St.prp. nr. 59 (1996-97)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98

Til innholdsfortegnelse

5 Nasjonal opning

5.1 Nærare om najonal opning studieåret 1996-97

Nasjonal opning av HF-, SV- og MN-fakulteta ved dei fire universiteta blei innført første gong ved opptak til studieåret 1995-96. Frå studieåret 1996-97 er dei statlege høgskolane òg omfatta av den nasjonale opninga. Føresetnaden er at dei søkjarane som ikkje får tilbod på eit prioritert ønske når det gjeld studiestad, får tilbod om plass ved det universitetet eller den høgskolen som har ledig kapasitet ved det aktuelle fakultet eller fag. Slik vil ein oppnå ei betre utnytting av studiekapasiteten i landet samla sett. Både den nasjonale samordninga av opptaket og nasjonal opning av allmennfakulteta ved universiteta skal leggje til rette for at søkjarane så langt det er praktisk mogleg, får oppfylt sine primære studieønske. Nasjonal opning inneber at alle kvalifiserte søkjarar får tilbod om studieplass ved ein lærestad som har ledig kapasitet ved det fakultetet der søkjaren ønskjer opptak. I 1996 fekk dei 2 192 søkjarane til allmennfakulteta som vart utan studiplass etter opptaket, tilbod om opptak under ordninga med nasjonal opning.

5.2 Nasjonal opning studieåret 1997-98

For studieåret 1997-98 er allmennfakulteta både ved NTNU og UiTø opne, med enkelte unnatak. Søkjarmønsteret viser høg søkning til universitetsbyane, særleg til Oslo, jf tabell 2.2 og omtale av den ovanfor. Ei opning av universiteta i Sør-Noreg kan forsterke søkjaravgangen frå høgskolane i distrikta og UiTø. Departementet vil derfor vidareføre nasjonal opning for studieåret 1997-98.

Søkjarar som blir omfatta av nasjonal opning har førerett til dei plassane som etter opptaket er ledige. Føresetnaden må vere at minst eitt av dei fakulteta som er gjenstand for nasjonal opning, er blant dei prioriterte studieønska.