St.meld. nr. 47 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1998 og fisket etter avtalene i 1996 og 1997

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Noreg inngår årlege avtaler som gir norske fiskarar kvotar i andre lands soner så som Nordsjøen, vest av Dei britiske øyane, Skagerrak/Kattegat, ved Grønland, Island, Færøyane, i Irmingerhavet og ved Flemish Cap.

Totalkvoten for torsk i Barentshavet er redusert frå 850.000 tonn i 1997 til 654.000 tonn i 1998, grunna utviklinga i den norsk arktiske torskebestanden. Også totalkvoten for hyse blei redusert i 1998. Bestandssituasjonen for lodde og blåkveite førte til at det heller ikkje i 1998 vart opna opp for eit direkte fiske etter desse artane. Av omsyn til bestandssituasjonen for uer er det også i 1998 sett forbod mot eit direkte fiske etter uer i områda nord for 70 ºN. Eit avgrensa russisk uerfiske er unntatt frå forbodet, som ledd i den vitskaplege kartlegginga av uerbestandane.

Noreg og EU blei i 1997, etter fleire års drøftingar, samde om eit nytt forvaltningsregime for nordsjøsild. Den nye sildeavtala tok til å gjelde frå og med 1. januar 1998. Dette regimet erstattar sildeavtala frå 1986, som ga Noreg varierande andelar av sildekvoten avhengig av kor stor gytebestanden var. Dei norske andelane varierte etter 1986-avtala mellom 25, 29 og 32 %. Den norske andelen nådde aldri opp i den høgaste prosenten. Etter den nye sildeavtala har Noreg ein fast andel på 29 % av sildekvoten. Silderegimet inneber også sterke begrensningar i uttaket av ungsild.

Arbeidet med å kartleggje kva tiltak som skal iverksetjast for å gjere forvaltningsregimet for makrell betre, skal intensiverast i 1998.

Bestandssituasjonen i Nordsjøen har ført til at Noreg og EU har forplikta seg til å vidareføre fleirårige forvaltningsstrategiar for å byggje opp att bestandane av sild, makrell og raudspette. Det var bestandsgrunnlag for å setje totalkvotane både for sild og makrell noko høgare i 1998 enn i 1997.

I kvoteavtala for 1998 legg Noreg og EU vekt på å vidareføre arbeidet med forvaltninga av konsumfisk i Nordsjøen. Arbeidet med utkastproblema er gitt særleg prioritet, saman med andre tiltak som selektivitet i reiskapen, stenging av område og sesongmessig fiskeforbod.

Totalkvotane for torsk og raudspette blei i tråd med anbefalinga frå havforskarane justert noko opp samanlikna med i 1997.

Grønland og Island har sagt opp trepartsavtalen om regulering av loddebestanden ved Grønland, Island og Jan Mayen av 29. juni 1994. Dei to partane krev auka andelar av totalkvoten og at adgangen til fiske i partane sine soner blir avtalt i eigne bilaterale avtaler. Det er inngått ei ny trepartsavtale mellom dei tre kyststatane. Den norske andelen av totalkvoten for lodde vil vere 8 %.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland forhandla fram ei avtale om fisket av norsk vårgytande sild i 1998 på 1.300.000 for dei fem landa. I samband med avtala inngjekk Noreg bilaterale avtaler med dei andre partane om gjensidig løyve til å fiske i dei ulike økonomiske sonene.

NEAFC har sett ein kvote på 102.000 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild på 1.302.000 tonn som er fastsett for 1998.

NEAFC har igangsett eit arbeid med siktemål å få regulert fisket etter makrell og kolmule i internasjonalt farvatn.

Rekefisket frå land som tradisjonelt har fiska reker i fiskevernsonen rundt Svalbard er regulert med fiskedøgn og antal fartøy. Dei landa som kan fiske reker i fiskevernsonen er Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, Det europeiske fellesskapet, Noreg og Russland.

