St.prp. nr. 1 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing

1 Oversiktstabellar

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 2 785,2 mill. kr. Dette er ein nominell nedgang på 2,7% samanlikna med saldert budsjett for 2002. Nedgangen kjem i hovudsak av at løyvinga til miljøtiltak på Kola er redusert i samsvar med den avtalte utbetalingstakten for tilskotet i 2003. Det samla norske tilskotet blir ikkje endra som følgje av denne reduksjonen. Beredskapsansvaret for akutt forureining er flytt frå Miljøverndepartementet til Fiskeridepartementet saman med løyvingane til dette formålet. Når ein justerer for desse endringane, er det likevel ein auke på Miljøverndepartementet sitt budsjett med 3,9 %.

Utgifter:

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

126 260

515 341

459 450

-10,8

1401

Opplysningsverksemd, tilskot til organisasjonar

37 734

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

318 508

337 236

344 912

2,3

Sum kategori 12.10

482 502

852 577

804 362

-5,7

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1422

Biomangfald, friluftsliv og kulturminne

16 325

1425

Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

87 512

68 345

61 510

-10,0

1426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

81 831

88 952

87 657

-1,5

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

451 483

457 803

500 505

9,3

Sum kategori 12.20

637 151

615 100

649 672

5,6

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1429

Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

200 251

212 120

219 477

3,5

1432

Norsk kulturminnefond (jf. Kap 4432)

6 500

Sum kategori 12.30

200 251

212 120

225 977

6,5

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

651 831

613 191

605 744

-1,2

1442

Miljødata, forureining og miljøeffektivitet

73 115

1443

Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

138 791

57 218

-100,0

1444

Produktregisteret

12 213

14 640

19,9

2422

Statens miljøfond

53 580

46 000

16 350

-64,5

Sum kategori 12.40

917 318

728 622

636 734

-12,6

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1463

Regional og lokal planlegging

33 269

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

323 217

338 220

349 254

3,3

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

17 141

9 896

9 896

0,0

Sum kategori 12.50

373 628

348 116

359 150

3,2

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

1470

Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470)

74 259

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

116 021

107 072

109 283

2,1

Sum kategori 12.60

190 280

107 072

109 283

2,1

Inntekter:

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)

3 478

1 323

1 375

3,9

4410

Miljøvernforsking (jf. kap. 1410)

5 868

4 668

4 000

-14,3

Sum kategori 12.10

9 346

5 991

5 375

-10,3

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

87 545

68 345

61 510

-10,0

4426

Statens naturoppsyn (jf. kap 1426)

87

106

110

3,8

4427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)

13 589

11 000

11 339

3,1

Sum kategori 12.20

101 221

79 451

72 959

-8,2

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4429

Riksantikvaren (jf. kap. 1429)

6 825

3 878

4 029

3,9

4432

Norsk kulturminnefond (jf kap 1432)

6 500

Sum kategori 12.30

6 825

3 878

10 529

171,5

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)

69 563

55 691

55 146

-1,0

4442

Miljødata, forureining og miljøeffektivietet (jf kap 1442)

2 549

5322

Statens miljøfond, avdrag

16 031

10 000

14 000

40,0

5621

Statens miljøfond, renteinntekter

5 973

6 500

9 000

38,5

Sum kategori 12.40

94 117

72 191

78 146

8,2

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

4470

Internasjonalt arbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 1470)

1 438

4471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)

32 602

34 457

33 256

-3,5

Sum kategori 12.60

34 040

34 457

33 256

-3,5

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

01-01

Driftsutgifter

850 219

722 142

680 754

-5,7

11-23

Varer og tenester

539 060

554 307

569 178

2,7

24-24

Driftsresultat

-82

-4 000

-4 000

0,0

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

166 848

215 107

256 983

19,5

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

206 549

216 326

236 102

9,1

60-69

Overføringar til kommunar

172 223

90 020

18 200

-79,8

70-89

Overføringar til private

814 640

1 024 705

1 012 461

-1,2

90-99

Utlån, avdrag m.v.

51 673

45 000

15 500

-65,6

Sum under departementet

2 801 130

2 863 607

2 785 178

-2,7

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

01-29

Sal av varer og tenester m.v.

129 343

104 155

102 955

-1,2

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

119 891

91 813

97 310

6,0

Sum under departementet

249 234

195 968

200 265

2,2

Oversikt over bruk av stikkordet kan overførast

Det er foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår, og for å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2002 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2002

Forslag 2003

1400

60

Tilskot til lokalt miljøvern

2 000

1400

72

Miljøverntiltak i nordområda

7 000

1400

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk og LA-21

33 425

1400

74

Tilskot til AMAP

2 200

1400

75

Miljøvennleg byutvikling

800

4 000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

2 737

5 371

1400

78

Miljøtiltak til nikkelverka på Kola

43 200

109 800

1410

60

Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald

197

4 000

1425

60

Tilskot til kommunal fiskeforvaltning

99

1425

61

Tilskot til kommunale vilttiltak

95

5 500

1425

70

Tilskot til fiskeformål

950

5 000

1425

71

Tilskot til viltformål

1 494

25 645

1426

30

Tiltak i nasjonalparkane

192

7 791

1426

31

Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde

1 165

16 971

1426

32

Skjergardsparkar o.a.

