St.meld. nr. 49 (1998-99)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1999 og fisket etter avtalene i 1997 og 1998

Til innholdsfortegnelse

4 Kontrollordningar

4.1 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I St prp nr 1 (1996-97) heiter det: «Innan området ressursforvaltning er hovudmålet å leggje til rette for eit forsvarleg ressursuttak som sikrar eit høgt varig utbytte frå ressursane». For å kunne nå denne målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Kontrollen blir utøvd av dei ulike fagavdelingane sentralt og direktoratet sin Ytre Etat med 9 regionskontor, herunder eit inspektørkorps som er spreidd langsmed kysten.

Kystvakta, herunder bruksvakttenesta, er underlagd Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei Indre Kystvakt. Det er meininga at Kystvakta også skal gjennomføra fiskerioppsynet innanfor 4. n. mils grensa. Fiskerioppsynstenesta til Den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bl. a. for politi-, toll- og miljøstyresmakter. Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dette vil ein kome nærmare inn på nedanfor. Dei ulike salsorganisasjonane har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i desse landa sine jurisdiksjonsområde.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rette område. Ein kontrollerer også fangstsamansetjinga og at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Når det gjeld fangst av sjøpattedyr, kontrollerer inspektørane ombord i fartøya også at avlivinga skjer i tråd med regelverket. Fiskeridirektoratet har iverksett ei ordning med å ha inspektørar og observatørar om bord på enkelte norske- og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar. På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn, det vil seie innanfor 4 n. mil. Det er derfor sett i verk ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Kontrollverket er til stades på desse fiskefelta. Ved landing blir fangstsammensetjinga kontrollert og oppfiska kvantum blir belasta kvoterekneskapen.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangsaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde. I motsetnad til kva som er vanleg for norske fartøy leverer dei utanlandske fartøya den største delen av fangstane sine i utanlandske hamner. Det er derfor ikkje mogleg å foreta landingskontroll av desse fartøya.

Fartøy som vil fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (aktivmelding). Fangstane skal oppgjevast i kg rund vekt og dei skal spesifiserast på det enkelte fiskeslaget. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før utseiling sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og oppgi kor mykje fisk som er teken sidan siste fangstmeldinga blei sendt (passivmelding). Alle dei meldingstypane som er nemnt ovanfor blir samanhengande lagt inn i kvotekontrollsystemet og gir dermed Fiskeridirektoratet ein oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde, både om kor mange fartøy som deltek i fiske, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som krevst for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og opplysningane vil under kontroll på feltet bli samanhaldne med opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre vil Kystvakta reagere med advarsel, oppbringing eller melde saka til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet er såleis ein særs viktig reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

For å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62° N og fordi ein var kjent med at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62° N, blei det innført ei ordning i desse områda, der utanlandske fartøy skal melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt ved avslutning av fiske. Ordninga tok til å gjelde 1. januar 1994. Som ein del av rapporteringsordninga i NØS nord om 62° N skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tjuefire timar før ankomsten til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen 4 timar.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62° N, blei ei tilsvarande ordning vedteken 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62° N. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærmare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før ankomsten til kontrollområdet, eller før ankomsten til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild.

Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62° N i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

Ved endring av 17. juli 1998 i § 4 bokstav s i lov av 3. juni 1983 om saltvannsfiske m.v, blei Fiskeridepartementet gitt heimel til ved forskrift å kunne krevja at fiskefartøy har ombord og anvender, satellittsporingsutstyr. Innføring av satellittsporing av fiskefartøy vil kunne effektivisere Kystvakten og Fiskeridirektoratet sin kontrollverksemd monaleg, idet ein til ei kvar tid vil ha eit oppdatert bilete over kor fartøy med sporingsutstyr befinn seg.

I same endringslov av 17. juli 1998 til saltfannsfiskeloven blei det i § 45 gitt høve til å kunne påby at fartøy skal ha observatørar ombord i fiskefartøy. Bruk av observatørar ombord i fiskefartøy vil kunne effektivisere kontrollen med utøvelsen av fisket.

4.2 Annan form for kontroll

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar forutset eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med, Russland og EU. Noreg har også inngått avtaler om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU. Førebels gjeld dette Irland, Danmark, Sverige og Færøyane. Noreg inngjekk i 1998 og 1999 særskilde kontrollavtalar med Nederland og Storbritannia.

Etter vedtak i NAFO er det som ledd i forbetringa av kontrollen med fisket, innført ei prøveordning der 35 % av ein nasjon sine fiskefartøy skal kunne sporast med satellitt. Noreg har innført ordninga for alle dei norske fartøya som skal fiske i NAFO sitt reguleringsområde. Det er etter vedtaket i NAFO også eit krav om 100 % observatørdekning ombord på dei fartøya som fiskar i området. Spørsmålet om desse ordningane skal innførast på permanent basis er behandla på NAFO sitt årsmøte i september 1998. Det var på årsmøtet semje om at det seinast frå 1. januar år 2001 skal være installert utstyr for satellittovervåkning ombord på alle fartøy som fiskar i NAFO-området. Det blei også vedteke ein 100 % observatørdekning frå 1. januar 1999 med revisjonsklausular. Vidare er det arbeidd intensivt i NEAFC med eit kontroll-og handhevingsregime. På årsmøtet i NEAFC blei det vedteke at kontroll- og handhevingsregimet for det nordaustlege Atlanterhav skal tre i kraft frå 1. juli 1999.

4.3 Tiltak mot uregulert fiske

I avtala mellom Noreg - Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Som vist til i avtalene med Færøyane og Grønland, har dei to landa forplikta seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som dei blir tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanom Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde i Barentshavet.

I avtala med Polen har Polen forplikta seg til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er sette for bestanden.

Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ei avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jfr. Ot prp nr 3 (1995-96). Både for Noreg og Canada som kystnasjonar er spørsmålet om effektiv regulering av fiskebestandar som vandrar mellom nasjonale soner og ope hav svært viktig. Avtala føregrip på mange måtar FN-avtalen om fiske på det ope hav, av 4. august 1995. Etter avtala kan Noreg og Canada borde, inspisere og ransake eit fartøy som fører flagget til den andre parten, i nærmare avgrensa område på ope hav. Partane kan også bringe opp fartøy og innleie rettsforfølging dersom det ligg føre prov på at fartøy har teke del i fiskeaktivitetar som undergrev gjeldande verne- og forvaltningstiltak.

Uregulert fiske i internasjonale havområde har resultert i internasjonale avtaler som vist til ovanfor. Slikt fiske har også ført til endringar i det norske regelverket retta mot utanlandske fiskarar:

Forskrift av 13. mai 1977 om utlendingar sitt fiske og fangst i Noregs økonomiske sone

Som vist til tidlegare er det i forskrift av 13. mai 1977 sett krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk økonomisk sone. § 6 i forskrifta fastset vilkår for å nekte eller trekkje tilbake ein fisketillatelse. Det heiter:

«Selv om vilkårene for øvrig er til stede, kan tillatelse nektes når fartøyets eier, fører eller mannskap har overtrådt bestemmelsene om fiske eller fangst eller vilkår i gitt tillatelse i områder under norsk fiskerijurisdiksjon, eller når fartøyet har vært brukt ved overtredelsen. Det samme gjelder når fartøyet eller fartøyets eier enten har deltatt i uregulert fiske i internasjonalt farvatn på en fiskebestand som i farvatn under norsk fiskerijurisdiksjon er underlagt reguleringer, eller har deltatt i fiske i strid med reguleringer som er fastsatt av regionale eller subregionale fiskeriforvaltningsorganisasjoner eller -arrangementer.»

Denne føresegna blei teken inn i forskrifta den 25. mars 1994 og blei seinare endra den 19 februar 1999.

En gitt tillatelse kan når som helst trekkjast tilbake av same grunn som i føregående ledd.

Tillatelsen bortfell når vedkommande lands fiskekvote er oppfiska.»

Forskrift av 6. august 1993 om forbod mot landing av fisk fanget i farvatn utanfor norsk fiskerijurisdiksjon

Etter endringar 12. og 24. mai 1995 har forskrifta mellom anna følgjande ordlyd:

§ 1

«Det er forbudt å ilandføre fangst bestående av fisk fra fiskebestand av felles interesse med andre stater som ikke er gjenstand for omforent bestandsregulering, eller som er underlagt norsk regulering.»

§ 2

«Det er forbudt å ilandføre fangst som er tatt i strid med et ønsket beskatningsmønster eller som innebærer at forsvarlige totalkvoter av det aktuelle fiskeslaget vil kunne bli overskredet.»

§ 3

«Forbudene i § 1 og § 2 gjelder uten hensyn til om fangsten er tatt i en stats jurisdiksjonsområde eller i internasjonalt farvatn.»

§ 4

«En fangst skal anses for å være i strid med § 2 når den består av fisk fra fiskebestander som er underlagt norske reguleringer, og er tatt uten grunnlag i fiskeriavtale mellom Norge og flaggstaten, eller av fartøy som er registrert i ein stat som Norge ikke har inngått fiskeriavtale med.»

Til forsiden