St.prp. nr. 57 (2005)

Om samtykkje til ratifikasjon av protokoll nr. 13 til Konvensjonen om beskyttelse av menneske­rettighetene og de grunnleggende friheter, om avskaffelse av dødsstraff under enhver omstendighet, av 3. mai 2002

Til innholdsfortegnelse

7 Konklusjon og tilråding

Dødsstraffa strir mot prinsippet om at livet er ukrenkeleg, og Noreg si holdning har lenge vore at avskaffing av dødsstraff vil vere med på å auke menneskeverdet og styrke respekten for dei andre menneskerettane. Arbeidet for å avskaffe dødsstraff er ein prioritert del av det norske menneskerettsarbeidet. Noreg har vore ein aktiv pådrivar for avskaffing av dødsstraff både bilateralt overfor statar som framleis brukar dødsstraff, og i multilaterale fora som FN, OSSE og Europarådet, sjå mellom anna St.meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum punkt 5.9.2.

Sidan Noreg allereie har oppheva dødsstraffa og er folkerettsleg bunden til å ikkje innføre slik straff igjen, vil det gjere liten rettsleg skilnad om Noreg ratifiserer protokoll nr. 13 til EMK, jf. kapittel 2 og 4 ovanfor. Norsk ratifikasjon vil likevel gi eit politisk signal om at Noreg framleis ser på dødsstraff som ein prinsipielt uakseptabel form for straff. Dette kan medverke til å auke presset på dei statane som ikkje har ratifisert protokollen.

Ratifikasjon vil ikkje krevje lov- eller forskrift­endringar.

Justisdepartementet gjer derfor framlegg om at Noreg no ratifiserer protokollen. Utanriksdepartementet er samd i dette.