St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Løyvingar ved integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, andre endringer under Fiskeridepartementet og ny rammeavtale med Redningsselskapet

Til innholdsfortegnelse

2 Andre endringer under fiskeridepartementet

Kap. 2414 Statens Fiskarbank

I samband med at Statens Fiskarbank blir innlemma i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond gjer regjeringa framlegg om at 44 stillingsheimlar under Statens Fiskarbank blir inndregne.

Kap. 1000 Fiskeridepartementet

I kjølvatnet av medlemskapsforhandlingane med EU, har Fiskeridepartementet fått store nye ansvarsområde grunna sterkare internasjonal orientering. Dette gjeld særleg områda ressurs- og havbruksforvaltning. Fiskeridepartementet har, og vil få, behov for å kanalisere ein større del av dei eksisterande personellrerssursane inn mot arbeid knytt til internasjonale ressursspørsmål, oppfølging av EØS-avtalen og andre avtalar på handelsområde for fisk og fiskeprodukt mm. I den situasjonen vi no er inne i på laksesektoren, vil dumping- og subsidieklagen frå EU mot den norske oppdrettsnæringa krevje ein stor ressursinnsats.

Etter ei samla vurdering av personellsituasjonen i Fiskeridepartementet, og av omsyn til nye ansvarsområde generelt, og den akutte handelspoltiske situasjonen innan laksesektoren spesielt, gjer regjeringa framlegg om at det i statsbudsjettet for 1997 blir oppretta 2 mellombelse 4-årsheimlar og ein ny mellombels 2-års heimel.