St.meld. nr. 49 (1998-99)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1999 og fisket etter avtalene i 1997 og 1998

Til innholdsfortegnelse

5 Fiske etter avtalene i 1997 og 1998

I omtala av fisket etter avtalene for 1997 og 1998 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jf punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte.

Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 1997 og 1998. Ein toårsperiode er eit noko kort tidsrom for å fastslå om endringane i kvoteutnyttinga gjenspeglar ein meir langvarig tendens.

I det følgjeande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder på at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote (TAC) for arten, som blir fordelt på dei aktuelle avtalepartnarane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar i 1997 og 1998

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalene, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten (dette er hovudregelen). Desse tala kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta i motsetnad til dei kvanta som er rapporterte frå fiskefelta. Symbolet ( - ) i tabellane tyder anten ingen fangst eller inga kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noregs kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar etter overføring til 3. land) og fangst i 1997 og 1998 på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk399.000313.000393.902311.312
Hyse1104.00066.000103.60875.317
Lodde----

1 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er ikkje inkludert i hysekvoten .

I tillegg til kvotane av torsk og hyse kjøpte norske reiarlag torsk og hyse frå Russland både i 1997 og 1998. I 1997 utgjorde kvotekjøpet frå Russland 19.500 tonn torsk og 3.500 tonn hyse, og i 1998 17.000 tonn torsk og 3.000 tonn hyse. Det blei også teke fangstar av torsk og hyse til forsking. Både fangstar på kvotar kjøpt frå Russland og forskingsfangst er inkluderte i fangsttala. Når desse tilhøva blir tekne omsyn til, blir det tilsynelatande overfisket av hyse i 1998 redusert til berre eit mindre kvantum.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
RØS:
Torsk50.000150.00021.07418.793
Hyse10.00025.0009.1164.464
Polartorsk----
Haneskjel----
Reker3.0003.0003.0362.021
Grønlandssel5.0005.0005.019832
Lodde----
Bifangstkvote3.0003.0008021.856

5.1.1.2 Kommentarar til oversikten

Av fangstane nord for 62°N fiska Noreg i 1997 5,4 % av torskefangstane og 8,8 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 1998 var 6,0 % for torsk og 5,9 % for hyse. Noreg tar altså relativt små fangstar av torsk og hyse i RØS, av dei totale norske fangstane.

Haneskjel: Noreg sin haneskjelkvote var ikkje talfesta i 1997 og 1998. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde i 1997 og 1998.

Reke: I 1997 var 29 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, medan 30 var med i 1998. Som tabell 5.2 viser vart rekekvoten i 1997 utnytta fullt ut.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62°N. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandene i Nordsjøen i 1997 og 1998:

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk9.85014.1105.8135.749
Hyse24.32023.0502.3503.010
Sei54.80045.44046.40049.567
Kviting7.4006.0007464
Raudspette3.1003.0901.6201.004
Makrell103.900112.18096.606103.710
Sild44.76071.91093.33397.619

1 Desse fangstane er foreløpig statistikkfrå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre makrellkvotar tildelt i andre område, til fiske i Nordsjøen (ICES område IVa). Inntil 60.000 tonn av makrellkvoten nord for 62° N kunne såleis bli fiska i den nordlege delen av Nordsjøen både i 1997 og 1998. Likeins kunne makrellkvoten vest av 4° V på 10.100 tonn i 1997 og 12.020 tonn i 1998, fiskast i denne delen av Nordsjøen. Dette forklarer óg den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 5.4).

Noreg sine sildefangstar inkluderer også fangstar av norsk vårgytande sild (NVG-sild) som er fiska i Nordsjøen i perioden januar - mai. Når dette blir teke omsyn til, er ikkje kvotane av nordsjøsild overfiska.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Slike bifangstar varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst.

5.1.2.2 Oversikt over Noreg sine kvotar i EU sine farvatn (EUF) og oversikt over dei kvotane Noreg har fått tildelte frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar for 1997 og 1998.

