St.prp. nr. 59 (1996-97)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98

Til innholdsfortegnelse

2 Utvikling i søking og opptak til høgre utdanning

2.1 Søking til høgre utdanning

Søkinga til høgre utdanning auka i første halvdelen av 90-talet. Etter ein nedgang i 1995 stabiliserte søkjarmassen seg i 1996. Førebels behandling av søknadsskjema gjev eit estimat på omlag 90 500 søkjarar til høgre utdanning i 1997. Estimatet i fjor til same tid var på 98 000 søkjarar. Til trass for nedgangen i talet på søkjarar, er den totale søkjarmassen framleis høg i forhold til opptakskapasiteten. Dei 2 372 nye studieplassane som blei oppretta i 1996, er i hovudsak nytta til å vidareføre opptaket på førskole- og allmennlærarutdanning og helsefagutdanningar i høgskolesektoren, auka opptak på helseprofesjonsstudium og hovudfag ved universiteta, og til å auke opptaket på førskolelærarutdanninga.

Av søkjarmassen søker om lag 1/3 primært til universiteta og 2/3 primært til høgskolane. Tabell 2.1.

Tabell 2.1 Utvikling i søkinga til universitet og høgskolar

199219931994199519961997 SUP2)
Tal på søknader658 285828 354944 329755 577627 040519 962
Tal på søkjarar96 094106 925109 054101 255101 28890 500
Tal på søkjarar 19-24 år69 11776 28278 21874 28475 38063 695
Prosent av totalen, søkjarar 19-24 år71,9 pst71,3 pst71,7 pst73,4 pst74,4 pst70,4 pst
Tal på kvalifiserte søkjarar85 598SUP1)94 538SUP1)97 11683 88482 294-
Tal på kvalifiserte søkjarar med tilbod62 707SUP1)70 280SUP1)71 60269 04369 861-
Tal på kvalifiserte søkjarar utan tilbod23 223SUP1)25 054SUP1)25 51414 84112 433-
Tal på personar møtt til studiestart39 82443 96641 90745 62445 501-

Kilde: Kjelde: Samordna opptak

1

2

Tabell 2.2 viser talet på søkjarar frå dei ulike landsdelane som søkjer til universitet og vitskaplege høgskolar, med unnatak av Noregs musikkhøgskole som ikkje er med i Samordna opptak. Tala er basert på ca 95 pst av søkjarmassen.

Tabell 2.2 Geografisk fordeling av søkjarar til universitet og vitskapleg høgskole1) etter kva del av landet dei er busette i (1997)

Bustad/LærestadAustlandetAgder/RogalandVestlandetTrøndelagNord-Noreg
Oslo19 0063 0893 6031 9802 181
Bergen6 3753 0276 9501 3191 413
Trondheim5 4691 5882 5534 0291 782
Tromsø2 7217461 0447682 649
Ås1 301282357233165

Kilde: Samordna opptak

3

Tabellen viser at svært mange søker seg til lærestad i Oslo også frå andre delar av landet enn Austlandet. Til dømes er det nesten like mange frå Nord-Noreg som søker til universitet/vitskapleg høgskole i Oslo som til Universitetet i Tromsø.

2.2 Behov og etterspurnad på lengre sikt

Årskullet av 19-åringar vil halde seg på eit nivå på mellom 50 000 og 55 000 fram mot 2006 for deretter å stige til om lag 60 000 i 2009, jf tabellen nedanfor.

Tabell 2.3 Utviklinga i tal på 19-åringar fram mot 2009

1998199920012003200520072009
Tal i årskull 19 årSUP1)51 58051 03951 24550 27452 51457 52660 939

Kilde: Kjelde: SSB, statistisk årbok

4

Søkjartendensen for 19-åringar har auka frå ca 27 pst i 1992 til ca 35 pst i 1996. Førebels behandling av søknadene for 1997 tyder på ein nedgang til 1992-nivået. Det er for tidleg å seie noko sikkert om årsaka til nedgangen. Moment som kan ha verka inn er betra yrkesopplæring i vidaregåande opplæring som følgje av Reform 94, betra arbeidsmarknad for ungdom, og auka interesse for folkehøgskolar.

Som følgje av at fleire ventar eitt eller fleire år med å søkje, kan ein rekne med at minst 40 pst av eit årskull før eller sidan tek fatt på høgre utdanning.

Tabell 2.4 Utviklinga i søkjartalet og tal på 19-åringar

199219931994199519961997SUP2)
Tal på søkjarar 19 år16 48717 37717 24816 74917 79714 175
Tal i årskull 19 årSUP1)61 20859 60356 34553 47450 87751 749
Del av årskull som er søkjarar pst26,9429,1530,6131,3234,9827,39

Kilde: Kjelde: SSB, statistisk årbok

56

Det er ulike mekanismar som ligg til grunn for dimensjonering av studiekapasitet. Enkelte utdanningar blir dimensjonert hovudsakleg på grunnlag av situasjonen i arbeidsmarknaden. Dette gjeld særleg profesjonsstudia innan helse- og sosialfag, samt enkelte lærarutdanningar. Ein har sidan 1990 auka kapasiteten innan desse fagområda for å dekke behovet for personell med høgre helse- og sosialfagleg utdanning samt lærarutdanning.

I ein del andre studium ved universiteta og høgskolane er kapasiteten endra i takt med etterspurnaden frå dei utdanningssøkjande. Desse studietilboda har dermed teke imot ein monaleg del av dei store ungdomskulla som har søkt høgre utdanning dei seinare åra. Det blir ei utfordring framover å balansere ønska til studentane opp mot omsynet til samfunnet sitt behov for arbeidskraft og undervisingstenester.

Det har vore ein aukande tendens til å ta studium av høgre grad blant dei som blir tekne opp til studium av lågare grad. Det vil seie at studieplassar ved universiteta etter kvart vil måtte flyttast til studium av høgre grad.

Innanfor naturvitskaplege og teknologiske studium har det vore tildels låg søking. Arbeidsmarknaden har nå stort behov for kandidatar innanfor it-sektoren. Ein vil derfor auke studiekapasiteten med 50 plassar på desse studia ved universiteta i Oslo og Bergen og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, jf omtale under dei enkelte universiteta.

Fotnoter

1.

1) Det er ikkje samsvar mellom tal på kvalifiserte søkjarar med tilbod, tal på kvalifiserte utan tilbod og tal på kvalifiserte søkjarar. Årsaka til dette er manglande registrering av søkjarar med spesiell vurdering. Dette er retta opp fom. 1994.

2.

2) Tal for 1997 er estimat rekna av 95 pst behandla søknader. Desse tala omfatter ikkje enkelte private høgskolar som til dømes BI, og nokre offentlege høgskolar mellom anna kunsthøgskolane og Musikkhøgskolen.

3.

1) Med unnatak av Noregs musikkhøgskole

4.

1) Tal på levandefødde i det aktuelle årskull.

5.

1) Tal på levandefødde i det aktuelle årskull.

6.

2) Estimat rekna av 95 pst av behandla søknader.