St.meld. nr. 49 (1998-99)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1999 og fisket etter avtalene i 1997 og 1998

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Noreg inngår årlege avtaler som gir norske fiskarar kvotar i sonene til andre land så som Nordsjøen, vest av Dei britiske øyane, Skagerrak/Kattegat, ved Grønland, Island, Færøyane, i Irmingerhavet og ved Flemish Cap.

Totalkvoten for torsk i Barentshavet er redusert frå 654.000 tonn i 1998 til 480.000 tonn i 1999, grunna utviklinga i den norsk arktiske torskebestanden. Også totalkvoten for hyse blei redusert i 1999. Bestandssituasjonen for blåkveite førte til at det heller ikkje i 1999 vart opna opp for eit direkte fiske etter blåkveite. Loddebestanden er i følgje Det internasjonale havforskningsrådet innanfor trygge biologiske grenser, og det er derfor sett i gong eit eksperimentelt fiske etter lodde i Barentshavet i 1999. Den norske kvoten er på 48.000 tonn og skal gå til konsum. Av omsyn til bestandssituasjonen for uer er det også i 1999 sett forbod mot eit direkte fiske etter uer i områda nord for 70° N. Eit avgrensa russisk uerfiske er unntatt frå forbodet, som ledd i den vitskaplege kartlegginga av uerbestandane.

Noreg og EU blei i 1997 samde om å setje i verk eit nytt silderegime i Nordsjøen med verknad frå 1. januar 1998. Dette løyste eit av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Etter den nye sildeavtala har Noreg ein andel på 29 % av totalkvoten for sild, som i 1999 er sett til 265.000 tonn. Dette er ein auke med 11.000 tonn samanlikna med 1998. Som ein følge av det nye silderegimet er det også i 1999 sett sterke begrensningar i uttaket av ungsild.

Arbeidet med å kartleggje kva tiltak som skal iverksetjast for å gjere forvaltningsregimet for makrell betre, skal intensiverast i 1999. Noreg og EU har i avtala for 1999 bunde seg til å setje i gong interne og bilaterale prosessar for å evaluere makrellforvaltninga. Noreg og EU skal ha eit første møte om makrell i juni 1999. Totalkvoten for makrell er etter avtala mellom Noreg og EU den same i 1999 som i 1998, på 484.615 tonn. Det blir også holdt eit møte om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane våren 1999.

Noreg og EU har i fleire år forvalta makrell, rødspette og sild etter fleirårige forvaltningsstrategiar for å byggje opp att desse bestandane. Desse gjeld også for 1999. Det er semje om å utarbeide fleirårige forvaltningsstrategiar basert på føre var prinsippet for bestandane i Nordsjøen. Ei arbeidsgruppe skal innan dei regulære forhandlingane om kvotar i år 2000 startar, fremje forslag om slike strategiar.

Totalkvotane for torsk, hyse og kviting blei i tråd med anbefalinga frå havforskarane reduserte samanlikna med i 1998. Sei- og raudspettekvotane er auka i 1999.

Utenriksministrane frå Noreg, Russland og Island underskreiv den 5. mars 1999 ei tresidig fiskeriavtale om samarbeid om fiskeri. Denne avtala forutset at partane skal inngå bilaterale protokollar Noreg - Island og Island - Russland om byte av fisk. Den 13. april 1999 blei det inngått bilaterale protokollar under trepartsavtala. Avtala og protokollane skal tre i kraft så snart dei er ratifiserte av dei tre landa.

Etter den nye trepartsavtala om lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, underskriven 18. juni 1998, er den norske andelen av totalkvoten for lodde på 8 %. Noreg har ein kvote på 112.000 tonn loddesesongen 1998/1999. Inkludert i denne kvoten er eit kvantum på 16.000 tonn tildelt frå EU kalenderåret 1998.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland forhandla fram ei avtale om fiske av norsk vårgytande sild i 1999 på 1.300.000 tonn for dei fem landa. Dette er same kvoten som i 1998. I samband med avtala er det inngått bilaterale avtaler med dei andre partane om gjensidig løyve til å fiske i dei ulike økonomiske sonene.

NEAFC har sett ein kvote på 102.000 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild på 1.302.000 tonn som er fastsett for 1999. Den norske kvoten er på 741.000 tonn. Det er sett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn i 1999.Uerkvoten blei sett til 153.000 tonn. Noreg sin kvote er i 1999 på 6.000 tonn.

Med sikte på ei framtidig regulering av fisket etter makrell og kolmule i internasjonalt farvann nedsette NEAFC i 1997 ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til forvaltningstiltak for desse bestandane, herunder kvoteandelar. På eit ekstraordinært møte i 1999 stemte fleirtalet av NEAFCs medlemmer for ei regulering av fisket etter makrell i det internasjonale havområdet «Smotthavet» basert på ein totalkvote på 44.000 makrell. Russland og Island stemte mot forslaget.

