St.meld. nr. 23 (2004-2005)

Om bruk av karantene for politisk leiing i departementa ved overgang til stilling utanfor staten

Til innholdsfortegnelse

2 Nærmare grunnar for å la føresegner om karantene mv. også gjelde for politikarar

Det er ei rekkje grunnar for å innføre karantenereglar for politikarar i departementa på same vis som for embets- og tenestemenn i statsforvaltninga.

Noreg er eit land der dei same aktørane ofte går att i viktige posisjonar i samfunnet. Å innføre eit karanteneregelverk ved overgang frå ei politisk stilling i departementa til andre samfunnsaktørar vil gi eit positivt signal og vere med på å styrke ålmenta si tillit til forvaltninga og det politiske systemet. Reglar om karantene og saksforbod løyser ikkje alle utfordringar knytte til forholda mellom embetsverk, politikarar og andre samfunnsaktørar, men det er eit viktig bidrag til ryddigare forhold. Problema med overgang til ny stilling hos andre samfunnsaktørar blir mindre når det går lengre tid frå ein går av til ein går inn i ny jobb, og informasjonen ein kan ta med seg vil vere mindre relevant.

Regjeringa har allereie vedteke at karantenereglar skal gjelde for embets- og tenestemenn i statsforvaltninga. Det skal derfor svært tungtvegande grunnar til dersom slike regler berre skal gjelde for embets- og tenestemenn og ikkje for politiske stillingar. Regjeringa meiner det ikkje finst nok tungtvegande grunnar for eit slikt standpunkt.

Det kan hevdast at det er forskjellar mellom embets- og tenestemenn og politikarar som kan grunngi avvikande måtar å regulere overgang til andre stillingar. Ei politisk stilling er mellombels av natur, og ein politikar kan til vanleg ikkje førebu seg til jobbskifte på førehand. Desse skilnadene er likevel ikkje så store at dei tilseier ulike ordningar for embets- og tenestemenn og den politiske leiinga i denne samanhengen. Politikarane kan også i noen tilfeller få større tilgang på sensitiv informasjon enn embetsverket, og karantenereglar kan derfor vere særleg aktuelt for denne gruppa.

Det har den siste tida vore stadig meir merksemd om regulering av overgangar frå offentleg til privat verksemd (post-employment regulations) både nasjonalt og internasjonalt. Særleg Europarådet og OECD har, i sine tilrådingar vedrørande etikkforvaltning, rådd til at desse overgangane blir regulerte. Eit karanteneregelverk for politikarar vil redusere faren for mistenkeleggjering ved overgangar frå ei politisk stilling til ei stilling for eksempel i næringslivet. Det kan innvendast at det kan bli vanskeleg å rekruttere til politiske stillingar når det er fare for at ein kan få karantene m.v. ved avgang. Regjeringa er likevel av den oppfatning at det også kan verke positivt for rekrutteringa at det finst reglar for ei uavhengig vurdering ved slike situasjonar, slik at ein unngår urettmessig mistenkeliggjering.

Det blei tidlegare vurdert, blant anna i St.meld. nr. 11 (2000-2001), at teieplikta og ansvaret kvar einskild har for å unngå situasjonar der det kan reisast spørsmål ved deira integritet, vil vere tilstrekkeleg for å vareta tilsvarande omsyn ved avgang frå politiske stillingar. Regjeringa meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg, og at det derfor er nødvendig med karantenereglar også for politikarar.

Regjeringa har på bakgrunn av dette vurdert spørsmålet på nytt og går inn for at det blir innført karantenereglar også ved overgang frå politisk stilling i departementa til andre samfunnsaktørar.

Til no har det vore mest merksemd retta mot embets- og tenestemenn og politikarar som går over til stillingar i næringsliv og hjå andre samfunnsaktørar. Det er og viktig å sjå på korleis ein rekrutterer medarbeidarar inn i politiske stillingar. Det kan bli oppfatta som eit problem dersom ein person som vert utnemnd eller tilsett i politisk stilling har permisjon frå ei stilling i til dømes ein næringslivs- eller arbeidstakarorganisasjon. Då ein tek sikte på å synleggjere at både forvaltninga og politikarane er ubundne og sjølvstendige, og at det ikkje skal hefte noko ved habiliteten til sentrale personar i forvaltninga, vil det derfor vere viktig å ha gode rutiner i samband med rekruttering til slike sentrale stillingar.

Det synest klårt at dette problemet ikkje kan løysast ved karantene, då ein her skal rekruttere inn i ei stilling. Etter Moderniseringsdepartementet si meining må ein på den eine sida vurdere om permisjon frå til dømes ein næringslivs- eller arbeidstakarorganisasjon kan sjåast som eit problem i høve til det å vere ubunden og sjølvstendig i den politiske stillingen. På den andre sida må ein ikkje gjere det for vanskelig å ta inn personar med erfaring frå arbeids- og næringsliv i slike viktige stillingar. Som statsråd kjem og det tilleggsmomentet inn at statsråden ikkje berre skal styre sitt eige departement, men han/ho er og del av eit kollegium og skal vere med å treffe avgjer i alle statsrådsaker.

Moderniseringsdepartementet vil difor ikkje foreslå at ein set eit forbod mot at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar får permisjon frå til dømes nærings- eller arbeidslivsorganisasjonar eller verksemder, men at ein gjer ei nøye vurdering av eventuelle habilitetsproblem i samband med stillinga, og at det vert gjort kjend at vedkomande har permisjon frå ein slik organisasjon.