsette ei norsk kvote på 300.000 tonn. I forståing med Russland har Noreg i 2006 vidareført vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26° austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2005 har vore arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Det blei i samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2006 vedteke ei rekkje tiltak for å få bukt med det ulovlege fiske som skjer i Barentshavet

Som for 2005, speglar også kvoteavtalen med EU for 2006 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å redusere kvoten på torsk ytterlegare slik at den no er den lågaste nokosinne. Vidare er totalkvotane for hyse, sei og raudspette reduserte frå 2005 til 2006. Noreg og EU er dessutan samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre utnyttinga av botnfisk.

I 1999 blei Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart av åra 2001til 2006.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla «referanse-TAC», som var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2006. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 42.289 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2006 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2006 med Færøyane og Grønland. Det er for 2006 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2005 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2006. Noreg og EU har likevel inngått ein bilateral avtale om norsk vårgytande sild for 2006. I tillegg har Noreg inngått ein førebels tosidig avtale med Russland for 2006. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske sild etter tradisjonelt mønster i NØS nord om 62ºN og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. 16. desember 2005 underteikna partane ein kyststatsavtale om kolmule. Avtalen tek opp i seg ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein reduksjon i fiske til forvaltningsmåla er nådd.

Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2005 einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2006 og fastsette ei totalkvote på 62.416 tonn. Av dette har Noreg ein andel på 2.231 tonn. Russland har reservert seg mot reguleringa i NEAFC.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2006 er, som i åra 2001 til 2005, ein totalkvote for begge områda. Den norske totalkvoten for 2006 er totalt på 3.331 tonn etter overføringar som følgje av kvoteavtalane med EU og Grønland.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1.985 fiskedøgn i 2006, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2005 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR, ICCAT og SEAFO.

Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). Rådgivinga frå ICES utarbeidast av Den rådgivande komitéen for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, samt seinast i desember 2005 for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy er no underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare kan alle norske fartøy, uavhengig av størrelse, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy blir underlagt krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone i tråd med tidspunkta som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eitt sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg, og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN fullt ut i 2004 og 2005, medan det sto noko att av hysekvoten i begge desse åra.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2004 og makrell i 2005, medan det sto att ein rest av seikvoten begge åra og sild i 2005. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane blei ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman blei det i 2004 fiska 456.000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2005 blei fiska 473.000 tonn. I 2004 og 2005 blei kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 47 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2004 og om lag 66 % i 2005. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska nesten heile botnfiskkvoten i både 2004 og 2005.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir stort sett godt utnytta.

I sesongen 2004/2005 nytta dei norske fartøya nesten heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2004 og 2005.

Rekefisket ved Flemish Cap blei innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten. Det var fem fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2004, medan to fartøy deltok i 2005.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14.600 tonn begge åra. I 2004 blei det fiska om lag 7.650 tonn, i 2005 om lag 3.800 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EUs fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EUs fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane, med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 83 % og 93 % i 2004 og 2005.

I 2004 fiska Færøyane 54 % av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan 33 % av seikvoten blei utnytta i 2005. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2004 og 2005.

Grønland har sidan kvoteavtalen blei inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2004 og 2005 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen.

Til forsida