St.prp. nr. 66 (2000-2001)

Om endringar på statsbudsjettet for 2001 under kap. 410 Herads- og byrettane og under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Justisdepartementet legg stor vekt på arbeidet med raskare behandling av straffesaker. Departementet er derfor oppteke av ei rett fordeling av budsjettet mellom dei ulike ledda i straffesakskjeda.

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) for Justisdepartementet la ein til grunn at forslaget til løyving under kategori 06.20 Rettsvesen ville vere dekkjande for å føre vidare aktivitetsnivået i domstolane frå 2000 til 2001. Det har like fullt i ettertid vist seg at enkelte driftsutgifter ikkje blei tekne med i budsjettet. Det har derfor vore nødvendig å gi pålegg til i alt 35 domstolar i herads- og byrettane om å halde dommar-/og dommarfullmektigstillingar ledige. Det vil kunne vere behov for ytterlegare pålegg dersom domstolanes budsjett ikkje blir styrka. Restansar og saksavviklingstid vil venteleg auke vesentleg.

Til forsida