St.meld. nr. 47 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1998 og fisket etter avtalene i 1996 og 1997

Til innholdsfortegnelse

5 Fiske etter avtalene i 1996 og 1997

I omtala av fisket etter avtalene for 1996 og 1997 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jf punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte.

Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 1996 og 1997. Ein toårsperiode er eit noko kort tidsrom for å fastslå om endringane i kvoteutnyttinga gjenspeglar ein meir langvarig tendens.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvalting tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote (TAC) for arten, som blir fordelt på dei aktuelle avtalepartnarane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar i 1996 og 1997

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalene, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land (dette er hovudregelen). Desse tala kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta i motsetnad til dei kvanta som er rapporterte frå fiskefelta. Symbolet (-) i tabellene tyder anten ingen fangst eller inga kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noregs kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar11 av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til 3. land) og fangst i 1996 og 1997 på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk334.000399.000350.783393.092
Hyse2

2 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er ikkje inkludert i hysekvoten.

85.000104.00094.229103.432
Lodde----

I tillegg til kvotane av torsk og hyse kjøpte norske reiarlag torsk og hyse frå Russland både i 1996 og 1997. I 1996 utgjorde kvotekjøpet frå Russland 17.500 tonn torsk og 3.000 tonn hyse, og i 1997 19.500 tonn torsk og 3.500 tonn hyse. Det blei også teke fangstar av torsk og hyse til forsking, som er inkluderte i fangsttala. Når desse tilhøva blir tekne omsyn til, blir det tilsynelatande overfisket av hyse i 1996 redusert til berre eit mindre kvantum.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
RØS:
Torsk50.00050.00019.34021.074
Hyse14.00020.00013.3789.116
Polartorsk----
Haneskjel----
Reker3.0003.0002.9993.036
Grønlandssel9.5005.0009.5215.019
Lodde----
Bifangstkvote3.0003.000113802

5.1.1.2 Kommentarar til oversikten

Av fangstane nord for 62 ºN fiska Noreg i 1996 5,5 % av torskefangstane og 14,2 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 1997 var 5,4 % for torsk og 8,8 % for hyse. Noreg tar altså relativt små fangstar av torsk og hyse i RØS, av dei totale norske fangstane.

Haneskjel: Noreg sin haneskjelkvote var ikkje talfesta i 1996 og 1997. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde i 1996 og 1997.

Reke: I 1996 var 48 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, medan 29 var med i 1997. Som tabell 5.2 viser vart rekekvoten både i 1996 og 1997 utnytta fullt ut.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62 ºN. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar32på fellesbestandene i Nordsjøen i 1996 og 1997:

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk12.4409.8505.8775.832
Hyse25.76024.2902.2882.352
Sei52.72054.80055.10046.620
Kviting6.7007.4006475
Raudspette1.4203.8701.2311.775
Makrell103.800103.80087.88795.201
Sild43.40044.76071.97693.333

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre makrellkvotar tildelt i andre område, til fiske i Nordsjøen (ICES område IVa). Inntil 60.000 tonn av makrellkvoten nord for 62 ºN kunne såleis bli fiska i den nordlege delen av Nordsjøen både i 1996 og 1997. Likeins kunne makrellkvoten vest av 4 ºV på 10.100 tonn i 1996 og i 1997, fiskast i denne delen av Nordsjøen. Dette forklarer óg den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4 ºV (sjå tabell 5.4).

Noregs sildefangstar inkluderer også fangstar av norsk vårgytande sild (NVG-sild) som er fiska i Nordsjøen i perioden januar - mai. Når dette blir teke omsyn til, er ikkje kvotane av nordsjøsild overfiska.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Slike fangstar varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst.

5.1.2.2 Oversikt over Noregs kvotar i EUs farvatn (EUF) og oversikt over dei kvotane Noreg har fått tildelte frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar for 1996 og 1997.

