St.prp. nr. 87 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av ein protokoll av 30. november 1999 til konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining av 13. november 1979, som gjeld reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon

Til innhaldsliste

5 Gjennomføring av protokollen i Noreg

Dei reduksjonar i utslepp Noreg forpliktar seg til i protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (heretter kalla Göteborgprotokollen) og dei forpliktingane vi har gjennom tidlegare protokollar under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining, går fram av tabell 5.1. Utsleppstal for 1990 og førebels tal for utslepp i 1999 er òg gjevne.

Utsleppsforpliktingane for 2010 er i Göteborgprotokollen fastsette som utsleppstak målt i tonn per år, og ikkje som prosentvis reduksjon i høve til eit basisår, slik ein har gjort i fleire tidlegare protokollar. Det er i protokollen likevel gjeve informasjon om kva utsleppstaka tyder i prosentvise reduksjonar i høve til utsleppa i 1990.

Alle historiske utsleppstal, inkludert utsleppa i 1990, er gjenstand for revisjon. Forbetring i utrekningsmetoden er ei vanleg årsak til at tal for historiske utslepp vert reviderte. For NOx og NMVOC er utsleppa i 1990 reviderte sidan grunnlaget for protokollen vart utarbeidd. Den prosentvise reduksjonen som er gjeven i tabell 5.1 for desse utsleppa syner reduksjon i høve til dei reviderte utsleppstala for 1990. Desse prosenttala avvik difor noko frå tala som er gjevne for Noreg i tabellane for NOx og NMVOC i vedlegg II til protokollen.

Tabell 5.1 Nasjonale utslepp i 1990 og 1999 og forpliktingar i protokollar under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining. Utsleppsmengdene er gjevne i tonn per år.

Utslepp i 1990Forpliktingar som gjeld etter tidlegare protokollarUtslepp i 19991)Forpliktingar i Göteborgprotokollen (innan 2010)Prosentvis reduksjon innan 2010 i forhold til 1990
SO253 00034 00029 00022 00058%
NOx219 000226 000228 000156 00029%
NH323 000-27 00023 0000%
NMVOC2)300 000247 000343 000195 00035%
NMVOC3)300 000192 000297 000--

1 Førebels tal.

2 Gjeld heile fastlandet og heile den økonomiske sona.

3 Gjeld heile fastlandet, men den økonomiske sona berre sør for 62º N.

5.1 Kjelder til utslepp og mogelege tiltak

Dei viktigaste kjeldene til utslepp av svoveldioksid (SO2) og nitrogenoksid (NOx) er industrielle prosessar og bruk av fossile brensel til energiproduksjon og transport. Lasting av råolje på sokkelen, transport av råolje, oljeprodukt og bensin, og bruk av løysemiddel er dei største kjeldene til utsleppa av flyktige organiske sambindingar (NMVOC), mens landbruket er den største kjelda til utslepp av ammoniakk (NH3). I samband med forhandlingane om protokollen berekna Statens forureiningstilsyn (SFT), i samarbeid med andre etatar, mogelege reduksjonar i utslepp og kostnader ved desse for ei rekkje tiltak som kan vere aktuelle for å oppfylle Noreg sine forpliktingar i Göteborgprotokollen.

Under følgjer eit samandrag av konklusjonane i SFT sine tiltaksanalysar. Dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved å redusere utsleppa av dei fire stoffa protokollen omfattar til ulike nivå, er illustrerte gjennom kostnadskurver i figurane 5.1-5.4. Figurane syner både marginale kostnader (kostnaden ved å redusere utsleppa med ei ekstra eining) og samla årlege tiltakskostnader ved ulike utsleppsnivå.