Noreg har vore representert i ulike møte i fleirnasjonale organisasjonar som CCAMLR, ICCAT og SEAFO, jf. omtale nedanfor.

Rekefisket frå land som tradisjonelt har fiska reker i fiskevernsona ved Svalbard er regulert med fiskedøgn og antal fartøy. Dei landa som kan fiske reker i fiskevernsona er Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland.

Som ei vidareføring av Regjeringa sitt arbeide med å auke kontrollen med fisket, blei det tidleg i 1999 underskriven ei bilateral kontrollavtale med Storbritannia. Avtala erstattar og utfyller ei tidlegare avtale mellom Noreg og Skottland. Noreg har utover denne avtala inngått bilaterale kontrollavtaler med Irland, Færøyane, Nederland, Sverige og Danmark. Noreg har frå tidlegare ei kontrollavtale med Canada. Også Noreg og Russland er samde om å vidareføre samarbeidet om kontroll med fisket i Barentshavet. Kontroll med uttaket av fisk står sentralt i arbeidet for å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. Noreg og EU er derfor i avtala for 1999 samde om ytterlegare å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving. Det er mellom anna semje om å iverksetje eit satellittbasert sporingsystem for fartøy som fiskar i deira soner innan 1. januar 2000. For å få eit korrekt bilete av kor mykje som reelt sett blir tatt ut av havet, skal partane halde fram med arbeidet for ei harmonisering av målemetodane for vatninnhald i landingar av pelagiske artar. Ei arbeidsgruppe er nedsett for å sjå på moglege løysingar.

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62°N fullt ut i 1998, men det gjenstod kvantum av torsk i 1997. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62°N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland i både 1997 og 1998.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 1997 og 1998.

Den norske kolmuleflåten fiska svært mykje kolmule i internasjonalt område i 1998. Det vart fiska 240.000 tonn kolmule i internasjonalt område, eit kvantum langt utover det som har vore vanleg i tidlegare år. I tillegg utnytta norske fartøy kolmulekvoten i EU-sona fullt ut. Norske fartøy fiskar tradisjonelt også kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen. Norske fartøy utnytta kvoten i Færøy-sonen fullt ut både i 1997 og 1998.

Norske linefartøy utnytta omlag 52 % av botnfiskkvotane av lange og brosme i EU sine farvatn i 1997, mens utnyttingsgraden var omlag 62 % i 1998.

I færøyske farvatn har norske fartøy fiska mest lange og brosme innanfor botnfiskkvoten.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite og reker av stor verdi. Kvotane for blåkveite og kveite blir godt utnytta. Rekekvoten blei godt utnytta i 1997, men ikkje fullt ut nytta i 1998.

Den norske loddekvoten i områda ved Grønland, Island og Jan Mayen i 1997/98 sesongen, vart godt utnytta. I sesongen 1998/99 har ikkje dei norske fartøyane fiska heile kvoten.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 1997 og 1998.

Sidan våren 1993 har norske fartøy fiska reker i NAFO-området på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har historisk ikkje vore kvoteregulert, men med verknad frå 1996 blei det inngått ein internasjonal avtale om å regulere talet på fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Sjølv om den norske deltakinga i 1997 og 1998 er redusert i høve til 1996, er rekefisket ved Flemish Cap eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtaler med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra, men er sidan redusert til i overkant av 750 tonn i 1998. Med verknad frå 1996 blei det inngått ei internasjonal avtale for fiske i området og Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 6.000 tonn i 1997 og 1998. Noreg har ikkje nytta denne uerkvoten særleg godt i dei siste åra.

I 1997 overfiska EU kvoten sin av norsk vårgytande sild, medan Russland, Island og Færøyane ikkje nytta kvoten fullt ut. Noreg fiska omlag heile kvoten. I 1998 var det berre Noreg som fiska heile kvoten. Det blei i begge åra samla sett fiska mest i den norske økonomiske sona.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på konsumfiskartar, sild, makrell og industrifisk, (tobis, augepål, kolmule, hestmakrell og brisling). EU si utnytting av makrellkvoten i norsk sone av Nordsjøen i 1997 og 1998 er god. EU har dessutan nytta godt av torsk-, hyse- og seikvotane i norsk område av Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak er også gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark).

I motsetnad til i dei siste åra blei Færøyane sin seikvote i Nordsjøen omlag nytta fullt ut i 1998. Færøyane har fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 1997 og 1998.

Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtalen i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. Det er ikkje registrert noko grønlandsk fiske i 1997 eller 1998.

For Sverige gjeld at dei i hovudsak utnyttar torske-, sei-, makrell-, silde-, og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen. Sverige utnytta industrifiskkvoten dårleg i 1997, mens denne kvoten blei utnytta fullt ut i 1998.

Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden