St.prp. nr. 40 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/96 av 29. november 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Media II (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

5 Vurderingar

Utviklinga på medieområdet går i retning av stadig større internasjonalisering.

Økonomien i norsk filmproduksjon er prega av at publikumsgrunnlaget i Noreg utgjer ein avgrensa marknad. Det er derfor viktig å ta del i eit større internasjonalt samarbeid. Nettverksbygging ut over landegrensene vil kunne medverke til å styrkje den økonomiske og faglege utviklinga i den norske filmsektoren. Noreg har i mange år delteke i ulike europeiske samarbeid, mellom anna gjennom eit aukande tal europeiske samproduksjonar. Desse internasjonale samproduksjonane har medverka til å utvide marknaden og det økonomiske grunnlaget for bransjen. Dette samarbeidet er òg viktig for å få impulsar frå andre land, og det kan lette tilgangen til utanlandsk kapital. Vidare kan norske filmar gjennom slikt internasjonalt samarbeid lettare bli distribuerte utanlands.

Noreg slutta seg til det førre Media-programmet seint i 1993, og røynslene er gode når ein tek omsyn til at det tek noko tid å gjere eit slikt program kjent. I 1994 fekk norske produsentar og distributørar ca. 1,6 mill. kr. meir støtte enn det Noreg betalte i kontingent. I 1995 utgjorde støtta om lag ein tredjedel av innbetalt kontingent. Trass i den uklåre forhandlingssituasjonen for EØS-landa og oppstartingsvanskar frå EU-kommisjonen si side, har norske søkjarar i første søknadsomgang fått innvilga støtte på omlag 4,5 mill. kroner.

Den norske filmbransjen ønsker at Noreg skal delteke i Media II. Dei norske profesjonelle film- og fjernsynsmiljøa kan få verdifulle impulsar både når det gjeld økonomiske midlar og fagleg utvikling og kontakt gjennom ei aktiv utnytting av dei moglegheitar Media II byr på. Norsk deltaking i Mediaprogrammet i EU vil kunne gje ein positiv stimulans til den norske audiovisuelle sektoren, samstundes som vi står fritt til å vidareføre vår eigen politikk på området. Utanriksdepartementet tilrår såleis at artikkel 9 til protokoll 31 blir endra i samsvar med vedtak nr 70/96 av 29. november 1996 i EØS-komiteen.