Det knyter seg uvisse til dei samfunnsøkonomiske kostnadene som er utrekna i analysane. Det er mellom anna lagt til grunn at det står verkemiddel til rådvelde slik at ein kan gjennomføre dei billegaste tiltaka fullt ut. Dersom det er vanskeleg å gjennomføre desse tiltaka, kan kostnadene ved å oppfylle protokollen bli vesentleg høgare enn det analysane viser. På den andre sida kan det òg finnast tiltak med låg kostnad som ikkje er utgreidde. Det knyter seg òg uvisse til verknaden på utsleppa og kostnadene ved dei einskilde tiltaka. Andre føresetnader som ligg til grunn for utrekningane kan òg verte endra.

Utslepp av svoveldioksid (SO2), tiltak og kostnader i 2010

Menneskeskapte utslepp av svoveldioksid (SO2) skuldast i første rekkje forbrenning av fossilt brensel i industri, skip og andre mobile kjelder. I forbrenningsprosessen vert svovelet i brenselet oksidert til svoveldioksid. Den største kjelda til utslepp av svovel i Noreg er prosessindustrien, som står for om lag 60% av dei samla utsleppa. Fyring står for om lag 24%, og kysttrafikk og fiske står for om lag 10% av utsleppet. Andre mobile kjelder, inkludert vegtrafikk, utgjer om lag 5%. Utsleppa av SO2 har gått sterkt ned i Noreg i perioden 1980-1999, og i 1999 var utsleppet om lag 29 000 tonn. Reduksjonen er større enn forpliktingane i tidlegare protokollar, og skuldast først og fremst strengare krav til svovelinnhaldet i ulike oljeprodukt, strengare utsleppskrav for industrien og bruk av avgifter. Det er venta at utsleppa fram mot 2010 vil halde seg om lag på dagens nivå, dersom det ikkje vert sett i verk nye tiltak.

I SFT sin tiltaksanalyse for SO2 er det berekna at vidare tiltak overfor prosessindustrien og stasjonære forbrenningskjelder er nødvendige for å nå krava i den nye protokollen. Analysen tyder på at tiltak innanfor ferrolegeringsindustrien er mest kostnadseffektive. Tiltak overfor annan prosessindustri som silisiumkarbid, oljeraffinering og aluminium, saman med generell energieffektivisering og overgang til fornybar energi, vil etter alt å dømme òg vere nødvendig for å oppfylle utsleppskrava i den nye protokollen. Dei årlege tiltakskostnadene for å nå forpliktinga om reduserte utslepp er berekna til 60-80 millionar kr. Marginalkostnaden er berekna til 15-30 kr per kg SO2 som blir redusert. Sjå figur 5.1.

Fordi Noreg har oppfylt krava i tidlegare avtalar om reduksjon i utsleppa av SO2, går heile kostnaden med til å oppfylle den nye protokollen. Det knyter seg uvisse til talmaterialet i analysen, i og med at dette ikkje har vore revidert sidan 1995. SFT vil i løpet av 2000 utarbeide ein ny tiltaksanalyse for svoveldioksid.

Figur 5.1 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av svoveldioksid (SO2). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 22 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Figur 5.1 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av svoveldioksid (SO2). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 22 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Kjelde: Statens forureiningstilsyn

Utslepp av nitrogenoksid (NOx ), tiltak og kostnader i 2010

I Noreg er kjeldene til utslepp av nitrogenoksid (NOx) først og fremst forbrenning av fossilt brensel i industri og mobile kjelder. NOx vert danna under forbrenning ved at nitrogenet i brenslet og forbrenningslufta vert oksidert.

