St.prp. nr. 57 (2005)

Om samtykkje til ratifikasjon av protokoll nr. 13 til Konvensjonen om beskyttelse av menneske­rettighetene og de grunnleggende friheter, om avskaffelse av dødsstraff under enhver omstendighet, av 3. mai 2002

Til innholdsfortegnelse

4 Nærare om dei einskilde føre­segnene i protokollen

Protokollen har ein fortale der det mellom anna går fram at avskaffing av dødsstraff er svært viktig for å kunne verne retten til liv, som er ein grunnleggjande verdi i eit demokratisk samfunn.

Det følgjer av artikkel 1 at dødsstraff skal avskaffast og at ingen må bli dømd til slik straff eller avretta. Artikkel 1 i protokoll nr. 6 til EMK har den same ordlyden.

Artikkel 2 slår fast at forbodet mot dødsstraff ikkje kan fråvikast etter reglane i EMK artikkel 15, dvs. heller ikkje under krig eller annan offentleg naudtilstand som truar nasjonen. Protokoll nr. 13 inneber altså på same måte som valfri protokoll nr. 2 til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, men til forskjell frå protokoll nr. 6 til EMK, eit absolutt forbod mot dødsstraff, både i freds- og krigstid.

Artikkel 3 slår fast at det ikkje er mogeleg for statane å ta atterhald mot enkelte delar av protokollen.

Artikkel 4 slår fast at einkvar stat som bli part i protokollen kan angje det territorium eller dei territorier den skal gjelde for.

Artikkel 5 slår fast at protokollen artikkel 1 til 4 skal sjåast som tilleggsføresegner til konvensjonen, slik at alle føresegnene til konvensjonen om sakshandsaming mv. skal gjelde tilsvarande.

Artikkel 6 til 8 har sluttføresegner. Alle medlemsstatane i Europarådet kan bli partar i protokollen.