St.prp. nr. 16 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under program­område 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2008.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2008 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2008. Berekningsgruppa for folketrygda gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og inkluderings­departementet sine programområde 09, 29 og 33, program­område 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgs­departementet og fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillings­departementet. Gruppa har sett på overslaga i møte 23. oktober 2008. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og inkluderings­departementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 130,3 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 43,5 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 250 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i overkant av 163 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 8,7 mill. kroner.

Til forsida