Om lag 40% av utsleppet i Noreg kjem frå kysttrafikk og fiske, som er dei største utsleppskjeldene i Noreg. Vegtrafikken står for om lag 25% av samla utslepp, og petroleumsverksemda står for knapt 20%. Dei samla norske utsleppa gjekk ned i perioden 1991-1995, men har deretter auka fram mot 1999. Førebels tal for 1999 viser at utsleppa da var om lag 228 000 tonn. Dette er 2 000 tonn, eller om lag 1% over forpliktinga i protokollen av 31. oktober 1988 om kontroll av utslepp av nitrogenoksid, som set krav om at utsleppa etter 1994 ikkje skal vere større enn dei var i 1987. Auken dei seinare åra skuldast først og fremst auka utslepp frå fakling av naturgass på sokkelen, skipsfart, luftfart og andre mobile kjelder, og kom som følgje av auka aktivitet på desse områda. Det har tidlegare vore venta ein reduksjon i utsleppa av NOx på om lag 11% frå 1990 til 2010, hovudsakleg som følgje av strengare avgasskrav til køyrety (SFT-rapport 99:13). For å oppfylle forpliktinga i den nye protokollen må NOx-utsleppa innan 2010 reduserast med om lag 30% i høve til utsleppa i 1999.

SFT har i samarbeid med Fiskeridirektoratet, Jernbaneverket, Luftfartsverket, Oljedirektoratet, Sjøfartsdirektoratet og Vegdirektoratet gjennomført analysar av tiltak og kostnader som krevst for å redusere utsleppa av NOx i Noreg (SFT-rapport 99:13). Analysane vart gjennomførte i 1998/99. Desse viser korleis forpliktinga i den nye protokollen kan nåast i 2010. I følgje analysane vil dei mest kostnadseffektive tiltaka for å oppfylle forpliktinga vere motortekniske endringar og katalytisk reinsing på skip, installering av låg-NOx gassturbinar på sokkelen der det er lagt til rette for slik teknologi, reinsing av NOx i ferrolegeringsindustrien og effektivisering av varetransporten på veg. Dei årlege kostnadene for å nå forpliktinga i den nye protokollen er berekna til 200-300 millionar kr. Marginalkostnaden er berekna til 10-20 kr per kg NOx. Sjå figur 5.2. Det knyter seg uvisse til dette anslaget, mellom anna fordi det er uvisst om ein har verkemiddel til rådvelde som vil utløyse dei rimelegaste tiltaka fullt ut.

Figur 5.2 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av nitrogenoksid (NOx). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 156 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Figur 5.2 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av nitrogenoksid (NOx). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 156 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Kjelde: Statens forureiningstilsyn

Utslepp av ammoniakk (NH3), tiltak og kostnader i 2010

Nitrogen vert òg sleppt ut som ammoniakk (NH3) frå husdyrgjødsel og ved nedbryting av anna organisk materiale. Meir enn 90% av dei norske utsleppa av ammoniakk er frå husdyrhald og bruk av husdyrgjødsel. Landbruket er med dette den dominerande kjelda til utslepp av ammoniakk, både i Noreg og i Europa. Storleiken på utsleppa avheng mellom anna av storleiken på husdyrbestandane, samansetninga av fôret og kva for metodar som vert brukte for å lagre og spreie husdyrgjødsel på åker og eng.

Utsleppa av ammoniakk i Noreg har auka med om lag 17% i åra 1990-1998. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegskatalysator. Det er venta at utsleppa vil endre seg forholdsvis lite fram mot 2010.

Analysar av tiltak overfor utslepp av NH3 og kostnader ved desse, gjennomført av SFT i samarbeid med Landbruksdepartementet, viser korleis det er mogeleg å nå forpliktinga i den nye protokollen (SFT-rapport 99:10). Analysane vart gjennomførte i 1998/99. I følgje desse analysane vil dei mest kostnadseffektive tiltaka for å nå forpliktinga vere å redusere mengda av nitrogen i fôr til husdyr, overgang frå ammoniakkbehandling av halm til dyppluting (tilsett urea) og tilsetjing av vatn i gjødsla før ho vert spreidd. Dei årlege kostnadene for å oppfylle forpliktinga er berekna til 60-100 millionar kr. Marginalkostnaden er berekna til 15-30 kr per kg NH3. Sjå figur 5.3. Ingen av dei tidlegare avtalane inneheld forpliktingar om NH3, og heile denne kostnaden er difor knytt til oppfylling av den nye protokollen.

Figur 5.3 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av ammoniakk (NH3). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 23 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Figur 5.3 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av ammoniakk (NH3). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 23 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Kjelde: Statens forureiningstilsyn

Utslepp av flyktige organiske sambindingar (NMVOC), tiltak og kostnader i 2010

Utsleppsforpliktinga i protokollen gjeld NMVOC. Nemninga NMVOC vert nytta om flyktige organiske sambindingar med unntak av metan (Non Methane Volatile Organic Compounds). Utsleppa skuldast mellom anna fordamping av dei lettaste fraksjonane av hydrokarbon under transport og lagring av råolje, oljeprodukt og bensin. Andre store kjelder til utslepp av NMVOC er løysemiddel frå produkt som lim, måling, lakk, reinse- og avfeittingsmiddel, trykksverte, kosmetikk etc, og organiske sambindingar i avgassar frå motorar og andre forbrenningskjelder.

I 1999 stamma om lag 46% av dei norske utsleppa av NMVOC frå lasting av råolje på norsk kontinentalsokkel. Dette er den største kjelda til utslepp av NMVOC i Noreg. I tillegg kjem utslepp frå lagring av råolje på sokkelen, som utgjer om lag 5% av dei norske utsleppa av NMVOC. Andre store kjelder er vegtrafikk og løysemiddel, som kvar bidreg med om lag 15%.

I følgje protokollen av 18. november 1991 om kontroll med utslepp av flyktige organiske sambindingar er Noreg forplikta til å redusere utsleppa av NMVOC med 30% frå 1989 innan 1999. Forpliktinga gjeld for fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegraden. Noreg skal vidare sikre at dei samla årlege utsleppa frå både fastlandet og heile den økonomiske sona innan 1999 ikkje overstig nivåa i 1988. Ved underteikninga av protokollen erklærte Noreg i tillegg at det vil bli gjennomført tilsvarande tiltak, basert på beste tilgjengelege teknologi som er økonomisk forsvarleg, for å redusere utsleppa frå oljeverksemda langs heile kysten, både nord og sør for 62. breiddegraden.

På grunn av auka aktivitet i oljeproduksjonen har dei samla norske utsleppa auka med om lag 15% frå 1990 fram til i dag. I 1999 var dei samla utsleppa av NMVOC frå fastlandet og den økonomiske sona 343 000 tonn. Forpliktinga var 247 000 tonn. Dei tilsvarande utsleppa frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegraden var i 1999 297 000 tonn. Forpliktinga i tilknyting til desse utsleppa var 192 000 tonn. Sjølv om det ikkje vert iverksett nye tiltak, er det venta at utsleppa vil gå ned fram mot år 2010. Dette skuldast først og fremst redusert lasting av råolje og betra effekt av nye avgasskrav til køyrety.

SFT utarbeidde i 1996/97, i samarbeid med Oljedirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Vegdirektoratet og Sjøfartsdirektoratet, ein analyse av tiltak og kostnader i samband med utslepp av NMVOC som viser korleis forpliktinga i den første VOC-protokollen frå 1991 kunne nåast (SFT-rapport 97:11). Denne analysen har seinare vorte revidert, mellom anna i samband med oppfølging av Göteborgprotokollen. Den reviderte analysen tyder på at det er noko høgare tiltakskostnader for lasting av råolje enn tidlegare berekna. I tillegg har SFT berekna førebels tiltakskostnader for å redusere utslepp av NMVOC frå lagring av råolje på sokkelen. Det er i gang eit arbeid med å betre talgrunnlaget for dette tiltaket. Dette har tidlegare ikkje vore utgreidd som eit eige tiltak. For andre tiltak er det berre mindre endringar.

Tiltaksanalysane tyder på at det vil vere mest kostnadseffektivt å gjennomføre tiltak overfor lasting av råolje på kontinentalsokkelen, tiltak på raffineria og tiltak overfor utslepp av løysemiddel. I tillegg kan vidare tiltak på råolje- og gassterminalane og tiltak overfor lagring av råolje på sokkelen vere aktuelt. Dei årlege kostnadene for å nå forpliktinga i Göteborgprotokollen er berekna til i underkant av 100 millionar kr. Marginalkostnaden er berekna til om lag 1-2 kr per kg NMVOC. Sjå figur 5.4.

Forpliktinga i Göteborgprotokollen er omtrent den same som i avtalen av 1991, og det meste av kostnaden går såleis med til å nå det utsleppsnivået som burde vore nådd for å oppfylle avtalen av 1991. Den nye protokollen gjev difor ingen vesentlege tilleggskostnader.

Figur 5.4 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av flyktige organiske sambindingar (NMVOC). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 195 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Figur 5.4 Marginale og samla kostnader i 2010 som følgje av tiltak overfor utslepp av flyktige organiske sambindingar (NMVOC). Forpliktinga i Göteborgprotokollen om å redusere utsleppa til 195 000 tonn per år innan 2010 er markert med ei vertikal stipla linje.

Kjelde: Statens forureiningstilsyn

5.2 Verkemiddel som vert brukte i dag

Dei viktigaste verkemidla for å redusere utslepp av svoveldioksid er i dag krav til svovelinnhaldet i ulike oljeprodukt, svovelavgifta og utsleppsløyve heimla i forureiningslova. I tråd med Stortingets vedtak i samband med behandlinga av St.prp. nr. 54 (1997-98) Grønne skatter vart det i 1999 innført ei SO2-avgift på 3 kr pr. kg SO2 for kol, koks, utslepp frå raffineria og mineraloljar som tidlegare var fritekne for avgift. Denne avgifta vart i samband med behandlinga av revidert budsjett for 2000 auka til 6 kr pr. kg SO2. 1. januar 2000 vart det innført ei avgift på 25 øre pr. liter for autodiesel som inneheld meir enn 0,005% vektdelar svovel. Frå same tidspunkt er tonnasjeskatten for skip miljødifferensiert etter utslepp av mellom anna NOx og SO2.

For utsleppa av NOx er dagens bruk av verkemiddel utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOx). Det har mellom anna vore gjennomført ei femårig tilskotsordning (NOxRED-programmet, 1996-2000) over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett for å utløyse tiltak på skip i kysttrafikk. I tillegg vert det i samband med handsaming av plan for utbygging og drift/plan for anlegg og drift (PUD/PAD) etter petroleumslova lagt til grunn at låg-NOx-brennarar vert tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar i petroleumsverksemda, der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Dersom teknologien ikkje er kommersielt tilgjengeleg, har ein som føresetnad at operatøren legg til rette for ettermontering. NOx-utsleppa frå industrien vert regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova, mens utslepp frå køyrety er regulerte gjennom køyretyforskriftene til vegtrafikklova. Krava til køyrety er skjerpa i tråd med utviklinga av EU sitt regelverk på området. Det er for 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyrety etter utsleppa av mellom anna NOx. Utslepp av NOx frå fly er regulerte gjennom forskrift til luftfartslova.

Noreg har gjennomført Europaparlaments- og rådsdirektiv 94/63/EF av 20. desember 1994 om begrensning av utslipp av flyktige organiske forbindelser (VOC) som stammer fra lagring av bensin og distribusjon av bensin fra terminaler til bensinstasjoner. Utsleppa av VOC frå lasting av råolje frå Stureterminalen er regulerte med heimel i forureiningslova. Vidare er det sett krav om reduserte utslepp av VOC frå personbilar. Rådsdirektiv 1999/13/EF av 11. mars 1999 om reduksjon av flyktige organiske forbindelser som skyldes bruk av organiske løsemidler i visse virksomheter og anlegg vil no bli gjennomført i norsk lovgjeving.

Styresmaktene har over lengre tid forhandla med petroleumsindustrien med sikte på å inngå ein mellombels avtale om reduksjonar i utsleppa av VOC frå lasting av råolje på sokkelen. Det viste seg mot slutten av 1999 at det ikkje var mogeleg å bli samde om ein avtale alle oljeselskapa kunne stille seg bak. Miljøverndepartementet ba difor SFT regulere utsleppa av VOC ved bøyelasting av råolje på norsk kontinentalsokkel gjennom utsleppsløyve heimla i forureiningslova. SFT har starta arbeidet med å regulere desse utsleppa, og reknar med at alle utsleppsløyva til felt der det vert lasta råolje kan vere gjevne i løpet av 2000.

5.3 Verkemiddel for å oppfylle Noreg sine forpliktingar i protokollen

Regjeringa vil no utgreie nærare kva for tiltak og verkemiddel som bør nyttast for å oppfylle forpliktingane i Göteborgprotokollen. Ei første drøfting av dette vil skje i Langtidsprogrammet for 2002-2005. Det vil bli lagt vekt på å gjennomføre tiltak og verkemiddel som gjer at forpliktingane kan oppfyllast til lågast mogeleg kostnad for landet samla. For å oppnå dette vil oppfølginga av Göteborgprotokollen bli sett i samanheng med oppfølginga av Kyotoprotokollen. Under følgjer ei opplisting av kva for verkemiddel som kan vere aktuelle å nytte for å redusere utsleppa av dei stoffa som er regulerte gjennom Göteborgprotokollen.

Når det gjeld svoveldioksid, nitrogenoksid og ammoniakk, er det nødvendig å gjennomføre fleire nye tiltak for å oppfylle forpliktingane i protokollen. Aktuelle framtidige verkemiddelstrategiar kan vere å forsterke og vidareutvikle dei verkemidla som vert brukte i dag, og å ta i bruk eksisterande verkemiddel overfor utsleppskjelder som i dag ikkje er regulerte. Det kan òg vere aktuelt å vurdere å etablere heilt nye og meir fleksible verkemiddel enn dei ein har i dag.

Dei fleste kjeldene til utslepp av svovel har i dag ei eller anna form for regulering. Det vil vere nødvendig å skjerpe verkemiddelbruken for å oppfylle forpliktinga i protokollen.

Fordi utsleppa av NOx varierer både med innhald av nitrogen i brenslet, forbrenningsteknologi og eventuell reinseteknologi, er det neppe tenleg å bruke eitt enkelt sektorovergripande verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Reduksjonar i utslepp av NOx vil difor i stor grad måtte skje ved bruk av verkemiddel som er tilpassa den einskilde sektor. Ein stor del av utsleppa av NOx er enno ikkje regulerte eller berre gjenstand for indirekte regulering.

Nokre utslepp av NOx vert i dag pålagde miljøgraderte avgifter knytte til teknologiske eigenskapar ved til dømes tunge køyrety. Det er aktuelt å vurdere om denne typen verkemiddel kan brukast overfor fleire kjelder, til dømes fly, og om det er tenleg med endringar i eksisterande avgifter for kjelder som vert ilagde miljøgraderte avgifter i dag.

Når det gjeld gasskraftverk, har Stortinget vedteke at krav om reduserte utslepp av NOx kan oppfyllast ved at søkjar tek på seg forpliktingar som inneber at tiltak kan gjennomførast i andre verksemder. Slik tiltak må gjennomførast i det området som gjev grunn til utsleppskrava.

Eit mogeleg tiltak for å redusere utsleppa av ammoniakk er å redusere mengda nitrogen som vert tilført dyra. Aktuelt verkemiddel for å oppnå dette er informasjon om optimal fôring når dei faglege fôrnormene vert endra. Ammoniakkbehandling av halm er ei vesentleg utsleppskjelde. Behandlingsmåten kan forbyast, men konsekvensane av eit eventuelt forbod må vurderast først. Eit forbod kan gje andre miljø- og arbeidsmiljøproblem.

Tiltak for å redusere tapa av ammoniakk ved spreiing av husdyrgjødsel er mange, men har ulike kostnader. Informasjon og kunnskapsformidling er aktuelle verkemiddel. Generell teknologisk utvikling gjev stadig betre utstyr som reduserer utsleppa. Dersom informasjon og frivillig innføring av ny teknologi ikkje gjev dei naudsynte reduksjonar i utslepp av ammoniakk, må aktuelle juridiske verkemiddel vurderast.

Forpliktinga i Göteborgprotokollen for NMVOC er omtrent den same som i avtalen av 1991, og vil dermed truleg bli nådd med dei same verkemidla og tiltaka.

Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av verkemiddel for å oppfylle Noreg sine forpliktingar i Göteborgprotokollen på ein mest mogeleg kostnads- og styringseffektiv måte.

5.4 Nærare om kva dei tekniske krava i protokollen inneber for Noreg og om forholdet til EØS-avtalen

Alle EU-direktiva som er nemnde i det følgjande er innlemma i EØS-avtalen, eller det vert no arbeidd med å innlemme dei i avtalen.

Grenseverdiane for utslepp av SO2 og NOx frå nye stasjonære kjelder (jf. artikkel 2 nr. 2) er i tråd med relevante EU-direktiv der slike eksisterer og vert vurderte som uproblematiske for norsk industri. Dei sentrale direktiva er Rådsdirektiv 88/609/EØF av 24. november 1988 om begrensning av utslipp av visse luftforurensende stoffer fra store forbrenningsanlegg og Rådsdirektiv 96/61/EF av 24. september 1996 om integrert forebygging og begrensning av forurensning (IPPC-direktivet).

Konsesjonsbehandling etter forureiningslova er eit eigna verkemiddel for å nå eventuelle utsleppskrav. Føresegnene om krav til utslepp av SO2 og NOx frå nye stasjonære kjelder inneber i praksis at Noreg må bruke grenseverdiane for utslepp frå dei ulike kjeldene som eit utgangspunkt. Dette hindrar oss likevel ikkje i å fortsetje praksisen med konsesjonssystemet og/eller bruke andre verkemiddel. Det må likevel dokumenterast at utsleppsreduksjonane vert like store som om dei fastsette grenseverdiane vert brukte (jf. protokollens artikkel 7 om rapportering, nr. 1 a.i.)

Grenseverdiane som er sette for utslepp av SO2 og NOx frå eksisterande stasjonære kjelder (jf. artikkel 2 nr. 3 er i tråd med Rådsdirektiv 88/609/EØF av 24. november 1988 om begrensning av utslipp av visse luftforurensende stoffer fra store forbrenningsanlegg, og seinare endringar av dette. Grenseverdiane er av SFT vurderte til å vere uproblematiske for Noreg. Føresegnene om krav til utslepp av SO2 og NOx frå eksisterande stasjonære kjelder tyder i praksis at Noreg må bruke grenseverdiane som eit utgangspunkt, men at vi kan fortsetje praksisen med konsesjonssystemet og/eller bruke andre verkemiddel. Vert andre strategier brukte, må det dokumenterast at utsleppsreduksjonane vert like store som om ein bruker grenseverdiane (jf. protokollens artikkel 7 om rapportering, nr. 1 a.i og 1 a.ii).

For utslepp av VOC frå stasjonære kjelder er grenseverdiane i protokollen (jf. artikkel 2 nr. 2) i tråd med Rådsdirektiv 1999/13/EF av 11. mars 1999 om reduksjon av utslipp av flyktige organiske forbindelser som skyldes bruk av organiske løsemidler i visse virksomheter og anlegg.

Det er ikkje gjeve grenseverdiar for utslepp av NH3 frå stasjonære industrielle kjelder.

Slike kjelder som krava over gjeld for, finst i liten grad i petroleumsverksemda på sokkelen.

Grenseverdiane som er sette for drivstoff og nye mobile kjelder (jf. artikkel 2 nr. 5) er å forstå som bindande. Verdiane er samanfallande med dei som finst i relevante EU-direktiv. For drivstoff viser ein til Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/70/EF av 13. oktober 1998 om kvaliteten på bensin og dieselolje og om endring av rådsdirektiv 93/12/EØF. For køyrety viser ein til Rådsdirektiv 70/220/EØF av 20. mars 1970 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om tiltak mot luftforurensning forårsaket av avgasser fra motorer med elektrisk tenning i motorvogner (avgasskrav til personbilar og lette køyrety) og til Rådsdirektiv 88/77/EØF av 3. desember 1987 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om tiltak mot utslipp av forurensende gasser fra dieselmotorer til fremdrift av kjøretøyer (avgasskrav til tunge køyrety), og til endringar i desse. Protokollen sine krav til motorsyklar, mopedar og ikke-veggåande køyrety fell òg saman med krava i relevante EU-direktiv. Det same gjeld for grenseverdiane for svovelinnhald i gassolje.

Protokollen inneheld ikkje grenseverdiar for utslepp frå skip eller fly.

Kravet om revisjon av grenseverdiar som er fastsette i vedlegga IV, V og VIII (jf. artikkel 2 nr. 4) heng mellom anna saman med at EU for tida arbeider med å revidere Rådsdirektiv 88/609/EØF av 24. november 1988 om begrensning av utslipp av visse luftforurensende stoffer fra store forbrenningsanlegg, og at Rådsdirektiv 88/77/EØF av 3. desember 1987 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om tiltak mot utslipp av forurensende gasser fra dieselmotorer til fremdrift av kjøretøyer nyleg er revidert. Utsleppa frå nye norske industrianlegg er allereie på same nivå eller lågare enn dei grenseverdiar EU-kommisjonen har føreslått i utkastet til nytt direktiv om store forbrenningsanlegg.

Dokumenta som omhandlar kva som er å forstå som dei beste tilgjengelege teknikkar (BAT) er ikkje bindande, men skal følgje protokollen som rådgjevande dokument godkjende av styringsorganet for konvensjonen (Guidance documents I and V). SFT reknar ikkje med at innhaldet i dokumenta skaper vanskar for norsk industri.

Det vert gjennom protokollen teke initiativ til å setje i gang arbeid med sikte på å lage eit vedlegg til protokollen som spesifiserer maksimale verdiar for innhald av løysemiddel i ulike produkt.

Norske styresmakter, særleg Arbeidstilsynet, har lenge vore opptekne av bruken av løysemiddel og produkt med løysemiddel. Arbeidsmiljølova inneheld administrative normer for arbeidsmiljø, som gjev maksimalt tillatne konsentrasjonar av ulike stoff i lufta, mellom anna for fleire løysemiddel. Dei administrative normene fremjar overgang til produkt utan løysemiddel. Arbeidstilsynet har òg gjennomført informasjonskampanjar for å fremje bruken av produkt utan løysemiddel. I tillegg har SFT konsesjonsbehandla ein del industribedrifter som har store utslepp av løysemiddel. Produsentane av måling og lakk vurderer fortløpande innhaldet av helse- og miljøskadelege stoff i produkta, og innhaldet av løysemiddel er ein av fleire komponentar som vert vurderte. Noreg bør vurdere konsekvensane av eit eventuelt vedlegg når eit utkast til dette ligg føre.

Dei bindande krava i vedlegg IX (jf. artikkel 2 nr. 8) om tiltak mot utslepp av ammoniakk er vurderte til å vere uproblematiske for norsk landbruk.

Til forsida