St.prp. nr. 30 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 56/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i EURES

Til innholdsfortegnelse

4 Konklusjonar og tilråding

Etter Regjeringa sitt syn er det viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet på sysselsetjingsområdet. Endringa i protokoll 31 i EØS-avtala gjer at Noreg og Island no kan ta del i EURES på like fot med EU-statane. Røynsla med samarbeidet innanfor EURES-nettet er særs positiv. Gjennom nettet kan arbeidssøkjarane få informasjon om ledige stillingar i andre EØS-statar, og arbeidsgjevarane kan søkje etter arbeidskraft i andre statar. Arbeidssøkjarane vil òg kunne få informasjon om arbeidstilhøve, lønsnivå og meir generelle opplysningar om tilhøva i dei statane dei kan tenkje seg å søkje arbeid i.

Desse tenestene er viktige for dei som ønskjer arbeid i utlandet for å få røynsle og kunnskap som det er vanskeleg å få i Noreg. Det same gjeld for dei verksemdene som treng særskild kompetanse som vi ikkje har nok av i Noreg.