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone av både EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Noreg nytter desse kvotane i så stor grad at med føresetnaden om at EU-kvotane vert fiska først, vert talet for fangst av blåkveite lik kvotetala slik dette fremgår av tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merka (*) avtaler EU og Noreg storleiken på totalkvotane (TAC) for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangster1 i Eu sine farvatn og tildelte kvoter frå EU i grønlandsk farvatn i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
EUF, Nordsjøen:
Torsk*10.55014.8001.5301.458
Hyse*15.00015.000212529
Sei*45.00045.0007.11618.202
Kviting*7.4006.0002521
Raudspette*3.1003.0901.358634
Makrell*33.94040.4007-
Sild*46.11050.00020.56927.124
Augepål20.00020.000250-
Tobis30.00030.0001.8356.090
Brisling25.00019.0002.72516.900
Reke300100--
Hestmakrell5.0005.0004.504365
Andre arter5.0005.0002.2003.538
EUF, V 4°V:
Makrell10.10012.020--
Sild4.9003.0002.0502.056
Kolmule255.000245.000245.683246.581
Blålange3.0003.0007927
Lange13.00013.0007.3869.432
Brosme7.0007.0003.0392.966
Pigghå1.100600-0
Brugde (lever)100100--
Håbrann200200-11
Kombinert kvote2.0001.400--
Blåkveite1.7001.500977933
Andre arter3.0003.000476699
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite1.2001.0001.2001.000
Kveite200200--
Skolest/Isgalt1.2008001115
EUGRL, Austgrønland:
Reker2.5002.5002.4501.335
Blåkveite1.4501.1501.4501.150
Kveite200200200200
Lodde25.00016.000--

1 Fangsttala i grønlandsk farvatn er innmelde tal.

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

Augepål/tobis: I den delen av Nordsjøen som omfattar EU-farvatn kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i både 1997 og 1998. Det er den norske industritrålarflåten (ca. 60 - 70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis på 50.000 tonn. Det vart ikkje fiska augepål vest av 4°V i 1997 eller 1998.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomiske soner. Samla fiska dei norske industritrålarane 47.000 tonn augepål og 350.700 tonn tobis i Nordsjøen i 1997. Tilsvarande tal for 1998 var 27.600 tonn augepål og 342.900 tonn tobis; 1997- og 1998- kvantumet av tobis var uvanleg stort. Fisket i EU-sona utgjorde ein liten del av totalfangstane.

Kolmule: Av Noregs kolmulekvote kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1997 og 1998. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild i både 1997 og 1998. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane og i færøysk sone. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 348.300 tonn kolmule i 1997 og 571.125 tonn i 1998samla i desse områda. Omlag 40 fartøy av dei konsesjonspliktige ringnotfartøya var med i kolmulefisket dei to åra.

Blålange/lange/brosme: Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4° V (ICES område Vb, VI og VII).

I fisket med line vest av 4° V kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Bifangsten kunne likevel overstige 25 % i dei første 24 timane etter starten av fiske på eit fiskefelt. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde (lever) og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen (ICES område IV) i 1997 og 1998.

Kombinert kvote vest av 4° V: Kvoten galdt linefiske etter havmus, mora mora, skjellbrosme, isgalt, skolest og andre artar.

Andre artar (Nordsjøen): Kvoten omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU sine farvatn. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy ikkje har høve til å driva eit direkte fiske på.

Sild vest av 4°V: Kvoten var reservert for den norske ringnotflåten. 74 fartøy deltok i 1997 mot 57 fartøy i 1998.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62° N og vest av 4° V. Fisket vest av 4° V kunne berre utøvast med line. Tala frå EU viste at norske fartøy i 1997 hadde fiska 977 tonn, og 933 tonn i 1998.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/ Grønland vert nærmare omtalt i punkt 5.1.5.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone (FS) i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
FS:
Lange3.6503.6001.7012.704
Brosme--1.1811.482
Sei1.5001.5004654
Blålange--12155
Blåkveite30010032105
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb1001000,10,7
Makrell9.0009.600--
Hestmakrell5.000---
Kolmule27.00036.00030.52537.325
Brugde (lever)100100--
Andre arter--1.0672.067

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

Botnfiskkvoten: I 1997 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.150 tonn i færøysk sone mot 5.100 tonn i 1998, herav maksimalt 1.500 tonn sei. I tabell 5.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 300 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 1997 og 100 tonn blåkveite og 100 tonn beiflabb i 1998 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Ingen fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite i 1997, mot eitt fartøy i 1998. Det vart teke 32 tonn blåkveite som bifangst i 1997. I 1998 vart det teke 105 tonn blåkveite i direktefiske. Det blei teke svært små kvanta breiflabb som bifangst begge åra.