1

14 195

1426

70

Tilskot til naturoppsyn

12

500

1427

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde

3 219

26 405

1427

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar

11 294

19 450

1427

33

Statlege tileigningar, barskogvern

1 486

110 295

1427

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar

1 273

2 100

1427

60

Kommunal naturforvaltning

512

1427

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål

907

98 200

1427

73

Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak

4 461

32 000

1427

74

Tilskot til friluftslivstiltak

47

10 170

1427

76

Tilskot til kulturlandskapstiltak

64

1427

77

Tilskot til naturinformasjonssenter

6 400

1427

78

Friluftsrådenes landsforbund og interkommunale friluftsråd

5 300

1429

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø

1 798

107 684

1429

73

Brannsikring og beredskapstiltak

1 798

5 453

1429

75

Internasjonalt samarbeid

3 400

1441

39

Oppryddingstiltak

4 743

45 880

1441

63

Tilskot til kommunale avløpstiltak

2

1441

65

Tilskot til heilskapleg vassforvaltning

3 000

1441

77

Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB

12 000

1441

78

Tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall

40 000

1443

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

692

1463

63

Lokal Agenda 21 og berekraftig by- og tettstadsutvikling

992

1465

21

Betaling for statsoppdraget

28 560

349 254

147121Spesielle driftsutgifter

6 000

2422

90

Statens miljøfond, lån

9 327

15 500

2465

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

3 473

13 896

2 Prioriteringar i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2002

Miljøverndepartementet sitt budsjett er eitt av dei viktigaste verkemidla i miljøvernpolitikken, og omtaler dei viktigaste prioriteringane for 2003. Dette kapitelet gir ein kort gjennomgang av hovudutfordringane i miljøvernpolitikken, og hovudtrekka i Regjeringa sin politikk også utover dei konkrete budsjettsatsingane for neste år. Det er òg gitt ein omtale av miljøsatsingar på budsjetta til andre departement. Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet for 2003 er på 2 785,2 mill. kr.

Gjennom omprioriteringar på Miljøverndepartementet sitt budsjett, m.a. større reduksjonar i driftsutgiftene, og målretta auke av tilskotspostane på budsjettet, er det mogleg å prioritere styrkt innsats på fleire viktige felt innanfor miljøvern og regional planlegging. Satsingane følgjer opp hovudområde som er omtalte i sentrale meldingar og proposisjonar som Regjeringa har lagt fram:

Tabell 2.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 01.03.2002 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

239

1427

Direktoratet for naturforvaltning

177

1429

Riksantikvaren

126

1441

Statens forureiningstilsyn

279

1444

Produktregisteret

19

2465

Statens kartverk

599

1471

Norsk polarinstitutt

104

Sum

1543

  • St.meld.nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav

  • St.meld.nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk

  • St.meld.nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder

  • St. prp. nr. 79 (2001-2002) Om nasjonale laksevassdrag og laksefjorder

  • St. prp. nr. 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen av 11. desember 1997 til FNs rammekonvensjon om klimaendring av 9. mai 1992

I 2003 vil Regjeringa styrkje innsatsen i arbeidet med forureina sediment, PCB og andre miljøgifter, både gjennom førebyggjande tiltak og i forhold til «gamle synder». Aktiviteten i samband med pilotprosjekt vil bli intensivert. Samstundes aukar løyvingane til utarbeiding av ein heilskapeleg forvaltningsplan for den norske delen av Barentshavet og til betra vasskvalitet. Regjeringa prioriterar vern høgt, og følgjer opp nasjonalparkplanen, barskogplanen, arbeidet med fylkesvise verneplanar og marin verneplan. Desse tiltaka blir følgde opp med løyvingsforslag eller tilsegnsfullmakter i budsjettet. Det blir òg innført ei ny ordning for tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall.

Forureina sediment og utslepp til sjø

I St. meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav, la Regjeringa fram ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med forureina sediment, jf. pkt. 4. Strategien legg opp til at pålegg etter forureiningslova er hovudverkemiddelet der forureinaren er kjend. For å framskunde dette arbeidet, er det sett i gang pilot- og forskingsprosjekt i 4 fjordområde. Dette arbeidet vil halde fram med auka innsats. Desse prosjekta vil gi betre kunnskapar både når det gjeld tekniske løysingar og kva ulike løysingar vil koste. Staten vil medverke med midlar til opprydding i område der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadene.

Kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er ikkje tilstrekkeleg. Ein bør organisere den forskings- og overvakingsinnsatsen som industrien og forvaltninga gjer på området på ein meir rasjonell måte enn i dag. Regjeringa vil derfor i samarbeid med industrien setje i gang eit forskingsprogram på langtidseffektar av utslepp frå petroleumsverksemda til sjø. Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet vil til saman medverke med 8 mill. kr til forskingsprogrammet, og resten (12 mill. kr) blir finansiert av petroleumsindustrien. Miljøverndepartementet sin del vil vere 2 mill. kr.

Regjeringa foreslår auka løyving til tiltak for ei meir heilskapeleg og planmessig forvaltning av vassressursane. Midlane er planlagt disponerte til oppstart av ein heilskapeleg forvaltningsplan for den norske delen av Barentshavet og implementering av EU sitt vassdirektiv gjennom kartlegging av vatn i fjordar, vassdrag, innsjøar og grunnvatn.

Vern og biologisk mangfald

Regjeringa sikrar at alle vernevedtaka i barskogplanen blir fatta innan utgangen av 2002. Løyvingane på barskogposten aukar med 39,4 mill. kr. I tillegg kjem opptrappinga som vart vedteken i Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Samstundes foreslår Regjeringa å fjerne skatteletten for investeringar i nye skogsbilvegar. Regjeringa legg stor vekt på å sikre dei nasjonalparkane vi har, og å gjennomføre planen for vern av nye område. Gjennom ei auka tilsegnsfullmakt er det gitt grunnlag for fleire utvidingar og nyetableringar av nasjonalparkar. Som nye nasjonalparkar neste år er planlagt Møysalen, Roltdalen, Hartkjølen og Verdal/Snåsa/Lierne. Regjeringa tek sikte på å utvide Børgefjell og Rondane nasjonalparkar, under dette ein ny Dovre nasjonalpark. I tillegg vil Regjeringa etablere fleire landskapsvernområde.

For å ta vare på den norske villaksstammen, vil Regjeringa trappe opp kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Truslane mot villaksen gjer at det er sett av midlar til overvaking av bestandane og bevaringstiltak for laks, og forsking på villaks vil halde fram gjennom midlar som MD gir til Forskningsrådet. Regjeringa foreslår å auke innsatsen på marin forsking.

Innanfor rovdyrforvaltninga vil ein vidareføre arbeidet med å etablere førebyggjande tiltak som skil rovdyr og husdyr. Nivået på rovvilterstatningane blir vidareført omtrent på same nivå. Arbeidet med å redde fjellreven frå utrydding blir intensivert i 2003.

Klima

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å redusere klimagassutslepp både globalt og nasjonalt. Tilleggsmeldinga om klimapolitikken som Regjeringa la fram i vår, inneheld ein plan for korleis Noreg skal møte utsleppskrava i Kyotoprotokollen. Dette er nærare omtalt under punkt 4.

Forsking og teknologiutvikling er eit spesielt viktig satsingsområde, og i budsjettet for 2003 foreslår Regjeringa å styrkje klimaforskinga med 4 mill. kr. Ein vil fokusere sterkare på effektar av klimaendringar i tillegg til å styrkje den generelle klimaforskinga.

Regjeringa legg fram forslag til ei ny ordning med relevans for klimapolitikken. Dette gjeld tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttsbehandlingsanlegg for avfall. Ordninga er planlagt sett i verk frå 1. juli 2003 og inneber ei løyving på 40 mill kr. Målet med ordninga er å erstatte dagens differensiering av sluttbehandlingsavgifta på avfall, slik at ein ved hjelp av tilskot stimulerer til energiutnytting både frå forbrenningsanlegg og deponi. Den nye ordninga gjer det meir lønnsamt enn tidlegare å gjennomføre tiltak som reduserer utsleppa, og som medverkar til at det blir levert energi frå sluttbehandlinga.

Kulturminne

Regjeringa sitt forslag om etablering av Norsk kulturminnefond vart vedteke av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2002, og vil vere operativt frå 1.1. 2003. Fondet sitt sekretariat vil bli lokalisert til Røros kommune. Avkastinga på Kulturminnefondet i 2003 er på 6,5 mill. kr. Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av eventuelt å auke løyvinga til Kulturminnefondet i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2003.

Satsinga på kulturminneområdet held fram, med ei rekkje konkrete prosjekt som blir gjennomførte innanfor budsjettet:

  • Restaureringsprogrammet for stavkyrkjene som starta i 2002 vil gå over ti år - med 2-3 ferdigstilte kyrkjer årleg. Gjennom auka satsing vil alle stavkyrkjene bli sette i stand i denne perioden, slik at dei kulturhistoriske verdiane blir tekne vare på for ettertida. Prosjektet vil bli prioritert i 2003 med ekstra midlar. For Borgund stavkyrkje vil det bli sett av midlar til eit besøkssenter som kan avlaste stavkyrkja. Til saman over tre år vil det bli løyvd inntil 8 mill. kr. til prosjektet frå Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkedepartementet. I påvente av at ei eiga sak om istandsetjing og ivaretaking av verneverdige kyrkjebygg blir lagt fram for Stortinget, vil støtta til restaurering av Stavanger domkyrkje bli auka over Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2003.

  • Regjeringa vil prioritere arbeidet med å nominere to nye område til Verdsarvlista. Nominasjonsprosessen er i gang når det gjeld Vega-øyane. Dette arbeidet vil bli vidareført i 2003, samtidig som nominasjonsprosessen vil starte også for «Vestnorsk Fjordlandskap» (Stranda, Norddal og Aurland kommunar) - eit anna av dei tre norske prosjekta som er aktuelle.

  • Talet på prioriterte tekniske og industrielle kulturminne er utvida frå åtte til ti i 2002. I 2003 vil Regjeringa prioritere å fullføre pågåande restaureringsarbeid på kraftstasjonen ved Norsk vasskraft- og industristadmuseum i Tyssedal.

  • Regjeringa vil gi støtte til NORVEG-prosjektet, for å utvikle eit senter for kystkultur og kystnæring. Prosjektet omfattar miljøutfordringar knytte til forvaltninga av kyst- og havressursar i eit breitt perspektiv.

  • Gjennom fredinga av omgivnadene rundt Yttersjø gard i Larvik kommune, er eit område på ca. 25 mål sikra mot utbygging. For å få til ei god forvaltning av området og oppfylle intensjonane med fredinga, vil staten gi økonomisk støtte slik at delar av fredingsområdet blir overførte til Larvik kommune. Regjeringa har foreslått ein eigen post på budsjettet for dette i 2003. Kommunen skal forvalte området som park.

  • Ruinane på Steinvikholm er eit kulturminne av stor nasjonal verdi. Ruinane er generelt prega av stor slitasje og risikoen for utrasing av ytre delar av nordre ringmur er stor. Regjeringa foreslår midlar til restaurering i 2003. Løyvinga skal gi grunnlag for bruk, vern og oppleving av Steinvikholm gjennom eit spleiselag med lokale, regionale og private aktørar.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til samiske kulturminnetiltak for å styrkje det arbeidet Sametinget gjer for å ta vare på dei om lag 1200 automatisk freda samiske bygningane. Løyvinga blir dekt av dei tilskotsmidlane som generelt blir løyvde til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar.

Friluftsliv og frivillige organisasjonar

Friluftslivsområdet fekk eit løft i budsjettet for 2002, og Regjeringa foreslår å vidareføre denne satsinga i 2003. Mellom anna vil løyvingane til tiltak i nasjonalparkar og andre naturvern- og friluftsområde auke. Midlane vil òg dekkje tiltak knytte til allemannsretten, barn og unge, grønt nærmiljø, strandsona og kvalitetar for friluftslivet i samsvar med dei hovudutfordringane som går fram av friluftsmeldinga.

