St.meld. nr. 23 (2004-2005)

Om bruk av karantene for politisk leiing i departementa ved overgang til stilling utanfor staten

Til innholdsfortegnelse

3 Retningslinjer for politisk leiing i departementa

3.1 Hovudlinjene

Regjeringa ser det som viktig at dei retningslinjer for karantene mv. som blir gjorde gjeldande for embets- og tenestemenn, i størst mogleg grad blir lagde til grunn også ved overgang frå politiske stillingar i departementa til stillingar utanfor statsforvaltninga.

Hovudlinjene i retningslinjer for embets- og tenestemenn er følgjande:

Karantene skal berre nyttast i spesielle tilfelle der ein må ta vare på staten sine interesser, og der det er viktig å oppretthalde ålmenta si tillit til styresmaktene. Ein skal kunne få karantene i inntil 6 månader etter at ein har gått av. Dette inneber at arbeidstakaren må vente i seks månader med å ta til i eit eventuelt nytt arbeidsforhold. Likeins er det høve til å gi saksforbod i inntil eitt år etter avgang. Ein kan gi saksforbod i staden for eller i tillegg til karantene, likevel ikkje meir enn eitt år til saman. Med saksforbod meiner ein eit forbod mot at arbeidstakaren involverer seg i saker eller saksfelt der tidlegare arbeidsgivar er delaktig i saken eller saksfeltet. Saksforbod skal berre gjerast gjeldande for saker og på saksfelt den tidlegare tilsette var personleg og vesentleg involvert i.

Det vil gjelde ei informasjonsplikt som inneber ei plikt til ubeden å gi nødvendige opplysningar til arbeidsgivar om det nye arbeidsforholdet, om ikkje det er klårt at reglane om karantene eller saksforbod ikkje kan brukast.

Det skal ytast full lønnskompensasjon i karantenetida. Dette inneber godtgjersle som svarer til den løna vedkommande hadde før avgang pluss feriepengar. Ein vil ikkje ha krav på godtgjersle ved saksforbod. I tillegg må pensjon og gruppelivsforsikring sikrast for karanteneperioden. I første omgang foreslår departementet at arbeidsgivaren betaler inn ordinær pensjonspremie. Når vedkommande embets- eller tenestemann når pensjonsalder, blir det utbetalt ein pensjon av statskassen for den perioden det er gitt karantene. Departementet tar sikte på å gjere ei lovendring i pensjonsloven som vil innebere at karantenetid blir gjort pensjonsgivande.

3.2 Behov for særlege reglar for politikarar

3.2.1 Avgjerdsrett - uavhengig utval

Ein foreslår ein annan avgjerdsrett ved vurdering av karantene og saksforbod for politikarane enn for embetsverket. Det er viktig å sikre integritet og nøytralitet ved avgjerder om karantene og saksforbod. Dette gjeld i særleg grad ved eit regjeringsskifte med ny politisk leiing. Regjeringa foreslår derfor at det blir oppretta eit uavhengig utval som kjem saman ved behov, og som skal avgjere alle saker som oppstår i samband ved overgang frå ei politisk stilling i departementa til andre samfunnsaktørar.

Det er viktig at eit slikt organ er samansett av personar med høg integritet og truverde utetter, og kan for eksempel leiast av ein person med dommarkompetanse. I tillegg vil det vere ein fordel med medlemmer med kjennskap til offentleg og privat sektor. Ein foreslår at organet blir oppretta av Kongen.

Sakene bør førebuast av eit sekretariat innan embetsverket og vere tilknytt Moderniseringsdepartementet.

Heimel for å påleggje karantene kan takast inn i tilsetjingsbrev for politiske rådgivarar på same måte som for embetsverket, mens den for statsrådar og statssekretærar blir teken inn i den kongelege resolusjonen ved utnemning.

3.2.2 Hovudpunkt i retningslinjer for utvalets arbeid

Det uavhengige utvalet bør opprettes ved kgl. res. og skal fatte avgjerder i alle saker om overgang frå politiske stillingar i departementa til andre samfunnsaktørar (utanfor statsforvaltninga). Retningslinjene for politikarane vil, på same måte som for embets- og tenestemenn, gjelde overgang til både private verksemder, uavhengige organisasjonar og verksemder som heilt eller delvis er eigde av staten slik som statsføretak, særlovselskap og statlege aksjeselskap.

I retningslinjene for embetsverket heiter det i pkt. 1:

«Arbeidsgiver kan i særlige tilfeller bestemme at en embets- eller tjenestemann i inntil 6 måneder etter fratreden, ikke kan ta stillinger i annen virksomhet som naturlig vil medføre forretningsmessig kontakt med det ansvarsområdet arbeidstakaren hadde før fratreden (karantene).

Arbeidstakeren kan også ilegges inntil 6 måneder karantene etter fratreden dersom det foreligger særegne forhold i tilknytning til vedkommendes tidligere arbeidsoppgaver som har gitt eller kan gi virksomheten særlige fordeler, eller kan være egnet til å svekke tilliten til forvaltningen generelt.»

Ein strekar under at avgrensinga til «særlige tilfeller» og «særegne forhold» inneber at det må vere eit heilt konkret samband mellom tenestemannens tidlegare arbeidsoppgåver og den nye arbeidsplassen og eventuelt dei nye arbeidsoppgåvene, noko som tilseier at karantene berre skal nyttast i unntakstilfelle og etter ei streng vurdering av kor nødvendig dette er.

Retningslinjene set også opp eksempel på tilfelle der karantene eller saksforbod bør vurderast. Desse eksempla kan i det alt vesentlege overføras til politikarane:

  • arbeidstakaren har arbeidt med politikk- eller regelutforming og har spesiell kunnskap som det vil vere av verdi for den aktuelle arbeidsgivaren å få kjennskap til på eit tidleg eller førebuande stadium (intern informasjon)

  • arbeidstakaren har gjennom arbeidet sitt hatt kontinuerleg eller gjenteken kontakt med den nye arbeidsgivaren

  • arbeidstakaren har gjennom arbeidet hatt tilgang til sensitiv informasjon om konkurrentane til den nye arbeidsgivaren (forretningsløyndommar)

  • arbeidstakaren har i løpet av det siste året hatt arbeid der det er gitt råd eller teke avgjerder til eksklusiv fordel for den nye arbeidsgivaren, slik at tilbodet om jobb kan tolkast som påskjønning

  • den nye arbeidsgivaren står i eit bestemt forhold til tidlegare arbeidsgivar: som forhandlingsmotpart, blir direkte regulert av, eller mottek subsidiar, lån, garantiar eller annan finansiell assistanse frå

3.2.3 Fristar

I retningslinjene om karantene mv. for embets- og tenestemenn i staten er det slått fast at arbeidsgivaren har ein frist på ei veke til å treffe avgjerd om å gi karantene og/eller saksforbod, rekna frå det tidspunkt arbeidstakaren har gitt nødvendige opplysningar om det nye arbeidsforholdet. Arbeidstakaren har deretter ein frist på ei veke til å uttale seg, rekna frå når vedkommande blir orientert om avgjerda frå arbeidsgivar. Arbeidsgivaren må, etter at arbeidstakaren har uttalt seg, gjere ei ny vurdering av saka innan ei veke.

Desse fristane er for knappe i saker om karantene og/eller saksforbod for politikarar som skal behandlast av eit uavhengig utval. Sekretariatet må ha tilstrekkeleg tid for å førebu saka, og utvalet skal ha tid til å behandle saka og treffe ei avgjerd. Samtidig kan ikkje fristen vere for lang, fordi det også for denne gruppa kan vere viktig å få gitt tilbakemeldingar til den nye arbeidsgivaren så fort som mogleg. Det kan derfor vere grunn til å setje fristen for ei avgjerd frå utvalet til to veker, rekna frå det tidspunkt sekretariatet har motteke nødvendige opplysningar om det nye arbeidsforholdet.

3.2.4 Førehandsvurdering

Det vil lett kunne oppstå eit behov for ei førehandsvurdering i forhold til spørsmål om karantene og/eller saksforbod for medlemmer av politisk leiing. For ein tenestemann/embetsmann der avgjerda skal takast av arbeidsgivar, vil ein kunne ta opp saka på førehand med arbeidsgivaren. For politikarane vil det ikkje vere mogleg på same vis å ha ein samtale på førehand med den instansen som skal ta avgjerda om karantene, nemleg det uavhengige utvalet. Dei må derfor få eit høve til å ta saka opp før tilbod om jobb ligg føre, og be om ei førehandsvurdering frå sekretariatet. Denne vurderinga vil måtte givast på bakgrunn av dei opplysningane som ligg føre på dette tidspunktet, og ei slik vurdering vil ikkje kunne binde det uavhengige organet. Ho vil likevel kunne gi vedkommande ein pekepinn om korleis sekretariatet ser på den konkrete situasjonen.

3.2.5 Godtgjersle i karanteneperioden

Regjeringa ønskjer at godtgjersle i karanteneperioden skal reknast ut på same måte for politikarar som for embets- og tenestemenn i staten. Det er i retningslinjene for embets- og tenestemenn fastsett at arbeidstakaren skal få ei godtgjersle ut karantenetida tilsvarande den lønn vedkommande hadde ved avgang og feriepengar. I tillegg blir det oppretthalde ei tilknyting til Statens Pensjonskasse (SPK) når det gjeld pensjon og gruppelivsforsikring.

For politisk leiing gjeld ei generell ordning med etterlønn ved avgang frå politisk stilling. Reglane for etterlønn blir vedtekne av Stortinget. Regelverket er i dag slik at det kan ytast inntil tre månader etterlønn dersom ein ikkje har anna inntekt.

Det er viktig at ein skil mellom etterlønnstilfella og karantenetilfella. Likevel vel regjeringa å leggje opp til at utbetaling av godtgjersle for karantene for politisk leiing følgjer regelverket for etterlønn. Dette fordi det vil vere lettare å administrere éi ordning for utbetaling av lønn/godtgjersle etter avgang frå politisk stilling. Dette føreset i så fall at etterlønnsregelverket blir endra slik at ein for karantenetilfella vil ha høve til å utbetale etterlønn i seks månader frå avgang.

Politikarane vil i karanteneperioden få godtgjersle i form av etterlønn tilsvarande den lønna vedkommande hadde ved avgang samt feriepengar. Tilknyting til Pensjonsordninga for statsrådar eller Statens Pensjonskasse når det gjeld statssekretærar og politiske rådgivarar, vil sikrast på same måte som for etterlønn. På same måte vil gruppelivsforsikring gjelde i perioden.

Anna inntekt i karanteneperioden vil komme til fråtrekk i godtgjersla etter dei same retningslinjene som for etterlønn.

3.2.6 Iverksetjing

Dei som står i ei politisk stilling i departementa i dag, er ikkje underlagt ein klausul om karantene ved overgang til stilling utanfor statsforvaltninga. For statsrådar og statssekretærar må eit slikt atterhald takast inn i den konglege resolusjonen. For dei politiske rådgivarane må det takast inn i arbeidsavtalen. Såframt Stortinget gjev sitt samtykke, legger Moderniseringsdepartementet til grunn at dei som sit i ei politisk stilling i departementa i dag, aksepterer karantenevilkåra.