Samla blei det fiska 3.606 tonn botnfisk i færøysk sone i 1997 og 5.102 tonn i 1998. Fangsten av blåkveite og breiflabb er ikkje med i desse fangsttala. I 1997 var 19 norske fartøy med i fiske på botnfiskkvoten i færøysk sone, mens 30 fartøy deltok i 1998.

Fisket etter håbrann/pigghå var eit prøvefiske i 1997 og 1998. Norske fartøy starta ikkje slikt fiske.

Kolmule: Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Utbreiinga og førekomstane av kolmule i færøysk sone varierer frå år til år. Norske fartøy fiska 30.500 tonn kolmule i 1997 og 37.300 tonn i 1998.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Vest-Grønland:
Blåkveite700600698404
Aust-Grønland:
Blåkveite2502001468
Kveite400400385152
Uer3.00011.1002367814
Vest-Grønland og Aust-Grønland:
Torsk1.2001.200-2

1 1.000 tonn i den bilaterale avtalen Grønland-Noreg, og 2.000 tonn tildelt Noreg i den bilaterale avtalen EU-Noreg.

2 100 tonn i den bilaterale avtalen Grønland-Noreg, og 1.000 tonn tildelt til Noreg i den bilaterale avtalen EU-Noreg.

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64° 30' N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Likeins kunne berre 85% av blåkveitekvotane fiskast med trål. Det deltok 5 trålarar og 2 linefartøy i fisket i 1997, medan det var 4 trålarar og 1 linefartøy med i fisket i 1998. Kvotane blei godt utnytta i 1997.

I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 10 linefartøy i 1997, medan 8 linefartøy og 4 trålarar deltok i 1998.

I 1997U-Norge. og 1998 var det 19 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, jf. tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. 16 fartøy deltok i rekefisket i 1997 mot 11 i 1998.

I 1998 fiska Noreg 814 tonn uer av ei kvote på 1.100 tonn, noko som var ei betre utnytting av kvota enn i 1997. (Sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.8).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 1997 fiska 10 linefartøy, og i 1998 fiska 8 linefartøy. 2 av desse linefartøy i 1997 og 3 av linefartøya i 1998 fekk ein høgare fartøykvote fordi deira fiske var innretta mot kveite.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). Når situasjonen for bestanden betrar seg vil dette kunne vere ein viktig kvote for norske fartøy.

Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre arter.

5.1.5 Noreg - Grønland - Island, om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i dei to loddesesongane 1997/98 og 1998/99. Loddesesongen startar 1. juli og varer fram til 31. april det følgjande året.

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Lodde159.150112.000156.700102.394

1 Fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet

5.1.5.1 Kommentarar til oversikten

1997/1998 sesongen: Noreg overfiska sin kvote i sesongen 1996/97, dermed måtte Noreg kompensera Island med et kvantum på 5.000 tonn. På bakgrunn av dette var Noreg sin førebels kvote frå starten av sesongen (850.000 2x16,5 3 %)+25.000 (frå EU) - 5.000 (kompensasjon) = 160.250 tonn. Seinare vart endeleg TAC for 1997/98 sett til 1.265.000 tonn. Endeleg norsk totalkvote for sesongen 1997/98 vart då på 159.150 tonn. 60 % av kvoten kunne fiskast i islandsk sone.

I sesongen 1997/98 innførte Island ei strengare adgangsbegrensning til islandsk sone ved at Island berre ville utferde 30 lisensar til ei kvar tid.Dette skapte hindringar i fisket, grunna at ein ikkje fekk lisensiert fartøy i helgene og på kveldstid.

Til saman blei det fiska 156.700 tonn i sesongen 1997/98 og totalt deltok 78 konsesjonspliktige ringnotfartøy.

