Folkehelselova (lovdata.no) slår fast at kommunar, fylkeskommunar og staten skal:

  • fremme helse og livskvalitet
  • fremme gode sosiale og miljømessige forhold
  • bidra til å førebygge sjukdom, skade og liding
  • bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar
  • verne befolkninga mot faktorar som kan påverke helsa negativt

Folkehelse er eit ansvar i alle sektorar og på alle forvaltningsnivå – ikkje berre i helsesektoren.

Krav til verksemder og eigedomar

Lova stiller krav om at verksemder og eigedomar skal planleggast, leggast til rette og drivast på ein helsemessig tilfredsstillande måte, slik at dei ikkje medfører fare for helseskade eller helsemessig ulempe. 

Lova gir heimel til å fastsette krav til forhold som har betydning for befolkninga si helse. Kommunen skal føre tilsyn og kan nytte verkemiddel som til dømes stans og retting.

Grunnleggande prinsipp for folkehelsearbeidet

  • utjamning av sosiale helseforskjellar
  • helse i alt vi gjer (Health in All Policies)
  • berekraftig utvikling
  • føre-var-prinsippet
  • medverknad
  • kunnskap
  • barnets beste

Langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert innsats

Lova krev politisk forankring av folkehelsearbeidet og ein langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert innsats. Kommunar og fylkeskommunar skal fremme helse og livskvalitet innan dei oppgåvene og med dei verkemidla dei er tillagde.

Eit systematisk folkehelsearbeid inneber at kommunar og fylkeskommunar har oversikt over helsetilstanden i befolkninga og over faktorane som påverkar helsa.

Denne kunnskapen og identifiserte folkehelseutfordringar skal ligge til grunn for arbeidet med planstrategi og for mål, strategiar, handlingar og prioriteringar i planarbeidet. 

Samarbeid med frivillig sektor

Lova bygger på, og er samordna med, plan- og bygningslova (lovdata.no), som er det generelle regelverket for å fremme berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar.

Kommunen skal sette i verk nødvendige tiltak for å møte folkehelseutfordringane og legge til rette for samarbeid med frivillig sektor. Kommunar og fylkeskommunar skal vere merksame på særskilde folkehelseutfordringar for samar.

Fylkeskommunen skal fremme folkehelsearbeidet i kommunane og har ei rolle som regional utviklingsaktør gjennom å legge til rette for forsking og utvikling, mellom anna evaluering av folkehelsearbeidet i kommunane.

Statens ansvar

Staten har ansvar for befolkninga si helse og livskvalitet på nasjonalt nivå og skal, på lik linje med kommunar og fylkeskommunar, arbeide langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert.

Helse- og omsorgsdepartementet skal ha oversikt over befolkninga si helse og livskvalitet og fastsette dei nasjonale folkehelseutfordringane som grunnlag for ein samordna og heilskapleg nasjonal folkehelsepolitikk.

Statlege myndigheiter skal i si verksemd vurdere konsekvensar for befolkninga si helse der det er relevant. Statlege helsemyndigheiter skal legge til rette for systematisk samarbeid og dialog med frivillig sektor og vere merksame på særskilde folkehelseutfordringar for samar, og vurdere tiltak der det er relevant.

Krav til beredskap

Lova stiller krav til nødvendige beredskapsførebuingar og beredskapstiltak for kommunar, fylkeskommunar og statlege helsemyndigheiter.

For kommunar stiller lova krav om forsvarleg samfunnsmedisinsk beredskap, mellom anna ved involvering av kommuneoverlegen i helsemessig beredskap.

Lova stiller også krav til kompenserande tiltak, mellom anna for å beskytte sårbare grupper. Kommunar skal ha ein beredskapsplan for oppgåvene innan miljø og helse.

Roller og ansvar for statlege helsemyndigheiter

Folkehelseinstituttet skal forske, oppsummere og formidle kunnskap innan folkehelsa. Helsedirektoratet skal gjere tilgjengeleg opplysningar om helsetilstand og påverknadsfaktorar som grunnlag for kommunane og fylkeskommunane sine oversikter. Dette inneber at det kvart år blir utarbeidd folkehelseprofilar for kvar kommune og fylkeskommune.

Statsforvaltarane og Helsedirektoratet skal bidra til å setje i verk nasjonal politikk på folkehelseområdet og vere pådrivarar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid lokalt, regionalt og nasjonalt. Helsedirektoratet skal òg gi rettleiing til folkehelselova og utvikle nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.

Dei regionale helseføretaka skal bidra med kunnskap og samarbeide med kommunar og fylkeskommunar om folkehelse.