St.prp. nr. 11 (2000-2001)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2000

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2000. Formålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2000 vart utarbeidd.

Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under del I Formål og hovudoversikt og bak under del III Spesielle saker. Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen i denne proposisjonen.

1.2 Forhold som endrar ramma for 2000-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 1999

Avslutninga av rekneskapen for 1999 synte eit meirforbruk under;

  • kap 1710, post 01 på 2,391 mill. kroner,

  • kap 1719, post 75 på 0,613 mill. kroner,

  • kap 1731, post 01 på 35,854 mill. kroner,

  • kap 1732, post 01 på 1,083 mill. kroner,

  • kap 1733, post 01 på 18,252 mill. kroner,

  • kap 1734, post 01 på 3,256 mill. kroner,

  • kap 1791, post 01 på 1,957 mill. kroner,

  • kap 1795, post 01 på 10,099 mill. kroner,

  • kap 1795, post 72 på 0,090 mill. kroner,

Totalt meirforbruk var på 73,595 mill. kroner og midla vil verte dekte ved at ramma for 2000 vert foreslått redusert tilsvarande, fordelt som på kapitla ovanfor.

1.2.2 Netto mindreinntekter i 2000

I forhold til inntekter løyvde i Blå bok 2000 vert det foreslått ei netto mindreinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 225,523 mill. kroner. Desse mindreinntektene vert foreslått dekkja ved ein reduksjon av løyvinga for 2000. Meirinntekter vert foreslått tillagt ramma under tilvising til vedtakspost IV i St. prp. nr. 1 (1999-00) som gir Forsvaret ein generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet, unnateke militære bøter og inntekter frå refusjonar i samband med internasjonale fredsoperasjonar. Meirinntekt grunna refusjonar frå FN utgjer 34 mill. kroner. Dette er refusjonar i samband med operasjonar frå tida før unntaket om inntekter i samband med internasjonale operasjonar, vart lagt inn i meirinntektsfullmakta omtala ovanfor.

1.2.3 Tilleggsløyving i 2000

Midlar overførte utover 2-års regelen i bevilgningsreglementet

I samband med forklaringane til statsrekneskapen viste det seg at løyvingane til avgangsstimulerande tiltak på kap. 1731, post 72 for åra 1998 og 1999 i sin heilskap er omfordelte i samband med omgrupperingsproposisjonana, og at midlar frå løyvinga i 1997 er overført til 2000. Dette er i strid med «bevilgningsreglementet» § 7 b, og Forsvaret har vore nøydd til å justere ned det overførte beløpet frå 1999-2000 på 2,568 mill. kroner på kap. 1731 post 01. Fordi midla i si tid vart tatt frå post 01 for å finansiere avgangsstimulerande tiltak på post 72, vert midlane no søkt løyvde på nytt til post 01 under same kapitlet.

Manglande stikkord «kan overførast» i Blå bok

I samband med overføringane frå 1999 til 2000 vart det inndrege 1,853 mill. kroner frå kap. 1795 post 60 då posten ikkje fekk stikkordet «kan overførast». Stikkordet står i Forsvarsdepartement sin eigen proposisjon, men vart ved ein inkurie utegløymt frå Blå bok 1999. Midlane var forutsett løyvde som eit tilskot til Kråkvåg i 2000 og er difor søkt løyvde på nytt til kap. 1795 post 60.

1.2.4 Midlar ført attende til statskassen

Det er for 2000 foreslått å føra tilbake til statskassen 33,9 mill. kroner i samanheng med mindreutgifter på kap. 1792 Norske styrker i utlandet. Mindreutgifta fordeler seg jevnt over dei ymse utgiftskategoriane på kapitlet og vert, sidan midlane vart løyvde i tillegg til ordinær ramme, foreslått ført tilbake til statskassen.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperingsproposisjonen

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (Blå bok) for 2000 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 1999. Det er og teke omsyn til Forsvarets del av lønskompensasjon for 2000 som var på 210,647 mill. kroner.

