St.prp. nr. 30 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 56/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i EURES

Til innholdsfortegnelse

2 EØS-komiteen sitt vedtak

EØS-komiteen vedtok 28. oktober 1996 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar full deltaking frå EFTA-statane i EURES-nettet. Vedtaket, nr. 56/96, ligg ved proposisjonen som trykt vedlegg.

Vedtaket inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 i vedtaket slår m.a. fast at samarbeidet på sysselsetjingsområdet skal styrkjast gjennom EFTA-statane si deltaking i EURES-nettet. Han slår samstundes fast at dei skal ta del i finansieringa, og ta del fullt ut i dei utvala og andre organa som gjev råd til Kommisjonen i forvaltinga, utviklinga og gjennomføringa av verksemda. Artikkelen slår vidare fast at desse vilkåra ikkje skal ta til å gjelde for Liechtenstein før 1. januar 1998.

I samsvar med artikkel 103 nr. 1 slår artikkel 2 fast at vedtaket ikkje skal ta til å gjelde før det er motteke meldingar frå partane om at dei forfatningsrettslege krava er stetta. For Noreg kan dette først gjerast etter at Stortinget har gjeve samtykke etter reglane i § 26 andre leddet i Grunnlova. Dette kjem av at vedtaket inneber at Noreg forpliktar seg folkerettsleg til å ta del i finansieringa av EURES-nettet i åra framover.

Artikkel 3 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.