Regjeringa legg opp til å auke grunnstøtta til dei frivillige organisasjonane med 1,5 mill. kr. eller om lag 5 %.

Noreg digitalt

Arbeidet med elektroniske sjøkart for norskekysten har høg prioritet og vil ha mykje å seie for tryggleiken til sjøs. I 2003/2004 vil heile kysten nord til og med Nord-Trøndelag vere dekt, med unntak av nokre indre fjordstrøk, som etter tryggleiksvurderingar har lågare prioritet. Arbeidet skjer i hovudsak gjennom bruk av innkjøpte tenester. Framdrifta av sjøkartlegginga i tråd med Stortinget sine føresetnader gjer det nødvendig med ei streng prioritering av verksemda til Kartverket.

Betre miljø i byar og tettstader

Regjeringa vil følgje opp stortingsmeldinga om betre miljø i byar og tettstader gjennom eit nært samarbeid mellom sektordepartement, kommunane, næringslivet og frivillig sektor. Aktuelle tiltak er å vidareutvikle programmet attraktive og miljøvennlege tettstader, gjennomføre pilotprosjekt ma. utprøving av miljøsoner, leggje til rette for betre samordning av kompetanse- og kunnskapsformidling om byutvikling, og å utforme rapporteringssystem for utviklinga i miljøtilstanden i byar og tettstader. I budsjettframlegget er det sett av midlar til dette.

3 Hovudutfordringar i miljøvernpolitikken

Politikk for berekraftig utvikling

I «Nasjonal strategi for bærekraftig utvikling», som Regjeringa la fram i juni, er det overordna målet formulert slik:

«Den overordnede målsetningen for det norske samfunnet, og for verdenssamfunnet, er at utviklingen skal være økologisk, økonomisk og sosialt bærekraftig. Grunnlaget for vedvarende bruk av naturen og dens ressurser skal bevares. Innenfor disse rammene skal vi fremme en stabil og sunn økonomisk utvikling og et samfunn med høy livskvalitet, og bidra til at også verdens fattige får mulighet til materiell velferd og økt livskvalitet.»

Politikk for ei berekraftig utvikling er å forvalte dei menneskelege ressursane, dei menneskeskapte ressursane, og natur- og miljøressursane slik at kommande generasjonar skal ha eit minst like godt grunnlag for framtidig velferd som vi har.

Dei største miljøtruslane verda står overfor i dag er:

  • Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Vitskapen finn stadig sterkare indikasjonar på aukande temperatur og endringar i klimaet som følgje av menneskeleg aktivitet, og særleg bruk av fossilt brensel.

  • Rask reduksjon i det biologiske mangfaldet på jorda, som følgje av avskoging, skadelege landbruksmetodar og annan arealbruk. Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for produksjonen av mat, klede, medisinar og andre livsnødvendige produkt. Biologisk mangfald styrkjer òg motstandskrafta i økosystema mot plutselege endringar.

  • Stadig veksande bruk og aukande utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, som berre svært sakte let seg bryte ned i naturen og derfor hopar seg opp i næringskjedene. Dette trugar både det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa til kommande generasjonar.

Internasjonal innsats for miljøvern

Dei alvorlegaste miljøutfordringane er globale, og å løyse dei krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid. Det er nødvendig å byggje ut og styrkje det internasjonale miljøsamarbeidet. Noreg har teke initiativ til dette, m.a. gjennom framlegg om å styrkje miljøprogrammet i FN (UNEP), etablere eit internasjonalt vitskapspanel for miljøendringar og støtte til utviklingsland i gjennomføringa av internasjonale miljøavtaler.

FN-toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg (WSSD) hausten 2002, var den viktigaste milepælen i internasjonalt miljøvernsamarbeid sidan konferansen i Rio i 1992. Avgjerdene på toppmøtet, som er reflekterte i den politiske erklæringa og handlingsplanen, vil vere førande for det internasjonale miljøvernsamarbeidet framover. Fokus vil særleg vere på områda klima, energi, tap av arter, kjemikaliar, handel og miljø og berekraftig produksjon og forbruk. I tillegg vil utviklinga av eit godt styresett på alle nivå vere avgjerande for å oppnå målet om ei berekraftig utvikling. Frå norsk side vil det særleg bli fokusert på implementeringa av Agenda 21, utarbeiding av ein eigen nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling og FN sine Millenniumsmål.

EØS-avtala gjer EU til vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet - som på dei fleste andre område. Gjennom EØS-avtala kan vi påverke miljøpolitikken og det tilhøyrande regelverket i EU, noko Regjeringa vil utnytte og utvikle.

Den femte miljøvernministerkonferansen i regi av «Miljø for Europa»-prosessen, vil finne stad i Kiev i Ukraina i mai, 2003. Eit hovedfokus i konferansen vil vere på dei tidlegare sovjetrepublikkane og EU-søkjerlanda. Det er venta deltaking frå alle land innafor FN's økonomiske kommisjon for Europa relevante internasjonale organisasjonar, finansieringsinstitusjonar og NGOar. Noreg er aktivt engasjert i førebuingane til Kiev-konferansen.

Miljøeffektivt næringsliv

Store delar av norsk næringsliv lever direkte og indirekte av naturressursar og ein sunn miljøtilstand. Næringslivet konkurrerer òg på ein internasjonal marknad der kundane stiller stadig sterkare krav til at leverandørane er miljømedvitne. Framgang på miljøområdet vil krevje at næringsdrivande sjølve ser ein positiv samanheng mellom verdiskaping og miljø - samtidig som dei offentlege verkemidla blir utvikla vidare.

«Miljøeffektivitet» er det miljømessige motstykket til «arbeidsproduktivitet», som i fleire tiår har vore i sentrum for merksemda frå næringslivet og samfunnet. For å halde nødvendig økonomisk vekst innanfor tolegrensene i naturen, må miljøeffektiviteten bli svært mykje betre på dei fleste samfunnssektorane.

Regjeringa vil sjå nærare på korleis vi betre kan organisere og finansiere aktivitetar som skal stimulere næringsliv, forbrukarar og kommunar til auka miljøinnsats.

Sektoransvar på miljøområdet

Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet med å integrere miljøpolitikken i viktige politiske prosessar og i sektorane. Stortingsmeldinga om Regjeringa sin miljøvernpolitikk og miljøtilstanden i riket (RM) er den viktigaste reiskapen for Regjeringa i dette arbeidet, og den vil bli lagt fram hausten 2002.

Departementa har ansvar for å utarbeide sektorvise miljøhandlingsplanar. I samband med budsjettet for 2003 vil Miljøverndepartementet, Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Helsedepartementet leggje fram kvar sin miljøhandlingsplan. Planane vil omfatte dei samfunnssektorane som forvaltningsmessig er knytte til vedkommande departement. Miljøhandlingsplanen vil presentere miljøutfordringane for sektoren, sektorvise arbeidsmål og verkemiddel og tiltak innanfor dei miljøpolitiske resultatområda. Sektorstyresmaktene skal kvart år rapportere om miljøutviklinga og bruken av verkemiddel i sin sektor.

Kunnskapsbasert miljøvernpolitikk

Arbeidet for berekraftig utvikling krev at kunnskapsgrunnlaget om naturressursar, miljø og kulturminne stadig må bli betre. Kartlegging, overvaking og forsking gir ny kunnskap, samtidig som ulike aktørar må dele kunnskap om samanhengar og truslar. Systematisk oppbygging av kunnskap gjennom forsking og overvaking har vore viktig for mange nyvinningar på miljøområdet, til dømes for det forpliktande internasjonale samarbeidet for reduksjon av sur nedbør.

Miljøforskinga gjer oss merksame på nye miljøtruslar og set søkelyset på samanhengar mellom menneskeleg aktivitet og miljøtilstanden. Forskingsresultat er derfor avgjerande for utviklinga av miljøvernpolitikken, så vel nasjonalt som internasjonalt. Forskinga er òg det viktigaste fundamentet for å utvikle miljøovervakinga, ved at den kan skje målretta og kostnadseffektivt. Miljøovervaking er viktig for resultatoppfølginga i miljøvernpolitikken.

Når sektorar og kommunar får eit større og meir sjølvstendig ansvar for oppfølging og gjennomføring av tiltak, er kunnskapsgrunnlaget sentralt for å koordinere miljøpolitikken. Dette kunnskapsgrunnlaget kjem i første rekkje frå miljøovervakinga og rapportar frå sektorane, men òg frå statistikk og relevant forsking. Langsiktig overvaking, basert på standardiserte metodar, er òg ein føresetnad for etablering av gode miljøindikatorar.

Kvar enkelt må få høve til å velje miljøvennleg. Dette krev betre tilgang på god miljøinformasjon, m.a. ved miljømerking, innsyn i miljøvernforvaltninga og ved å halde ved like og utvikle systema for miljøinformasjon på Internett.

For å styrkje retten til informasjon har Miljøverndepartementet lagt fram forslag til ny samla lov om rett til miljøinformasjon og rett til å delta i offentlege avgjerdsprosessar som er viktige for miljøet.

4 Dei viktigaste saksområda i miljøvernpolitikken

Klimapolitikken

Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som vil hindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Kyotoprotokollen frå 1997 er eit viktig første steg mot dette målet. Noreg ratifiserte Kyotoprotokollen i mai, som eitt av dei første industrilanda. For Noreg tyder Kyotoprotokollen at utsleppa av klimagassar i 2008-2012 årleg ikkje skal vere meir enn 1 % høgare enn i 1990. Dette tilsvarer ein reduksjon på om lag (20 %) i høve til dei nyaste framskrivingane.

Regjeringa fekk i juni tilslutning i Stortinget til tilleggsmeldinga om norsk klimapolitikk, som legg opp til ein meir ambisiøs klimapolitikk før 2008. M.a. vil det frå 2005 bli innført eit kvotesystem for klimagassutslepp frå verksemder som ikkje har CO2-avgift; eit system Regjeringa vil komme nærare tilbake til i ein odelstingsproposisjon. Tilleggsmeldinga legg òg opp til ei rekkje andre klimatiltak før 2008: bruk av avfall som erstatning for fossilt brensel, utvikling av miljøvennleg energiteknologi og rammevilkår for gasskraftverk med CO2-handtering.

Biologisk mangfald og vern

På møtet i Johannesburg vart det vedteke å redusere tapet av biologisk mangfald innan 2010. Noreg sitt bidrag til dette er å utvikle eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001). I dette inngår etablering av ein artsdatabank innan 2003 og ein kommunal kartlegging av dei viktigaste områda for biologisk mangfald innan 2005, som er dei viktigaste elementa som Stortinget har bede om i samband med etablering av forvaltningssystemet.

Ein vesentleg del av det biologiske mangfaldet i Noreg er i skog, og vi har ein stor variasjon av skogtypar. Regjeringa legg stor vekt på å oppfylle Stortinget sitt vedtak i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000. Løyvingane har auka, og i RMen som blir lagt fram i haust vil Regjeringa presentere ein strategi for framtidig vern av skog. Denne strategien vil vere viktig både for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å understøtte miljøprofilen for norske trebaserte produkt på ein verdsmarknad som stiller stadig strengare miljøkrav.