Trepartsavtala frå 13. april 1994 vart sagt opp med verknad frå 1. mai 1998. Ny trepartsavtale vart inngått 20. mai 1998. Den nye avtala gjeld fram til 30. april 2001. Fordelinga mellom partane i den nye avtala gjev 11% til Grønland, 81 % til Island og 8% til Noreg (mot tidlegare 11%, 78% og 11%).

1998/1999 sesongen: Noreg hadde sin førebels kvote frå starten av sesongen (946.667 4x12 5%)+16.000 (frå EU) = 129.600 tonn. Seinare vart endeleg TAC for 1998/1999 sett til 1.200.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 1998/99 vart då på 96.000 tonn. I tillegg kom 16.000 tonn fra Noreg-EU avtala slik at samla norsk kvote var på 112.000 tonn.

Til saman blei det fiska 102.598 tonn i sesongen 1998/99 og totalt deltok 80 konsesjonspliktige ringnotfartøy.

5.1.6 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei øvrige artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i 1997 og 1998

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk520650413305
Hyse290290188188
Sei--313395
Kviting2802801816
Rauspette22022024959
Sild10.67010.67011.53310.557
Makrell--824922
Brisling3.0003.0004081.200
Reker4.8906.1305.4516.515

1 Fangsttala er foreløpige tallfrå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 1997 blei det fiska 910 tonn innanfor grunnlinja, medan tilsvarande tal for 1998 var 975 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 1997 og 1998 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 1997 vart sildekvoten delt med 2.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. I 1998 vart kvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppen og det resterende kvantumet til ringnotgruppen.

Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, medan kystreketrålarane var med i rekefisket.

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild.

5.1.7 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet (NAFO området).

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i 1997 og 1998

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk555185--
Lodde----
Reker--1.7381.315

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Det året hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn i 3NO.

Totalt fiska 2 reketrålarar i 1997 og 1998, noko som er ein monaleg reduksjon frå åra 1993-1995 då det deltok mellom 15 og 27 fartøy. Dette fisket var nytt frå våren 1993 då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit svært viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Rekefisket blei innsatsregulert, og Noreg hadde i 1997 og 1998 1.985 fangstdøgn.

5.1.8 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine fangstar av uer i Irmingerhavet i 1997 og 1998

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Uer9.0007.1002.285758

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. I 1997 blei totalkvoten fastsett til 158.000. Av denne TAC fekk Noreg 6.000 tonn samt overføringar på 3.000 tonn frå andre avtalepartnarar. Noreg hadde altså ein uerkvote på 9.000 tonn i 1997. Av TAC i 1998 på 153.000 fekk Noreg 6.000 tonn samt overføringar på 1.100 tonn frå andre avtalepartnarar. I 1997 deltok sju fartøy i uerfisket, medan tre fartøy var med i 1998. Noreg har ikkje nytta uerkvoten særleg godt i dei to åra.

5.1.9 Norsk vårgytande sild - Fempartsavtala i 1997 og 1998

Frå og med 1997 blei firepartsavtala frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) utvida ved at EU også blei delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane. Avtala frå 1997 blir kalt fempartsavtala.

Tabell 5.11 Oversikt over kvotar og fangstar i fempartsavtalen i 1997 og i 1998

NasjonKvotar (tonn)Fangst (tonn)
1997199819971998
EU125.000109.000127.76391.665
Færøyane82.00071.00060.13868.649
Island233.000202.000220.065200.022
Noreg854.000741.000852.126743.000
Russland204.000177.000168.761128.357
Totalt1.498.0001.300.0001.428.8531.233.691

Tabell 5.12 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1997

Nasjon(a)1EUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU96.19613.7292.436-66914.733127.763
Færøyane16.3558016.509-3.64823.54660.138
Island89.842-101.46114820.6577.957220.065
Noreg5.062-510-5.904840.650852.126
Russland15.598-3.104--150.059168.761
Totalt223.05313.809124.02014830.8781.036.9461.428.853

1 Definert som internasjonalt havområde

Tabell 5.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1998

Nasjon(a)1EUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU37.64128.3983.265-4.95817.40391.665
Færøyane6.2711.24012.86816.4459.16822.65768.649
Island22.338-64.81926.59879.3576.910200.022
Noreg2.629-979-2.846736.546743.000
Russland4.467-5.502--118.388128.357
Totalt73.34629.63887.43343.04396.329901.9041.231.693

