St.meld. nr. 24 (2005-2006)

Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) – strukturen til klareringsstyresmakta

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Regjeringa Bondevik II presenterte i Ot. prp. nr. 59 (2004-2005) framlegg til endringar i lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven). Stortinget handsama saka på bakgrunn av Innst. O. nr. 87 (2004-2005). Lovendringane trådte i kraft 1. januar 2006. Målsettinga med lovendringane er å gjere betre rettstryggleiken i saker om tryggleiksklarering. Strukturen til klareringsstyresmaktene var eitt av dei tema som blei drøfta i proposisjonen, men det blei ikkje gjort framlegg om endringar i gjeldande hovudregel om at departementa er klareringsstyresmakt for personell innan sitt styresmaktsområde.

I samanheng med handsaminga av lovforslaga gjorde Stortinget vedtak om å be regjeringa legge fram for Stortinget ei evaluering av dagens klareringsstruktur med tanke på ei mogeleg innstramming i denne. Ein viser til oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005):

«Stortinget ber Regjeringa legge fram for Stortinget ei evaluering av ordninga med desentralisert klareringsstruktur med tanke på ei mogeleg innstramming av talet på klareringsstyresmakter.»

Forsvarsdepartementet har uttale følgjande om oppmodingsvedtaket i St. meld. nr. 4 (2005-2006) «Om anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2004-2005»:

«Forsvarsdepartementet har i brev datert 30. juni 2005 til Statsministerens kontor og til departementa bedt om at departementa går gjennom sin delegeringspraksis med tanke på ei mogeleg innstramming av denne. Forsvarsdepartementet har anmoda om ei utgreiing om denne gjennomgangen innan 1. november 2005. Regjeringa vil i vårsesjonen 2006 legge fram for Stortinget ei evaluering av ordninga med desentralisert klareringsstruktur med tanke på ei mogeleg innstramming av talet på klareringsstyresmakter.»