Fram til sommaren 2002 var 5 av dei om lag 50 verneforslaga i nasjonalparkplanen gjennomførte. I løpet av 2002-2003 tek Regjeringa sikte på vern av ytterlegare 18 område. Dette representerer eit krafttak for å gjennomføre planen.

Kampen mot helse- og miljøskadelege kjemikaliar

Arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit satsingsområde for Regjeringa. Fordi problema knytte til helse- og miljøfarlege kjemikaliar i stor grad er internasjonale, er det internasjonale arbeidet på kjemikalieområdet styrkt dei seinare åra. Regjeringa legg opp til å vidareutvikle og intensivere innsatsen for å påverke utviklinga av EU sitt kjemikalieregelverk, og å vere pådrivar for internasjonale avtaler om forbod og grenser for bruk av miljøgifter regionalt og globalt.

Eit sentralt nasjonalt resultatmål for å redusere utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, viser korleis ein skal stanse eller vesentleg redusere utslepp av konkrete, prioriterte stoff innan årstala 2000, 2005 og 2010. Den delen av målet som gjeld resultat innan år 2000, er etter miljøvernforvaltninga sitt syn oppfylt så langt det er mogleg. Regjeringa vil foreslå at dette resultatmålet blir utvida, slik at det i tillegg til prioritetslista omfattar alle miljøgifter som oppfyller spesifiserte kriterium for helse- og miljøfare. Fleire stoff kan dermed falle inn under målet, dersom ny kunnskap identifiserer dei som alvorlege miljøgifter.

Ei av dei farlegaste miljøgiftene på prioritetslista er PCB. I RM legg Regjeringa fram ein handlingsplan for arbeidet med å stanse utsleppa av dette stoffet. Regjeringa legg òg fram ein handlingsplan for å redusere utslepp av brommerte flammehemmarar.

Ein strategi for arbeidet med forureina grunn vart skissert i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Av om lag 100 stader der det er angitt eit behov for snarlege tiltak, er tiltak gjennomførte på 40 stader. Undersøkingar og tiltak skjer alle dei andre stadane, og miljøproblema der vil venteleg vere løyste innan 2005.

St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav, som Regjering la fram i vår, gir ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og legg opp ein heilt ny strategi for det vidare arbeidet med opprydding.

Reint og rikt hav

Regjeringa varsla i havmiljømeldinga at det vil bli etablert heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde. Som eit første steg har Miljøverndepartementet ansvar for å utvikle ein slik plan for den norske delen av Barentshavet. Konsekvensutgreiingar for ulike typar næringsverksemd skal liggje til grunn for planen. Planen skal etablere rammebetingelse som gjør det mogeleg å balansere næringslivsinteresse, knytt til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling.

Ei viktig utfordring i dette havområdet er trusselen om radioaktiv forureining. Noreg vil markere sterk motstand mot eventuell frakt av kjernebrensel og radioaktivt avfall til Russland gjennom norske farvatn, og arbeide for å styrkje det internasjonale regelverket om slik transport.

Vern om kulturminne

Det årlege tapet av norske kulturminne er uakseptabelt stort. For å styrkje verneinnsatsen og skape meir effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor, vart det i 2002 oppretta eit kulturminnefond. Midlar frå fondet skal utløyse midlar til kulturminnevern også frå privatpersonar, næringsliv og andre. Fondet vil vere operativt frå 2003 med ei avkasting på 6,5 mill. kr. Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av ein eventuell auke i løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett 2003.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om kulturminnepolitikken i 2003. Den vil ta utgangspunkt i utredninga frå kulturminneutvalet (NOU 2002:1 Fortid former framtid) og høyringsrunden til denne.

5 Budsjettvise satsingar på andre departement sine område

For å oppnå ei berekraftig utvikling må miljøomsyn integrerast i alle delar av samfunnet. Dette stiller krav både til utforminga av den overordna økonomiske politikken og til politikken i dei einskilde sektorane. Samtidig må tiltak og verkemiddel i sektorane samordnast på ein slik måte at dei samla effektane trekkjer i retning av lågare miljøbelastning og redusert ressursbruk. Alle departement har derfor ansvar for at aktiviteten på deira område ikkje gir unødige miljøbelastningar, og for å drive miljøarbeid i tråd med Regjeringa sine overordna miljøvernpolitiske mål.

Nedanfor er gitt eit tabelloversyn over utgifter til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2003, fordelt på departement. Regjeringa har valt å leggje følgjande kriterium til grunn for å avgrense miljøverntiltak:

  • Utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak).

Kvart departement gjer òg greie for sine miljøsatsingar i 2003 i sine eigne budsjettproposisjonar.

Styresmaktene sitt arbeid på miljøvernområdet kan ikkje målast berre ut frå storleiken på dei enkelte departementa sine budsjett. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for utgiftssida i budsjetta. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, innføring av reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, og skatte- og avgiftsordningar retta mot miljøskadeleg produksjon og forbruk. Det vil dessutan alltid vere eit monaleg innslag av skjønn i slike oppstillingar. Mange tiltak har fleire grunngivingar og skal medverke til å oppnå ulike mål, noko som kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Tala i tabellen må derfor tolkast med varsemd.

Dei samla utgiftene til miljøtiltak på statsbudsjettet for 2003 er 15 344,3 mill. kr. I følgje tabellen ligg departementa sine samla utgifter til miljøverntiltak i 2003 monaleg over dei tilsvarande utgiftene i 2002. Dels har denne sterke auken samanheng med tekniske endringar på Landbruksdepartementet sitt budsjett, sjå nedanfor. Utan desse endringane syner tabellen at miljøutgiftene i 2003 vil vere om lag like store som i 2002.

På Samferdsledepartementet sitt budsjett går ein stor del av dei miljøretta utgiftene, dvs. nærare 3 mrd. kr til saman, til investeringar i jernbanenettet og til vidare utbygging og vedlikehald av T-banesystemet i Oslo. Desse investeringane er viktige for å sikre eit stabilt og kapasitetssterkt kollektivtrafikktilbod særleg i og rundt dei større byane, slik at veksten i biltrafikken og dei miljøulempene den fører med seg, kan dempast.

På Landbruksdepartementet sitt budsjett er det sett av 2,6 mrd. kr over jordbruksavtala m.a. til kulturlandskapstilskot, økologisk landbruk og endra jordarbeiding. Desse tiltaka skal medverke til å sikre det biologiske mangfaldet og redusere bruken av miljøfarlege tilsetningar i produksjonen.

Den store auken i budsjettala frå 2002 til 2003 har samanheng med at ein større del av tiltaka under jordbruksavtala no blir rekna som miljøtiltak.

På Olje- og energidepartementet sitt budsjett aukar utgiftene til forsking på alternativ energi med 40 mill. kr i 2003. Dette utgjer den største veksten på OED sitt område.

Arbeidet med å avdekkje og bekjempe miljøkriminalitet er ei viktig oppgåve for Justisdepartementet. I 2003 vil dette vere ei prioritert oppgåve for Politidirektoratet. Dette er ei sak som ikkje medfører dei store kostnadene, men som vil kunne gi miljøgevinstar.

På området til Barne- og familiedepartementet går dei budsjetterte miljøtiltaka opp til 4 mill. kr i 2003, hovudsakeleg grunna auka løyving til Stiftinga Miljømerking i samband med nye oppgåver og plikter knytte til informasjon som følgje av at ny EU-forordning om frivillig miljømerking er innlemma i EØS-avtala.

Auken på Fiskeridepartementet sitt budsjett kjem dels av at Kystverket har overteke ansvaret for oljevernberedskapen, som tidlegare låg hos miljøvernstyresmaktene.

For Utanriksdepartementet er det eit mål å nytte om lag 1450 mill. kr til miljøretta bistand i 2003. Desse midlane vil særleg gå til gjennomføring av handlingsplanen for berekraftig utvikling, som vart vedteken i Johannesburg i september 2002. Støtte til Afrika vil i denne samanhengen bli prioritert. Det blir særleg lagt vekt på tiltak som medverkar til langsiktig økologisk forvaltning av naturressursane (jord- og vassressursar), under dette utvikling av berekraftige produksjonssystem innanfor primærnæringane (fiske, land- og skogbruk) og miljøvenleg energiforvaltning. Miljøsatsinga i prosjektsamarbeidet med Russland og SUS-landa elles blir ført vidare. Det vil særleg bli lagt vekt på atomsikring, berekraftig forvaltning av ressursane i havet og på land og på å førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse eller næringsverksemd i Noreg.

Tabell 5.1 Miljøverntiltak i statsbudsjettet 2003

    (tal i mill. kr)

Departement

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Arbeids- og administrasjonsdepartementet1)2)

156

156

Barne- og familiedepartementet

2,6

4,0

Finansdepartementet

18,2

18,2

Fiskeridepartementet

426,5

513,3

Forsvarsdepartementet

561,8

557,0

Justisdepartementet

58,1

49,3

Utdannings- og forskingsdepartementet

444,2

429,7

Kommunal- og regionaldepartementet

110,0

87,0

Kultur- og kyrkjedepartementet3)

484,8

532,6

Landbruksdepartementet

1070,0

3158,04)

Miljøverndepartementet

2621,2

2626,6

Nærings- og handelsdepartementet

296,4

326,9

Olje- og energidepartementet

560,1

600,0

Samferdsledepartementet

4212,2

4641,5

Helsedepartementet5)

143,2

100,2

Utanriksdepartementet6)

1490,0

1544,0

Sum alle departementa

12655,3

15344,3

1)Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

2)Omfattar òg utgifter til drift av fylkesmannen si miljøvernavdeling.

3)Tidligere kulturdepartementet. Tala for 2003 inneheld òg utgifter under kyrkjeavdelinga.

4)Landbruksdepartementet har i 2003 lagt ein større del av jordbruksavtala inn i miljøprofilen enn tidlegare år.

5)Etter delinga av Sosial- og helsedepartementet utarbeider Sosialdepartementet i år ikkje eiga omtale av Sektorovergripande miljøvernpolitikk. Alle miljøtiltak under det tidlegare Sosial- og helsedepartementet var på helseområdet. Helsedepartementet utarbeider tilsvarande omtale som for tidlegare år. Tala for 2003 og tidlegare år kan likevel ikke samanliknast direkte. Det vart tidligere rapportert inn tiltak som for 2003 fell utanfor definisjonen av kva Helsedepartementet no reknar som miljøtiltak .

6)Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøverntiltak avvik noko frå Miljøverndepartementet sin definisjon.

For ei meir detaljert beskriving av miljøverntiltak på andre departement sine budsjett, blir det vist til omtale i departementa sine eigne budsjettproposisjonar. Denne omtala omfattar:

  • ei beskriving av utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltninga på departementet sitt ansvarsområde,

  • ei beskriving av mål for departementet sitt arbeid med desse utfordringane,

  • ein rapport om oppnådde resultat i 2001,

  • ei beskriving av tiltak i budsjettforslaget for 2003 som er retta mot ressurs- og miljøomsyn.

I samband med statsbudsjettet for 2003 har ytterlegare fire departement utarbeidd miljøhandlingsplan: Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Helsedepartementet og Miljøverndepartementet. For ein presentasjon av desse planane blir det vist til departementa sine eigne budsjettproposisjonar. Miljøverndepartementet sin plan ligg ved som eige vedlegg.