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone av både EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merka (*) avtaler EU og Noreg storleiken på totalkvotane (TAC) for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangster43 i EU sine farvatn og tildelte kvoter frå EU i grønlandsk farvatn i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
EUF, NORDSJØEN:
Torsk*12.4409.8501.7581.530
Hyse*15.00015.000502212
Sei*45.00045.00014.0617.116
Kviting*6.7007.400725
Raudspette*1.4203.8709191.358
Makrell*33.94033.9402.0757
Sild*43.40044.76027.28820.569
Augepål20.00020.000-250
Tobis30.00030.00015.9811.835
Brisling25.00025.00032.4242.725
Reke1003006-
Hestmakrell5.0005.0001.9724.504
Andre arter5.0005.0002.9682.200
EUF, V 4 ºV:
Makrell10.10010.100110-
Sild6.2004.9004.0662.050
Kolmule259.000255.000278.376245.683
Blålange3.0003.00012679
Lange13.00013.00010.1427.386
Brosme7.0007.0003.8563.039
Pigghå1.1001.100--
Brugde (lever)100100--
Håbrann20020015-
Kombinert kvote2.0002.000--
Blåkveite1.7001.7001.121977
Andre arter3.0003.000604476
EUGRL, VESTGRØNLAND:
Blåkveite1.2001.2001.2001.200
Kveite200200--
Skolest/Isgalt1.2001.200-11
EUGRL, AUSTGRØNLAND:
Reker2.5002.5002.5302.450
Blåkveite1.0501.4501.0501.450
Kveite200200200200
Lodde25.00025.000--

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

Augepål/tobis: I den delen av Nordsjøen som omfattar EU-farvatn kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i både 1996 og 1997. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4 ºV. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis på 50.000 tonn. Det er den norske industritrålarflåten (ca. 60 - 70 fartøy) som fiskar på denne kvoten.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomiske soner. Samla fiska dei norske industritrålarane 103.000 tonn augepål og 160.700 tonn tobis i Nordsjøen i 1996. Tilsvarande tal for 1997 var 47.200 tonn augepål og 350.700 tonn tobis; 1997- kvantumet av tobis var uvanleg stort. Fisket i EU-sona utgjorde ein liten del av totalfangstane.

Kolmule: Av Noregs kolmulekvote kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1996 og 1997. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild i både 1996 og 1997. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane og i færøysk sone. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 356.100 tonn kolmule i 1996 og 348.300 tonn i 1997 samla i desse områda. Omlag 35 - 40 fartøy av dei konsesjonspliktige ringnotfartøya var med i kolmulefisket dei to åra.

Blålange/lange/brosme: Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4 ºV (ICES område Vb, VI og VII).

I fisket med line vest av 4 ºV kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Bifangsten kunne likevel overstige 25 % i dei første 24 timane etter starten av fiske på eit fiskefelt. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde (lever) og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen (ICES område IV) i 1996 og 1997.

Kombinert kvote vest av 4 ºV: Kvoten galdt linefiske etter havmus, mora mora, skjellbrosme, isgalt, skolest og andre artar.

Andre artar (Nordsjøen): Kvoten omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU sine farvatn. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy ikkje har høve til å driva eit direkte fiske på.

Sild vest av 4 ºV: Kvoten var reservert for den norske ringnotflåten. 70 - 75 fartøy deltok.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62 ºN og vest av 4 ºV. Fisket vest av 4 ºV kunne berre utøvast med line. Tala frå EU viste at norske fartøy i 1996 hadde fiska 1.121 tonn, og 977 tonn i 1997.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/ Grønland vert nærmare omtalt i punkt 5.1.5.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone (FS) i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
FS:
Lange3.6503.6502.4101.701
Brosme--1.7671.181
Sei1.5001.5003946
Blålange--160121
Blåkveite50030024232
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb1001000,50,1
Makrell10.2009.000--
Hestmakrell5.0005.000--
Kolmule27.00027.00032.45530.525
Brugde (lever)100100--
Andre arter--741557

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

Botnfiskkvoten: I 1996 og 1997 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.150 tonn i færøysk sone, herav maksimalt 1.500 tonn sei. I tabell 5.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 500 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 1996 og 300 tonn blåkveite og 100 tonn beiflabb i 1997 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. To fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite i 1996, inga fartøy i 1997. Fisket resulterte i 1996 i 242 tonn blåkveite, inkludert bifangst av blåkveite i fisket etter botnfiskarter og 32 tonn blåkveite som bifangst i 1997. Det blei teke svært små kvanta breiflabb som bifangst begge åra.

Samla blei det fiska 5.117 tonn botnfisk i færøysk sone i 1996 og 3.606 tonn i 1997. Fangsten av blåkveite og breiflabb er ikkje med i desse fangsttala. I 1996 var 26 norske fartøy med i fiske på botnfiskkvoten i færøysk sone, mens 19 fartøy deltok i 1997.

Fisket etter håbrann/pigghå var eit prøvefiske i 1996 og 1997. Norske fartøy starta ikkje slikt fiske.

Kolmule: Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Utbreiinga og førekomstane av kolmule i færøysk sone varierer frå år til år. Norske fartøy fiska 32.500 tonn kolmule i 1996 og 30.500 tonn i 1997.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
VESTGRØNLAND:
Blåkveite700700719698
AUSTGRØNLAND:
Blåkveite650250394146
Kveite200400163385
Uer2.0005

5 Ved Austgrønland har Noreg ein kvote på 1.000 tonn i den bilaterale kvoteavtalen mellom Grønland og Noreg og 1.000 tonn som bilateral tildeling frå Grønland avtalt på NEAFC-forhandlingane, jfr punkt 5.1.8 Norsk fiske i Irmingerhavet.

3.0006

6 1.000 tonn i den bilaterale avtalen Grønland-Noreg, og 2.000 tonn tildelt Noreg i den bilaterale avtalen EU-Noreg.

1.366367
VESTGRØNLAND OG AUSTGRØNLAND:
Torsk9501.200--

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64 º 30 ’N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Likeins kunne berre 85 % av blåkveitekvotane fiskast med trål. Det deltok 5 trålarar og 8 linefartøy i fisket i 1996, medan det var 5 trålarar og 2 linefartøy med i fisket i 1997. Kvotane blei godt utnytta begge åra.

I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 2 linefartøy og 5 garnfartøy i 1996, medan 10 linefartøy og 5 trålarar deltok i 1997.

I 1996 og 1997 var det 19 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, jf. tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. 17 fartøy deltok i rekefisket i 1996 og i 1997.

Noreg fiska heile kvoten av uer tildelt ved Austgrønland i 1996, men nytta ikkje heile kvoten i 1997. (Sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.8).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 1996 fiska 2 linefartøy, og i 1997 fiska 10 linefartøy. 2 av desse linefartøy fekk ein fartøykvote på 100 tonn fordi deira fiske var innretta mot kveite, medan de 8 resterande fekk ein fartøykvote på 50 tonn.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). Når situasjonen for bestanden betrar seg vil dette kunne vere ein viktig kvote for norske fartøy.

Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre arter.

5.1.5 Noreg - Grønland - Island, om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar74i dei to loddesesongane 1996/97 og 1997/98. Loddesesongen startar 1. juli og varer fram til 31. april det følgjande året.

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art1996/971997/981996/971997/98
Lodde201.000159.150206.840156.700

5.1.5.1 Kommentarar til oversikten

1996/1997sesongen: I utgangspunktet hadde norske fartøy høve til å fiske 206.500 tonn lodde om sommaren/hausten i farvatna omkring Grønland - Island - Jan Mayen. Denne kvoten var samansett av 181.500 tonn etter avtale med Grønland og Island og 25.000 tonn etter avtale med EU. Seinare blei TAC for 1996/1997 endra i forhold til forventa TAC. Dette resulterte i at Noregs kvote blei redusert til 201.000 tonn. 60% av kvoten kunne fiskast i islandsk sone.

Til saman blei det fiska 206.010 tonn sommaren/hausten 1996 og 830 tonn om vinteren 1997. Totalt deltok 74 konsesjonspliktige ringnotfartøy. 7 ringnotfartøy som deltok i sommar/haust-fisket i 1996 deltok også i vinterloddefisket i 1997.

Noregs Sildesalgslag fekk i byrjinga av januar tilsegn om kjøp av Grønland sin resterande kvote i 1996/1997 sesongen på 23.450 tonn lodde. Inntil 14.070 tonn kunne fiskast i islandsk økonomisk sone. Norske fartøy fisket totalt 830 tonn lodde i islandsk økonomisk sone innanfor denne kvoten.

1997/1998 sesongen: Noreg overfiska sin kvote i sesongen 1996/97, dermed måtte Noreg kompensera Island med eit kvantum på 5.000 tonn. På bakgrunn av dette var Noreg sin førebels kvote frå starten av sesongen (850.00085x16,596%)+25.000 (frå EU) - 5.000 (kompensasjon) = 160.250 tonn. Seinare vart endeleg TAC for 1997/98 sett til 1.265.000 tonn. Endeleg norsk totalkvote for sesongen 1997/98 vart då på 159.150 tonn. 60 % av kvoten kunne fiskast i islandsk sone.

I sesongen 1997/98 innførte Island ei strengare adgangsbegrensning til islandsk sone ved at Island berre ville utferde 30 lisensar til ei kvar tid.Dette skapte hindringar i fisket, grunna at ein ikkje fekk lisensiert fartøy i helgene og på kveldstid.

Til saman blei det fiska 156.700 tonn i sesongen 1997/98 og totalt deltok 78 konsesjonspliktige ringnotfartøy.

5.1.6 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei øvrige artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar107i 1996 og 1997

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk750520226398
Hyse420290113187
Sei--285313
Kviting2802802118
Rauspette22022010693
Sild12.00010.67011.30511.533
Makrell--1.104824
Brisling3.2303.000998408
Reker4.8904.8905.1435.451

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 1996 blei det fiska 749 tonn innanfor grunnlinja, medan tilsvarande tal for 1997 var 910 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 1997 og 1998 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

Sildekvoten blei delt med 2.000 tonn kvar til kystfartøya og trålarane, medan det resterande kvantumet kunne fiskast av ringnotgruppa i 1996. I 1997 blei sildekvoten delt med 2.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa.

Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, medan kystreketrålarane var med i rekefisket.

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild.

5.1.7 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet (NAFO området).

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i 1996 og 1997

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk1.018555--
Lodde----
Reker--6.1901.974

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Det året hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn i 3NO.

Totalt fiska 15 reketrålarar i 1996, medan 2 var med i fisket i 1997. Dette fisket var nytt frå våren 1993 då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit svært viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Rekefisket blei innsatsregulert, og Noreg hadde i 1996 2.206 fangstdøgn og i 1997 1.985 fangstdøgn.

5.1.8 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine fangstar av uer i Irmingerhavet i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Uer8.0009.0002.9642.285

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet har ikkje vore kvoteregulert før 1996. I 1996 blei det derimot sett ein totalkvote på 153.000 tonn. Av ein TAC på 153.000 tonn fekk Noreg 6.000 tonn. Inkludert overføringar på 2.000 tonn frå andre avtalepartnarar var norsk kvote 8.000 tonn. I 1997 blei det fastsett ein TAC på 158.000 tonn. Av denne TAC fekk Noreg 6.000 tonn samt overføringar på 3.000 tonn frå andre avtalepartnarar. Noreg hadde altså ein uerkvote på 9.000 tonn i 1997. I 1996 deltok åtte fartøy i uerfisket, medan 7 fartøy var med i 1997. Noreg har ikkje nytta uerkvoten særleg godt i dei to åra.

5.1.9 Norsk vårgytande sild - Firepartsavtala i 1996 og fempartsavtala i 1997

Våren 1996 blei det inngått ei avtale mellom Færøyane, Island, Russland og Noreg, heretter kalt firepartsavtala, om totalkvote og fordeling for 1996. EU fastsette i tillegg ein eigen unilateral kvote på 150.000 tonn. Frå og med 1997 blei EU delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane. Avtalen frå 1997 blir heretter kalt fempartsavtala.

Tabell 5.11 Oversikt over kvotar og fangstar i firepartsavtalen i 1996

NasjonKvoteFangstRest
EU (unilateral kvote)150.000194.912- 44.912
Færøyane66.00049.030+ 16.970
Island190.000164.654+ 25.346
Noreg695.000695.0000
Russland166.000119.070+ 46.930
Totalt (inkl. EU)1.257.00011

11 Summen av kvotene i firepartsavtalen blir 1.117.000 tonn, og altså 10.000 tonn høyere enn totalkvoten i firepartsavtalen. Årsaken til dette er at Noreg og Russland reserverte 10.000 tonn for «conservation purposes».

1.222.666+ 34.334

Tabell 5.12 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1996

Nasjon(a)12

12 Definert som internasjonalt havområde.

FærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU-----194.912
Færøyane-29.974--19.05649.030
Island117.09027.8491.83017.885-164.654
Noreg5.500--7.500682.000695.000
Russland76---118.994119.070
Totalt122.66657.8231.83025.385820.0501.222.666

Tabell 5.13 Oversikt over kvotar og fangstar i fempartsavtalen i 1997

NasjonKvoteFangstRest
EU125.000127.763- 2.763
Færøyane82.00060.138+ 21.862
Island233.000220.065+ 12.935
Noreg854.000852.126+ 1.874
Russland204.000168.761+ 35.239
Totalt1.498.0001.428.853+ 69.147

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1997

Nasjon(a)13

13 Definert som internasjonalt havområde

EUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU96.19613.7292.436-66914.733127.763
Færøyane16.3558016.509--23.54660.138
Island89.842-101.46114820.6577.957220.065
Noreg5.062-510-5.904840.650852.126
Russland15.598-3.104--150.059168.761
Totalt223.20313.809124.02014830.8781.036.9461.428.853

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten:

Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1996 føregjekk for det meste i norsk økonomisk sone, men det blei også tatt 5.500 tonn i internasjonalt havområde og 7.500 tonn i Jan Mayen sonen. Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1997 foregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone, men ein tok vel 5.000 tonn i internasjonalt havområde, 500 tonn i færøysk sone og vel 5.900 tonn i Jan Mayen sonen. Noreg har i dei to åra nytta kvoten sin fullt ut.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild foregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 1996 og 1997, og i 1996 blei det fiska berre 76 tonn i internasjonalt havområde. I 1997 fiska Russland dessutan 15.600 tonn i internasjonalt havområde og 3.100 tonn i færøysk sone. Russland har ikkje nytta kvoten sin fullt ut.

Island har fiska i grenseområdet mellom internasjonal, færøysk og islandsk sone. Dessutan har dei i 1997 fiska nesten 8.000 tonn i norsk økonomisk sone. Island har ikkje nytta heile kvoten sin.

Det færøyske fisket har føregått i norsk økonomisk sone og færøysk sone i 1996, mens fisket i 1997 har foregått i dei fleste sonene i 1997 utanom den islandske sone. Heller ikkje dei har klarte å nytte heile kvoten i dei to åra.

EU har rapportert til NEAFC at fartøy frå medlemsland i EU har fiska 194.912 norsk vårgytende sild i løpet av sesongen 1996. EU har dermed overfiska sin unilateralt fastsette kvote med 44.912 tonn. EU har også i 1997 overfiska kvoten på 125.000 tonn. Fartøy frå EU har drevet fiske i alle sonene utanom den islandske sonen i 1997.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997.

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Russland sine kvotar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3.land, og fangstar148var følgjande i 1996 og 1997:

Tabell 5.15 Russiske kvotar på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland i 1996 og 1997:

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk318.000387.000305.750313.344
Hyse77.00096.00073.81641.228
Lodde----

Tabell 5.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område / artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS N 62 ºN:
Torsk150.000150.00084.43169.187
Hyse25.00025.0008.60210.212
Sei2.5002.5001.1551.808
Blåkveite--210271
Steinbit2.0002.0001.0891.553
Uer1.0001.000415355
Snabeluer6.0002.0009083.342
Kolmule50.00050.0001.4969.426
Lodde----
Sild120.000150.000118.152150.499
Andre arter3.0003.000799262
FISKERISONEN VED JAN MAYEN:
Reker750750--
Sild-12.000--

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Russland sin kvote av torsk i NØS blir nytta godt. 56,3 % blei fiska av kvoten i 1996 og 46,1 % i 1997. Russland fiska 28 % av sin samla torskefangst på 305.750 tonn i NØS i 1996, medan tilsvarande tal i 1997 var 22 %.

Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 34 % i 1996 og på 41 % i 1997. Russland fiska 12 % av sin samla hysefangst på 73.816 tonn i NØS i 1996, medan tilsvarande tal for 1997 var 25 %.

Kvotane for sei, steinbit og uer er bifangstkvotar.

Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Russland utnytta kvotane for norsk vårgytande sild i norsk sone fullt ut.

Kvoten av andre artar for 1996 og 1997 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.18. EU sine kvotar og fangstar159 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 1996 og 1997 var følgjande:

Tabell 5.17 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland i 1996 og 1997.

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk116.900104.45097.75192.876
Hyse93.40088.78073.63970.575
Sei53.28055.20048.15947.456
Kviting60.30066.60035.31231.349
Raudspette79.33074.11078.61479.533
Makrell16.95016.950247.33116

16 Talet fra EU-kommisjonen kan tyde på at fangsttalet fra Vest av 4 ºV er inkludert. Totalkvoten til EU for 1996 var fastsett til 261.100 tonn. Dersom talet i tabellen er det totale fangsttalet betyr det at EU ikkje har fiska heile kvoten sin.

18.612
Sild222.230112.890112.958117.044

Kvotane av sei og makrell omfatta Nordsjøen og Skagerrak. EU nytta ikkje kvotane sine fullt ut på fellesbestandane i 1996 utanom raudspettekvoten, men i 1997 nytta EU kvotane av raudspette, makrell og sild fullt ut. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område / artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS, N 62 ºN:
Torsk30.05035.65029.96932.755
Hyse3.5004.0003.5103.957
Sei7.0004.0002.9483.983
Blåkveite100100204146
Uer1.7501.7509601.293
Snabeluer1.7501.750602528
Makrell10.10010.100--
Andre arter450450350312
NØS, NORDSJØEN:
Torsk*50.00050.00022.83825.345
Hyse*53.00053.00023.62621.237
Sei*45.00045.00020.31720.893
Kviting*25.00025.0001.9071.353
Raudspette*40.00040.0003.5144.250
Makrell*16.95016.95020.54120.915
Sild*45.24050.00021.68520.482
Augepål50.00050.00036.81133.652
Kolmule--28.40022.963
Tobis150.000150.00058.24198.610
Reke1.0801.080470653
Andre arter11.00011.0008.2829.312
FISKERISONEN VED JAN MAYEN:
Kolmule1.0001.000--

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 5.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Som ei følgje av brevvekslinga mellom Noreg og EU av 2. mai 1992 var EU sin tilleggskvote av torsk nord om 62 ºN på 9.750 tonn torsk i 1996 og 11.000 tonn i 1997.

EU sin makrellkvote nord for 62 ºN kunne også fiskast sør for 62 ºN i ICES område IVa i 1996 og 1997. Dette forklarer avvika mellom kvotetal og fangsttal for Nordsjøen.

EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62 ºN er bifangstkvotar.

I begge åra har EU nytta torske-, hyse- og blåkveitekvotane fullt ut, dessutan nytta EU også seikvoten fullt ut i 1997.

EU sine fangstar i NØS sør for 62 ºN som andel av EU sine samla fangstar utgjer i 1996 og 1997 følgjande prosentar, for torsk 23 % og 27 %, for hyse 32 % og 30 %, for sei 42 % og 44 %, for kviting 5 % og 4 % og for raudspette 4 % og 5 %.

EU sin samla makrellkvote i NØS i Nordsjøen var 27.050 tonn i 1996 og i 1997. EU utnytta 76 % av denne kvoten i 1996 og 77 % i 1997.

EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 19 % i 1996 og 17 % i 1997.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.000 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.000 tonn var respektive 62 % i 1996 og 78 % i 1997.

EU hadde ei utnytting på 75 % av kvoten andre artar i 1996 og på 85 % i 1997.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område / artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS, N 62 ºN:
Torsk3.0003.3003.0083.301
Hyse5501.052522340
Sei--248193
Blåkveite--1612
Uer3503502721
Kolmule6.0006.000--
Lodde----
Makrell3.9803.000--
Andre arter--13.89325.133
NØS, NORDSJØEN:
Sei2.1501.900503306
Sild1.0005001.330540
Augepål20.00020.0009.2535.209
Makrell--3502.978
Hestmakrell5.0005.000--
Håbrann/pigghå300300--
Andre arter--503662
FISKERISONEN VED JAN MAYEN:
Kolmule5.0005.000--

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord for 62 ºN var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av dei russiske kvotane fiskast i NØS. I 1996 utgjorde kvotane frå Noreg 2.900 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn uer, medan kvotane frå Noreg representerte 3.200 tonn torsk, 1.000 tonn hyse og 300 tonn uer i 1997. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg representerer altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Uerkvoten nord for 62 ºN er ein samlekvote for uer, sei og blåkveite og andre artar enn dei som er nemnt. Det kunne ikkje fiskast meir enn 150 tonn kvar av artane uer og sei. Blåkveite og uer kunne berre fiskast som bifangst.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vore fiska i Nordsjøen med unntak frå i 1996 då makrellkvoten blei dårleg utnytta.

Færøyane sin seikvote sør for 62 ºN inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 20.000 tonn omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS i 1996 og 1997. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på 5.000 tonn hestmakrell og 300 tonn håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62 ºN.