Som ei vidareføring av Regjeringa sitt arbeide med å auke kontrollen med fisket inngjekk Noreg og Sverige i 1997 ei avtale om kontroll. Noreg har utover denne avtala tidlegare inngått bilaterale kontrollavtaler med Irland, Skottland og Danmark. Også Noreg og Russland er samde om å vidareføre samarbeidet om kontroll med fisket i Barentshavet. Kontroll med uttaket av fisk står sentralt i arbeidet for å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. Noreg og EU er derfor i avtala for 1998 samde om ytterlegare å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving. Det er mellom anna semje om at partane skal samarbeide for å få etablert eit satelittbasert sporingsystem for fartøy som fiskar i deira soner. For å få eit korrekt bilete av kor mykje som reelt sett blir tatt ut av havet, skal partane i 1998 samarbeide om ei harmonisering av målemetodane for vatninnhald i landingar av pelagiske artar. Det er semje om å invitere Færøyene til å delta i kontrollsamarbeidet.

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62 ºN fullt ut i 1996, men det gjensto kvantum av torsk i 1997. I tillegg til Noregs ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland i både 1996 og 1997.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 1996 og 1997.

Den norske kolmuleflåten fiska mykje kolmule i internasjonalt område i 1997, og i 1998 vil omfanget av dette fisket bli mangedobla.

Norske linefartøy utnytta omlag 70 % av botnfiskkvotane av lange og brosme i EU sine farvatn i 1996, mens utnyttingsgraden var omlag 52 % i 1997. Dei to siste åra har norske fartøy fiska kolmulekvoten i EUs farvatn. Makrellkvoten vest av Dei britiske øyane kan fiskast i Nordsjøen. Mesteparten av makrellkvoten vest av Dei britiske øyane, som har vore fullt utnytta dei to siste åra, har vore fiska i Nordsjøen.

I færøyske farvatn har norske fartøy fiska mest lange, brosme og blålange innanfor botnfiskkvoten. Norske fartøy fiskar tradisjonelt også kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen. Norske fartøy fiska godt på kolmule både i 1996 og 1997.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite og reker av stor verdi. Spesielt blir kvotane for blåkveite og reker godt utnytta.

Det blei fiska 206.000 tonn lodde i områda ved Grønland, Island og Jan Mayen i 1996/97 sesongen, noko som innebar at heile den norske kvoten vart fiska. I sesongen 1997/98 blei det fiska 156.700 tonn. Kvoten for sesongen 1997/98 var på 159.150 tonn.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker, sild og torsk i 1996 og 1997.

Sidan våren 1993 har norske fartøy fiska reker i NAFO-området på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har historisk ikkje vore kvoteregulert, men med verknad frå 1996 blei det inngått ein internasjonal avtale om å regulere talet på fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Sjølv om den norske deltakinga i 1997 er redusert i høve til 1996, er rekefisket ved Flemish cap eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtaler med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra, men er sidan redusert til i overkant av 2.000 tonn i 1997. Med verknad frå 1996 blei det inngått ein internasjonal avtale for fiske i området og Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 6.000 tonn i 1996 og 1997. Noreg har ikkje nytta denne uerkvoten særleg godt i dei to siste åra.

I 1996 overfiska EU sin unilateralt fastsette kvote på norsk vårgytande sild, medan Noreg fiska heile sin kvote. Island, Færøyane og Russland klarte ikkje å fiske opp heile kvoten på norsk vårgytande sild. Det blei samla sett fiska mest i den norske økonomiske sona. I 1997 overfiska EU kvoten sin, medan Russland, Island og Færøyane ikkje nytta kvoten fullt ut. Noreg fiska omlag heile kvoten.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord om 62 ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EUs fiske i Nordsjøen skjer på konsumfiskartar, sild, makrell og industrifisk, (tobis, augepål, kolmule, hestmakrell og brisling). I 1996 og 1997 har EU fiska 23 % og 27 % av totalfangstane sine av torsk sør om 62 ºN i norsk sone av Nordsjøen, medan tilsvarande tal for hyse var 32 % og 30 % og for sei var tala 42 % og 44 %. EU fiska i gjennomsnitt 76 % av makrellkvoten sin i Nordsjøen i norsk økonomisk sone i 1996 og 1997. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak er gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark).

Færøyanes seikvote i Nordsjøen har ikkje vore fullt utnytta dei siste åra. Færøyane har fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen. Eit unntak var i 1996 då makrellkvoten blei dårleg utnytta. For Sverige gjeld at dei i hovudsak utnyttar torske-, sei-, makrell-, silde-, og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen, mens industrifiskkvoten blir relativt dårleg utnytta. Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtalen i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. Det er ikkje registrert noko grønlandsk fiske i 1997, men i 1996 har det derimot vore registrert grønlandsk fiske. Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden