St.prp. nr. 40 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/96 av 29. november 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Media II (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske tilskota frå EFTA-landa til Mediaprogrammet blir vedteke med heimel i artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Storleiken på tilskota er fastsett ut frå bruttonasjonalprodukt for dei enkelte EFTA-landa i høve til det samla bruttonasjonalproduktet i EU. Kostnadene ved deltaking i EU sitt Mediaprogram utgjer i alt om lag 40 mill. kroner. I 1996 utgjorde dei om lag 6,8 mill. kroner medan tilskotet for 1997 er rekna til om lag 8 mill. kroner. Kostnadene vert dekte over budsjettet til Kulturdepartementet, Kap. 334, post 75, Medieprogrammet. I tillegg kjem utgifter til drift av eit nasjonalt kontakt- og rettleiingskontor for Media II, Mediadesk Noreg, som er tilknytta Norsk filminstitutt.

Noreg har to representantar i Mediakomiteen, jfr. ovanfor.

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innbere endring av norske lover og forskrifter.