I 2000 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske løyvingsendringar ved følgjande:

  • St. prp. nr. 44 (1999-00), jf. Innst. S. nr. 190 (1999-00), «Deltagelse og finansiering av norsk militært bidrag på Balkan for 2000» medførte å auka utgiftsramma med 1 289 mill. kroner.

  • St. prp. nr. 61 (1999-00), jf. Innst. S. nr. 220 (1999-00), «Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på Statsbudsjettet 2000» medførte å redusere utgiftsramma med 500 mill. kroner.

  • St. prp. nr. 84 (1999-00), jf. Innst. S. nr. 254 (1999-00), «Om endringer i regulativ for tillegg mv til utskrevne vernepliktige mannskaper» medførte ein rammeauke på 15,617 mill. kroner.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2000 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Blå bok 200025 349 299
Tillegg nr. 1, St. prp. nr. 1 (1999-00)-108 698
Innst. S. nr. 190 (1999-00)1 289 000
Innst. S. nr. 220 (1999-00)-500 000
Innst. S. nr. 254 (1999-00)15 617
= Faktisk løyving før omgruppering26 045 218
Midlar ført over frå 2000656 422
Lønnskompensasjon for 2000210 647
Disponible midlar i 1999 før omgruppering26 912 287

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2000 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Blå bok 2000809 570
= Løyving før omgruppering809 570

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 1999-73 595
Midlar ført attende til statskassen-33 900
Reduksjon utgifter grunna netto mindreinntekter-225 523
Tilleggsløyvingar i 20004 421
= Sum behov ved omgrupperinga-328 597
+ Løyving før omgruppering26 045 218
= Total løyving etter omgrupperinga25 716 621

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering809 570
Netto mindreinntekter-225 523
= Sum behov ved omgrupperinga584 047

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at løyvingane vert endra med ein reduksjon på 328,597 mill. kroner på utgiftsramma og ein reduksjon på 225,523 mill. kroner på inntektsramma.

1.3.2 Endringar i postnummereringa

I samband med utarbeidinga av St. prp. nr. 1 (1999-00) var det forutsett å endra to postar med same nummerering, men med ulik nemning. Dette var gjort i Forsvarsdepartementet sin proposisjon, men vart ved ein feil ikkje tatt med i Finansdepartementet si «Blå bok». Forsvarsdepartementet foreslår difor at postane vert endra i samsvar med det som vart lagt fram i Forsvarsdepartementet sin eigen proposisjon. Departementet forutset i den samanheng at «gamle» overføringar på postane vert ført vidare til dei nye postane. I tabellen under pkt. 1.3.3 er oversikten over dei einskilde omdisponeringane gjort i den nye poststrukturen. Nedanfor følgjer endringane;

  • Tidlegare post 75 på kap. 1719 vert foreslått endra til post 78

  • Tidlegare post 72 på kap. 1725 vert foreslått endra til post 74

1.3.3 Utgifter

Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
PostFormålMeirutg +
01Driftsutgifter74 448
21Spesielle driftsutgifter5 769
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-20 000
45Store nyskaffingar-20 250
47Nye bygg og anlegg-119 495
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-200 000
50Overføringar til statsinstitusjonar-15 600
60Tilskot til kommunar1 853
70Rentestønad-750
71Overføringar til andre500
72Overføringar til andre60
74Avgongsstimulerande tiltak-6 129
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Noregs tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO-33 390
78Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett-613
90Lån til private-1 000
92Lån til private6 000
Sum-328 597

1.3.4 Inntekter

Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
PostFormålMeirutg +
01Driftsinntekter13 800
11Salsinntekter36 908
15Refusjon arbeidsmarknadstiltak-34 400
17Refusjon lærlingar-2 340
45Store nyskaffingar22 750
48Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter-260 599
70Renteinntekter-308
90Lån til bustadformål-1 334
Sum225 523

Tala i tabellane ovanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto mindreinntekter.

Til forsida