1 Definert som internasjonalt havområde

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten:

Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1997 foregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone, men ein tok vel 5.000 tonn i internasjonalt havområde, 500 tonn i færøysk sone og vel 5.900 tonn i Jan Mayen sonen. Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1998 foregjekk også i hovudsak i norsk økonomisk sone, men ein tok vel 2.600 tonn i internasjonalt havområde, 900 tonn i færøysk sone og vel 2.800 tonn i Jan Mayen sonen. Noreg har i dei to åra nytta kvoten sin fullt ut.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 1997 og 1998. I 1997 fiska Russland dessutan 15.600 tonn i internasjonalt havområde og 3.100 tonn i færøysk sone mot 4.400 tonn og 5.500 tonn i dei same områda i 1998. Russland har ikkje nytta kvoten sin fullt ut.

Island har i 1997 fiska nesten 8.000 tonn i norsk økonomisk sone, mot nesten 7.000 tonn i 1998. Island har i 1998 fiska mindre i internasjonalt havområde og i færøysk sone enn i 1997. I dei andre områda har fisket auka i 1998 i høve til 1997. I 1997 nytta ikkje Island heile kvoten sin,derimot har Island nytta kvoten sin omlag fullt ut i 1998.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 1997 utanom i den islandske sone. I 1998 fiska dei i alle sonene. I motsetnad til i 1997 fiska dei omlag heile kvoten i 1998.

EU fiska heile kvoten i 1997 medan dei ikkje tok heile kvoten i 1998. Fartøy frå EU har drevet fiske i alle sonene utanom den islandske sonen både i 1997 og 1998.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998.

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Russland sine kvotar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3.land, og fangstar 6 var følgjande i 1997 og 1998:

Tabell 5.14 Russiske kvotar på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland i 1997 og 1998:

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk387.000301.000313.344244.115
Hyse96.00058.00041.22820.559
Lodde----

Tabell 5.15 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS N 62°N:
Torsk150.000150.00069.18743.922
Hyse25.00025.00010.2127.000
Sei2.5003.5001.8083.701
Blåkveite--271446
Steinbit2.0002.0001.5531.395
Uer1.000750355646
Snabeluer2.0003.0503.3423.153
Kolmule50.00050.0009.42615.457
Lodde----
Sild150.000141.500150.499121.767
Andre arter3.0003.000262496
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Reker750750--
Sild12.00011.000--

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Russland sin kvote av torsk i NØS blir nytta godt. 46,1 % blei fiska av kvoten i 1997 og 29,3 % i 1998. Russland fiska 22 % av sin samla torskefangst på 313.344 tonn i NØS i 1997, medan tilsvarande tal i 1998 var 18 %.

Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 40,8 % i 1997 og på 28 % i 1998. Russland fiska 24,8 % av sin samla hysefangst på 41.228 tonn i NØS i 1997, medan tilsvarande tal for 1998 var 34 %.

Kvotane for sei, steinbit og uer er bifangstkvotar.

Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I 1998 fiska Russland 5.014 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen.

Russland utnytta ikkje kvotane for norsk vårgytande sild i norsk sone fullt ut i 1998 i motsetnad til i 1997.

Kvoten av andre artar for 1997 og 1998 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.17. EU sine kvotar og fangstar 7 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 1997 og 1998 var følgjande:

Tabell 5.16 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland i 1997 og 1998.

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk104.450125.20092.876109.070
Hyse88.78091.05070.57568.775
Sei55.20046.56047.45646.763
Kviting66.60054.00031.34923.546
Raudspette74.11083.91079.53368.644
Makrell16.95020.19018.61221.492
Sild112.890180.340117.044161.839