6 Fornying av organisasjons- og strukturendringar

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens Kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Produktregisteret. Statleg miljøvernarbeid regionalt blir ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) har oppgåver innanfor miljøvernområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 01.03.2002 fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar finst i tabell under kap. 1 Oversiktstabellar.

6.1 Modernisering av offentleg sektor

Styrking av lokalt miljøvern

Moderniseringsprogrammet vil stå sentralt for miljøvernforvaltninga dei næraste åra, m.a. med eit klarare fokus på kjerneoppgåvene og vurdering av om oppgåvene ligg på riktig nivå. Arbeidet vil påverke alle etatar og nivå i miljøvernforvaltninga.

Å styrkje det lokale miljøvernet er viktig for å få ein meir effektiv miljøpolitikk. Eit hovudelement er å leggje til rette for at kommunane betre kan utnytte det handlingsrommet dei allereie har. Vidare vil Regjeringa styrkje det kommunale miljøvernarbeidet ved å gi kommunane auka ansvar og fleire verkemiddel for å ivareta miljøvernoppgåver av lokal karakter.

Gjennomgang av Statens kartverk

Departementet vurderer organiseringa av Statens kartverk. For å få eit klarare skilje mellom forretning og forvaltning, blir det vurdert å skilje ut den konkurranseutsette delen i eit eige selskap. Her må ein vurdere eigarskap, kapitalbehov, bemanning og lokalisering av eit slikt selskap - samtidig som ein må tilpasse omstillinga til avgjerda om at Kartverket skal overta tinglysinga.

Enklare planlegging

Planlovutvalet, som er utnemnt av Regjeringa, arbeider med forenkling og effektivisering av planlegginga etter Plan- og bygningslova. På grunnlag av den første delinnstillinga frå utvalet og høyringsrunden etter denne, har Regjeringa lagt fram ein ot.prp. som vil fastsetje fristar for kommunal saksbehandling og sektorstyresmaktene sin bruk av motsegn. Utvalet vil leggje fram ei endelig innstilling ved årsskiftet, m.a. med forslag om ei meir effektiv behandling av byggjeprosjekt.

Vidareutvikling av produktregisteret

Produktregisteret er overført frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Miljøverndepartementet. I samband med dette har Miljøverndepartementet i samarbeid med Helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet gjennomført eit fornyingsprosjekt for å vidareutvikle registeret. Registeret skal ivareta styresmaktene sitt behov for korrekte data om bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, produsentane og importørane sitt behov for effektiv innrapportering av opplysningar, og gi informasjon til allmenta om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Produktregisteret vil i løpet av 2003 ha på plass eit system for elektronisk deklarering av produkt. Dette vil effektivisere vesentleg innrapporteringa frå bedriftene og lette registreringsarbeidet i Produktregisteret.

Endring av avfallsomgrepa i forureiningslova

I Ot.prp. nr. 87 (2001-2002) foreslår Miljøverndepartementet at omgrepa «forbruksavfall» og «produksjonsavfall» i forureiningslova blir endra til høvesvis «hushaldsavfall» og «næringsavfall». Dette medfører at vanleg avfall frå næringsdrivande ikkje lenger skal vere omfatta av ei tvungen kommunal renovasjonsordning. Målet er meir effektiv behandling av avfallsfraksjonen og at større mengder av avfallet skal gå til gjenvinning. Kommunale avfallsselskap må etter lovendringa konkurrere med private avfallsselskap om innsamling og behandling av næringsavfall.

Grøn stat

Grøn stat er eit prosjekt for å integrere miljøomsyn i drifta av statlege verksemder gjennom eit enkelt system for miljøleiing, integrert i det generelle styringssystemet. Fire hovudsatsingsområde er peika ut: innkjøp, transport (IKT), energi og avfallshandtering. Tilsvarande prosjekt er sett i gang i fleire OECD-land og miljøleiing blir òg i aukande grad brukt i det private næringslivet.

Målet er at innan utgangen av 2005 skal alle statlege etatar og verksemder ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet. Gjennom prosjektet skal verksemdene enklare kunne ta miljøomsyn i eiga drift og oppfylle pliktene sine etter lov om offentlege kjøp og framlegget til lov om miljøinformasjon.

Forenkling for industrien

Det er under arbeid ei forskrift som vil erstatte fleire hundre utsleppsløyve, ved at den stiller standard forureiningskrav. Forskrifta er tenkt å innehalde krav til støyutslepp, støvutslepp, utslepp frå forbrenningsanlegg, luktutslepp m.v., og skal gjelde alle typar industriverksemder. I tillegg vil forskrifta fastsetje meir utfyllande utsleppskrav til særskilde bransjar. Planen er å supplere med fleire bransjar etter kvart.

Ein tek sikte på at store verksemder framleis skal ha utsleppsløyve etter forureiningslova, m.a. dei verksemdene som blir omfatta av IPPC-direktivet i EU. Forskrifta vil òg omfatte dagens forskrifter når det gjeld utslepp frå industrien, og redusere behovet for nye enkeltforskrifter på området.

Enklare regelverk

Miljøverndepartementet arbeider med å samordne dei 80 forskriftene som i dag er gitt etter forureiningslova og produktkontrollova. Siktemålet er auka brukarorientering og reduksjon i talet på forskrifter. Som del av dette arbeidet er allereie regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar samordna. Ei samanslåing av 7 forskrifter om ozonreduserande stoff har vore ute til høyring. Rydding i og samordning av reguleringane vil gi betre oversikt og gjere regleverket lettare tilgjengeleg, noko som igjen kan spare tid og gi miljøgevinst.

Til forsiden