St.prp. nr. 78 (2006-2007)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av nye investeringsprosjekt, samt å be om godkjenning av endringar av tidlegare godkjende prosjekt og å orientere Stortinget om framtidige, planlagde prosjekt og nokre andre aktivitetar.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.

1.1 Innehald

Proposisjonen har følgjande innehald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Setermoen – fleirbrukshall fase 3 og Rena leir – forlegningar for befal og verva.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Nye sjømålsmissil – nyskaffingog Nye C-130J Hercules transportfly.

  • Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedteke eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Nye lokale for redningshelikoptertenesta ved Bodø hovudflystasjon.

  • Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Nye fregattar og Skjold-klasse missiltorpedobåtar.

  • Informasjonssaker (kapittel 1710 og kapittel 1760): Samanbinding av Mauken-Blåtind skytefelt,Heile landet – infrastruktur for bakke-til-luft-radioar,Sikker tilgang til romsegment (satellitt), Gjennomgang av nedbemanninga i Forsvaret og Gjennomgang av tidlegare bortsettingsprosessar.

Til forsida