St.prp. nr. 12 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2007.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2007 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2007. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet og fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillingsdepartementet, har sett på overslaga i møte 25. oktober 2007. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 308 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 527 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 500,1 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir redusert med 2 335,1 mill. kroner. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 35,9 mill. kroner.

Til forsida