Samfunnsoppdraget om inkludering av barn og unge
Artikkel | Sist oppdatert: 07.05.2026 | Barne- og familiedepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Regjeringa sin plan for Noreg set tryggleik for barn og unge som ein av fem hovudprioriteringar. Planen er tydeleg på at tryggleik blir skapt når barn og unge får høyre til - i barnehage, skule, fritid og lokalsamfunn.
Regjeringa har sett i verk eit samfunnsoppdrag om inkludering av barn og unge som skal bidra til å verkeleggjere målsetjingane i planen for Noreg.
Trass mange tiltak har andelen unge som står utanfor utdanning og arbeid, vore relativt stabil dei siste åra. Dette viser at tradisjonelle verkemiddel og arbeidsmåtar ikkje har hatt den ønskte effekten.
Ved bruk av ei innovativ, eksperimenterande og handlingsorientert arbeidsform, og ei brei samarbeidsflate mellom offentleg, privat og frivillig sektor skal samfunnsoppdraget med visjonen «Ingen barn og unge utenfor» styrkje og samordne innsatsen for å redusere utanforskap.
Hovudmål og delmål mot 2035
Det overordna målet for samfunnsoppdraget er at utanforskap blant barn og unge er betydeleg redusert i 2035. Målgruppa er barn og unge i alderen 0–29 år, som av ulike grunnar står utanfor eller i fare for å bli marginalisert. Det inneber at innsatsen må famne oppvekst- og livsløpsfasane til barn og unge heilt frå svangerskapet til tidleg vaksen.
Det er utarbeidd seks delmål for samfunnsoppdraget, som operasjonaliserer det overordna målet:
- Auke deltakinga i barnehage blant barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status.
- Auke andelen ungdom som deltar i organiserte fritidsaktivitetar, med 10 prosentpoeng.
- Halvere andelen barn og unge med låg livskvalitet.
- Redusere dei sjølvrapporterte psykiske helseplagene til barn og unge med 25 prosent.
- Auke andelen unge som fullfører vidaregåande opplæring.
- Auke talet på unge som er i jobb og utdanning betydeleg.
Delmåla og tilknytte indikatorar skal bidra til at ein skal kunna følgje måloppnåinga for arbeidet over tid. Delmåla skal justerast i tråd med utviklinga fram mot 2035.
Organisering av samfunnsoppdraget
For å oppnå målet om at utanforskap blant barn og unge er betydeleg redusert i 2035 krevst inkludering, tilhøyrsel og førebygging i alle fasar av oppveksten.
Det er i tillegg behov for å mobilisere til brei innsats og nye samarbeid blant aktørar i stat, kommune, frivilligheit, næringsliv, stiftingar og forskingsinstitusjonar.
Det er etablert eit nasjonalt partnarskap for å sikre at representantar for stat, kommune, frivilligheita og arbeidslivet sine partar møtest og har felles dialog om korleis ein saman kan nå målet om ein stor reduksjon i utanforskap blant barn og unge. Det nasjonale partnarskapet har det strategiske og retningsgivande ansvaret for samfunnsoppdraget. Følgjande partar deltar:
- Barne- og familieministeren (leiar)
- Kommunesektorens organisasjon (KS)
- Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
- Frivillighet Norge
- Landsorganisasjonen i Norge (LO)
- Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)
- Minst to deltakarar frå departementa som samtidig deltar i Kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU)
Ei eiga innsatsgruppe har det daglege og operative ansvaret for utvikling og gjennomføring av samfunnsoppdraget. Innsatsgruppa blir gitt vide fullmakter til å jobbe innovativt og eksperimentelt, og til å justere retning undervegs.
Forskingsrådet er vertskap for innsatsgruppa. Gruppa består av 2–3 faste tilsette, i tillegg til medlemmer frå relevante direktorat og KS som bidrar med nødvendig fagkompetanse.
Ein sentral føresetnad for å lukkast er at barn og unge sjølve kjem til orde og deler erfaringane sine om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Derfor skal barn og unge involverast aktivt i alle delar av arbeidet.
I tillegg skal innsatsgruppa, partnarskapet og dei ansvarlege departementa sørgje for tilstrekkeleg medverknad blant ramma brukargrupper og andre partar på systemnivå.
Les meir: Mandat for nasjonalt partnarskap og innsatsgruppa
Forskingsrådet som vertskap
I samfunnsoppdraget er forsking ein viktig komponent for å sikre kunnskapsbasert utprøving av nye samarbeid og arbeidsmåtar, som skal leie til treffsikre verkemiddel mot utanforskap. Dette er bakgrunnen for at Forskingsrådet er valt som vertskap for oppdraget.
Forskingsrådet gav nyleg 116 millionar kroner til prosjekt som skal forske på korleis utanforskap oppstår, og korleis det fungerer. I 2026 jobbar Forskingsrådet med å lyse ut nye prosjekt for ca. 140 millionar kroner for å forske på tiltak for å nå målet om å redusere utanforskap blant barn og unge betydeleg innan 2035.