Forslag

til vedtak om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

I

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Trøndelag Bomveiselskap AS får høve til å utvide bompengeordninga på E6 Trondheim – Stjørdal for å delfinansiere bygging av ny bru over Nidelva i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen.

  2. Kristiansand bompengeselskap AS får høve til å forlengje eksisterande bompengeordning i Kristiansand for å finansiere utbygging av gang- og sykkelvegtiltak i samsvar med vilkåra i denne proposisjonen.

  3. Jernbanestrekninga Skoppum – Horten blir lagt ned.