Kvotane av sei og makrell omfatta Nordsjøen og Skagerrak. EU nytta i 1997 kvotane av raudspette, makrell og sild fullt ut. I 1998 var det kvotane av sei og makrell som vart nytta fullt ut. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.17 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS, N 62°N:
Torsk35.65027.08032.75521.310
Hyse4.0002.5003.9572.038
Sei4.0004.0003.9834.116
Blåkveite100100146181
Uer1.7501.7501.293481
Snabeluer1.7501.750528324
Makrell10.10012.020--
Andre arter450700175269
NØS, Nordsjøen1
Torsk*55.50060.49025.34525.126
Hyse*53.93061.90021.23715.811
Sei*46.15046.12020.89318.455
Kviting*25.19025.1901.3531.092
Raudspette*40.00040.0004.2505.668
Makrell*17.19020.43020.91524.381
Sild*50.85050.85020.48225.531
Augepål50.80050.80033.65218.863
Kolmule--22.96343.585
Tobis150.000150.00098.610124.768
Reke1.2301.265653623
Andre arter11.19011.1909.3128.931
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EU sine kvotar i norsk jurisdiksjonsområde, her Nordsjøen, er både i 1997 og i 1998 sett samen frå to kvoteavtaler, nemleg avtale mellom EU-Noreg og avtale mellom Sverige -Noreg for å kunne samanlikna kvotane med fangsttala i tabell 5.17. Avtalen Sverige-Noreg er dessutan presentert under punkt 5.2.6.

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 5.17 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Etter ein opptrappingsplan som gav EU ein tilleggskvote på 11.000 tonn torsk i 1997, vart kvoten frå og med 1998 på 1,24% av TAC, noko som gav ein tilleggskvote på 8.110 tonn i 1998.

EU sin makrellkvote nord for 62° N kunne også fiskast sør for 62° N i ICES område IVa i 1997 og 1998. Dette forklarer avvika mellom kvotetal og fangsttal for Nordsjøen.

EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

I begge åra har EU nytta sei-, hyse- og blåkveitekvotane fullt ut.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°N som andel av EU sine samla fangstar utgjer i 1997 og 1998 følgjande prosentar, for torsk 27 % og 23 %, for hyse 30 % og 23 %, for sei 44 % og 39 %, for kviting 4 % og 5 % og for raudspette 5 % og 8 %.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 27.050 tonn i 1997 og 32.210 tonn i 1998. EU utnytta 77 % av denne kvoten i 1997 og 76 % i 1998.

EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 17 % i 1997 og 18 % i 1998.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.000 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.000 tonn var respektive 78 % i 1997 og 94 % i 1998.

EU hadde ei utnytting på 85 % av kvoten andre artar i 1997 og på 81 % i 1998.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.18 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS, N 62°N:
Torsk3.3004.1003.3014.115
Hyse3401800340788
Sei--193366
Blåkveite--1237
Uer3505702198
Kolmule6.0001.000--
Lodde----
Makrell3.0003.950--
Andre arter--25.13322.037
NØS, Nordsjøen:
Sei1.9001.3803061.304
Sild500900540847
Augepål20.00029.0005.2095.704
Makrell--2.9784.139
Hestmakrell5.0005.000--
Håbrann/pigghå300300--
Andre arter--662261
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule5.0001.000--

1 Kvoten på hyse var i utgangspunktet 1.050 tonn, av dette var 50 tonn tildelt frå Russland. Etter samtykke frå Noreg og Russland overførte Færøyane restkvota frå NØS til RØS etter at torskefisket i NØS vart stoppa

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord for 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av dei russiske kvotane fiskast i NØS. I 1997 utgjorde kvotane frå Noreg 3.200 tonn torsk, 1.000 tonn hyse og 300 tonn uer, medan kvotane frå Noreg representerte 2.600 tonn torsk, 550 tonn hyse og 250 tonn uer i 1998. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 5.18 og kvotane frå Noreg representerer altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Uerkvoten nord for 62°N er ein samlekvote for uer, sei og blåkveite og andre artar enn dei som er nemnt. Det kunne i 1997 ikkje fiskast meir enn 150 tonn kvar av artane uer og sei. I 1998 var kvoten av sei endra frå 150 tonn til 370 tonn. Blåkveite og uer kunne berre fiskast som bifangst.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vore fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør for 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 20.000 tonn i 1997 og 29.000 tonn i 1998 omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS i 1997 og 1998. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på 5.000 tonn hestmakrell og 300 tonn håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62°N.