Både i 1996 og 1997 har Færøyane fiska kvotane av torsk og sild i NØS. Dessutan blei hysekvoten i 1996 nytta fullt ut, medan makrellkvoten i 1997 blei oppfiska. Seikvotane i Nordsjøen har ikkje vore nytta fullt ut. Færøyane har redusert fisket etter augepål, kolmule og tobis frå 1996 til 1997.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS, N 62 ºN:
Torsk3.0504.15017

17 I 4.150 tonn er det inkludert ei overføring på 1.000 tonn torsk og hyse (samla) frå Russland.

3.0504.062
Hyse8509508501.048
Andre artar390410308410
NØS, NORDSJØEN:
Torsk2002001-
Sei80055087-
Andre artar--1-

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

I NØS nord for 62 ºN har Grønland nytta torske- og hysekvotane fullt ut i 1996 og i 1997. Etableringa av ein eigen hysekvote frå og med 1. april 1995 innebar at både direkte fangster og bifangster av hyse skulle avreknast hysekvoten.

Torsk, hyse, sei og annan botnfisk i Nordsjøen: I NØS sør for 62 ºN hadde Grønland i 1996 og ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn. I 1997 vart kvoten redusert frå 1.000 tonn til 750 tonn. I 1996 og 1997 fekk Grønland høve til også å fiske annan botnfisk enn dei nemnte artene. Dette skulle kunne medverke til at også linefartøy frå Grønland skulle kunne ta del i fisket i Nordsjøen.

Grønland har altså nytta kvotane sine av torsk nord for 62 ºN fullt ut, medan fartøy frå Grønland ikkje har fiska i Noregs økonomiske sone av Nordsjøen i 1997, og berre i liten grad i 1996.

5.2.5 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei øvrige artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.21 Oversikt over EU sine kvotar og fangster i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
Torsk22.25015.58016.95814.434
Hyse9.5806.7103.9083.416
Kviting14.92014.920216122
Rauspette10.98010.9807.4707.516
Sild104.00069.33084.53464.514
Brisling39.77037.00027.30918.785
Reker5.6105.6105.6465.078

5.2.5.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar. Til dømes har Nederland ein viktig raudspettekvote i Skagerrak.

Dei fleste artene er utnytta godt. Til dømes nytta EU 76 % av torskekvoten i 1996 og 93 % i 1997, 68 % av raudspettekvoten i begge åra, 81 % av sildekvoten i 1996 og 93 % i 1997, og 69 % av brislingkvoten i 1996 og 51 % i 1997. I 1996 nytta EU rekekvoten sin fullt ut i Skagerrak/ Kattegat og 91 % av denne kvoten er nytta i 1997.

På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

5.2.6 Sverige - Noreg

Tabell 5.22 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS, NORDSJØEN:
Torsk460500531694
Hyse850930654630
Sei1.0601.1509471.106
Kviting1901907267
Augepål80080095174
Makrell2402401.8331.848
Sild8408502.222619
Reke15015082287
Andre arter--134169

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 71 tonn i 1996 og 67 tonn i 1997. Altså har svenskane nesten ikkje fiska kviting dei to siste åra. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. Med unntak for hestmakrell fiskar svenske fartøy svært lite industrifisk i NØS. Svenske fartøy fiska 95 tonn hestmakrell i NØS i 1996 og 171 tonn i 1997.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska kvotane som er presenterte i tabell 5.22.

I hovudsak er det svenske fisket konsentrert om kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.7 Polen - Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1996 og 1997

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1996199719961997
NØS, N 62 ºN:
Kolmule3.0003.000--
Andre artar100100--
NØS, NORDSJØEN:
Torsk--1731
Sei790800369788
Andre artar60803440
FISKERISONEN VED JAN MAYEN:
Kolmule5.0005.000--

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62 ºN gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei da omgjort til ein seikvote, der det var tillatt med inntil 10 % bifangst av andre arter i fisket etter sei.

Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane fiska litt mindre i Nordsjøen i 1996 enn i 1997.

Fotnoter

1.

1 Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

3 Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

3.

4 Fangsttala i grønlandsk farvatn er innmeldte tal.

4.

7 Fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.

8 Førebels TAC.

6.

9 Den norske kvoten ved inngongen til sesongen er 16,5% av førebels TAC, og endeleg norsk kvote er 11% av endelig TAC.

7.

10 Fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

8.

14 Tala frå 1996 og 1997 er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

9.

15 Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden