St.prp. nr. 67 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Det formelle grunnlaget for kultursamarbeid med EU er lagt til protokoll 31, artikkel 13 om kultur i EØS-avtala. Ved handsaminga av St.prp. nr. 37 (1999 -2000), jf. Innst. S. nr. 132 (1999 - 2000), vedtok Stortinget at Noreg skulle ta del i EUs første rammeprogram for kultur, det såkalla Kultur 2000-programmet. Programmet vart skipa ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 508/2000/EF av 14. februar 2000 og gjeld for ein periode på fem år, frå 2000-2004.

Ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om endring i avgjerd nr. 508/2000/EF av 14. februar 2000 om fastsetjing av Kultur 2000-programmet, vart det vedteke at programmet skal vidareførast med to år, dvs. i perioden 2005-2006. Avgjerda inneber ei vidareføring av programmet slik det er skissert i avgjerd nr. 508/2000/EF. Endringane gjeld programperioden og den økonomiske ramma for programmet. Teksta i avgjerd nr. 508/2000/EF er elles den same. Avgjerda er heimla i artikkel 151 i traktaten.

Vidare norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med samtykke frå Stortinget til den toårige lenginga av programmet og til løyvingsvedtak. I medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det derfor ein føresetnad at Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg og dei andre EØS/EFTA-statane skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, vert det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Ei avgjerd er venta i EØS-komiteen på hausten 2004.

Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.