Både i 1997 og 1998 har Færøyane fiska kvotane av torsk, sild og omlag kvoten av hyse i NØS. Makrellkvoten i 1997 og i 1998 blei oppfiska. Seikvotane i Nordsjøen vart ikkje nytta fullt ut i 1997, medan kvota i 1998 vart omlag nytta fullt ut. Fisket etter augepål, kolmule og tobis har ikke endra seg stort frå frå 1997 til 1998.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS, N 62°N:
Torsk4.15013.62024.0623.759
Hyse9505501.048641
Andre artar410520410495
NØS, Nordsjøen:
Torsk200200--
Sei550550--
Andre artar----

1 Av dei 4.150 tonn er det inkludert ei overføring på 1.000 tonn torsk og hyse (samla) frå Russland.

2 Av dei 3.620 tonn er det inkludert ei overføring på 1.000 tonn torsk og hyse (samla) frå Russland.

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

I NØS nord for 62°N har Grønland nytta torske- og hysekvotane fullt ut i 1997 og i 1998.

Torsk, hyse, sei og annan botnfisk i Nordsjøen: I NØS sør for 62° N hadde Grønland i 1997 og i 1998 ein kvote på 750 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn. I 1997 og 1998 fekk Grønland høve til også å fiske annan botnfisk enn dei nemnte artane. Dette skulle kunne medverke til at også linefartøy frå Grønland skulle kunne ta del i fisket i Nordsjøen.

Grønland har altså nytta kvotane sine av torsk nord for 62°N fullt ut, medan fartøy frå Grønland ikkje har fiska i Noregs økonomiske sone av Nordsjøen i 1997 eller i 1998

5.2.5 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei øvrige artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.20 Oversikt over EU sine kvotar og fangster i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
Torsk15.58019.35014.43414.368
Hyse6.7106.7103.4163.782
Kviting14.92014.920122111
Rauspette10.98010.9807.5166.326
Sild69.33069.33064.51469.074
Brisling37.00037.00018.78528.870
Reker5.6107.0305.0784.999

5.2.5.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar. Til dømes har Nederland raudspettekvote i Skagerrak.

Dei fleste artene er utnytta godt. Til dømes nytta EU 93 % av torskekvoten i 1997 og 74 % i 1998, 68 % av raudspettekvoten i 1997 og 58 % i 1998, 93 % av sildekvoten i 1997 og 99,6 % i 1998, og 51 % av brislingkvoten i 1997 og 78 % i 1998. I 1997 nytta EU 91 % av rekekvoten i Skagerrak/ Kattegat og 71 % av denne kvoten er nytta i 1998.

På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

5.2.6 Sverige - Noreg

Tabell 5.21 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS, Nordsjøen:
Torsk500490694504
Hyse930900630434
Sei1.1501.1201.0941.391
Kviting1901906770
Augepål8008001741.096
Makrell2402401.8482.371
Sild8508506191.483
Reke150185287185
Andre arter--169174

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 67 tonn i 1997 og 70 tonn i 1998. Altså har svenskane ikkje fiska kviting dei to siste åra. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. Med unntak for hestmakrell har svenske fartøy før 1998 fiska svært lite industrifisk i NØS. I 1998 fiska svenske fartøy 1.089 tonn tobis. Svenske fartøy fiska 171 tonn hestmakrell i NØS i 1997, men ingen i 1998.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 5.21.

I hovudsak er det svenske fisket konsentrert om kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.7 Polen - Noreg

Tabell 5.22 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1997 og 1998

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1997199819971998
NØS, N 62°N:
Kolmule3.0003.000--
Andre artar100100--
NØS, Nordsjøen:
Torsk--3124
Sei800800788823
Andre artar80804032
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule5.0005.000--

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei da omgjort til ein seikvote, der det var tillatt med inntil 10 % bifangst av andre arter i fisket etter sei.

Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 1997 og 1998.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Førebels TAC.

3.

Den norske kvoten ved inngongen til sesongen er 16,5% av førebels TAC, og endeleg norsk kvote er 11% av endelig TAC.

4.

Førebels TAC.

5.

Den norske kvoten ved inngongen til sesongen er 12 % av førebels TAC, og endeleg norsk kvote er 8 % av endelig TAC.

6.

Tala frå 1997 og 1998 er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

7.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden