St.prp. nr. 94 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tenester

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

I norsk rett er det i dag inga særskild lovregulering av rettsvern m.m. for avreknings- og oppgjerssystem, med unntak for ei særføresegn i Lov om Verdipapirsentral. Det er difor naudsynt å innføre nye lovreglar som gjennomfører føresegnene i direktivet. Ein gjer framlegg om at reglane vert tekne inn i ei ny lov om betalingssystem m.m., som vert lagd fram som eigen lovproposisjon samtidig med denne proposisjonen.

Som følgje av føresegnene i direktivet må det mellom anna innførast reglar som gjev utvida rett til motrekning i konkurs for avreknings- og oppgjersavtalar i høve til det som gjeld etter dei vanlege reglane i dekningslova. Dette har samanheng med at dei vanlege vilkåra for motrekning ofte ikkje vil vere oppfylte for avreknings- og oppgjerssystem. Etter dekningslova § 8-1 er det eit vilkår for motrekning i konkurs at hovudkrav og motkrav eksisterer ved opninga av buhandsaminga. Vidare er det eit vilkår etter dekningslova at hovudkrav og motkrav ligg føre mellom dei same partane på konkursopningstidspunktet. I avreknings- og oppgjerssystem vert pengeskyldnader mellom bankane ofte stifta først ved godskriving eller belastning av kundekonti som skjer i tidsrommet mellom avrekning og nettooppgjer. Vidare vil vilkåret om at krav og motkrav ligg føre mellom dei same partane, ikkje vere oppfylt der avrekning skjer mellom fleire enn to bankar, såkalla multilateral avrekning.

Hovudregelen etter dekningslova § 7-3 er at buet har rett til å tre inn i dei gjensidig tyngjande avtalane som skyldnaren har gjort. Dei føresegnene som må innførast om utvida rett til motrekning for avreknings- og oppgjersavtalar, vil medføre at konkursbuet får mindre høve til å gå inn i dei løpande avtalane til konkursskyldnaren enn det har etter reglane i dekningslova.

Det må innførast føresegner om at systema må velje kva for eit lands lovgjeving systemet skal vere underlagt. Det må òg innførast føresegner om notifiserings-, varslings- og opplysningsplikt i samsvar med direktivet. Ein føreslår at systema skal meldast til Noregs Bank, som òg skal gje melding til EFTAs overvakingsorgan om systema i samsvar med direktivet.

Nærare vurderingar og framlegg til gjennomføring av direktivet i norsk rett vert fremja i lovproposisjonen om betalingssystem m.m., som vert lagd fram samtidig med denne proposisjonen.