St.prp. nr. 38 (2006-2007)

Om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av programmet «Aktiv Ungdom» (2007-2013)

Til innholdsfortegnelse

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1 .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1719/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av programmet «Aktiv ungdom» for tidsrommet 2007-2013 2 .

  3. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av eit handlings­program på området livslang læring 3 .

  4. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 4 vert det gjort følgjande endringar:

  1. Etter nr. 2k skal nytt nr. 2l lyde:

    «2l. EFTA-statene skal fra 1. januar 2007 delta i følgende programmer:

    • 32006 D 1719: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1719/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av programmet «Aktiv ungdom» for tidsrommet 2007-2013 (EUT L 327 av 24.11.2006, s. 30),

    • 32006 D 1720: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av eit handlings­program på området livslang læring (EUT L 327 av 24.11.2006, s. 45).»

  2. Teksten i nr. 3 skal lyde:

    «EFTA-statene skal bidra finansielt til programmene og tiltakene omhandlet i nr. 1, 2, 2a, 2b, 2c, 2d, 2e, 2f, 2g, 2h, 2i, 2j, 2k og 2l, i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 4 .

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen .

Utferda i Brussel, [...]

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnoter

1.

TEU ...

2.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 30.

3.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 45.

4.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]