St.prp. nr. 68 (2006-2007)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak og 21.50 Jernbaneformål.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

  • Samferdselsdepartementet gjer greie for oppfølging av tilrådingane i rapport frå Statens havarikommisjon for transport om flytryggleiken i norsk luftfart i samband med dei omstillingsprosessane som fann stad.

  • Det blir orientert om helikoptertrafikken til plattformene i Nordsjøen og høvet til EU-forordning om felles føresegner om tryggleik i sivil luftfart.

  • Departementet foreslår å utvide bompengeinnkrevjinga på E6 Trondheim – Stjørdal for å delfinansiere bygging av ny Nidelv bru.

  • Departementet foreslår å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand for å finansiere gang- og sykkelvegtiltak.

  • Det blir orientert om endringar i avtalane mellom Sverige og Noreg om innkrevjing av bompengar på Den nye Svinesundsforbindelsen.

  • Departementet gjer greie for forskotering og omdisponering av midlar for å forsere utbygging av E39 Stangeland – Sandved i Sandnes kommune, Rogaland.

  • Det blir gjort greie for forskotering for utbetring av eksisterande veg på strekninga E39 Renndalen – Staurset bru i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

  • Departementet gjer greie for ny gjennomgang av arbeidet med utbetring av tunnelane på E134 over Haukeli.

  • Det blir orientert om auke av bompengetakstane på rv 2 Kløfta – Nybakk i Akershus.

  • Departementet orienterer om det vidare arbeidet med prosjektet rv 150 Ulvensplitten – Sinsen i Oslo etter at ny reguleringsplan er utarbeidd.

  • Departementet gjer greie for framdrifta av arbeidet med Oslopakke 3.

  • Det blir orientert om at staten dekkjer kostnadene til opprydding mv. etter raset på rv 5 Fatlaberget i Sogn og Fjordane.

  • Det blir orientert om oppgradering av tunnelane mellom Ålesund og Ellingsøy og mellom Ellingsøy og Valderøy på rv 658 i Møre og Romsdal.

  • For rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal blir tidlegare vedtak om fordeling av eventuelle innsparingar i høve til kostnadsoverslaget, presisert.

  • Departementet gjer greie for raset i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold, m.a. hendingsgangen, funna i rapporten frå undersøkingsgruppa og reparering av denne tunnelen og andre tunnelar i Vestfold.

  • Det blir orientert om inspeksjon av tunnelar, korleis dei blir gjennomførte og om EU-direktiv om minimum tryggleikskrav til vegtunnelar.

  • Departementet gjer greie for spørsmålet om å opprette eit sjølvstendig organ med ansvar for tilsyn på vegsektoren. I samband med dette er det også gitt ein omtale av uavhengige rådgivande kvalitetsgrupper på gjennomførte og pågåande prosjekt.

  • Det blir orientert om vinterdrifta, m.a. standarden og eventuelle forbetringar.

  • Departementet orienterer om at arbeidet med nytt køyretøy- og førarkortregister (Au2sys) blir meir omfattande og komplekst enn planlagt.

  • Departementet orienterer om utskifting av brikker i AutoPASS-anlegga.

  • Departementet orienterer om auka kapasitet i Tau-sambandet.

  • Det blir orientert om status i forhandlingene mellom Hurtigruten Group ASA og departement på grunn av avgiftsendringar i 2007.

  • Departementet foreslår å leggje ned sidesporet Skoppum – Horten, slik at det kan nyttast til gang- og sykkelveg.

  • Det blir orientert om auka kostnadsoverslag på dobbeltsporet Sandnes – Stavanger og Alnabruterminalen.

Til forsida