Potensialet for å redusere skadeverknader av stråling er størst når det gjeld:

  • UV-stråling frå sola og solarium
  • Diagnostisk og terapeutisk bruk av stråling i helsesektoren
  • Radon-eksponering i bustadar, barnehagar og skular

Strålevernstrategien

Noreg har i 2025 etablert ein nasjonal strategi for strålevern og atomtryggleik.

Dette dokumentet skisserer på eit overordna nivå Noreg sine forpliktingar for strålevern og atomtryggleik.

Noreg si målsetting er å sikre at vi gjennomfører dei internasjonale forpliktingane vi har innan strålevern og atomtryggleik. Strategien viser til handlingsplanar og dokument som inneheld tiltak for å nå dette målet.

Radonstrategien

Noreg etablerte i 2025 også ein ny radonstrategi, som skal bli gjennomført i perioden 2025–2030.  

Strategien er eit verktøy for styring og koordinering av arbeidet med radon i fleire sektorar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) skal halde fram med å koordinere strategiarbeidet gjennom den allereie etablerte tverrsektorielle koordineringsgruppa.

Atomberedskap

Noreg har i fleire år vore ein pådrivar i internasjonalt arbeid for atomsikkerheit, særleg overfor Russland.

Noreg har sidan før krigen i Ukraina starta i 2022 hatt eit tett samarbeid med Ukraina om atomberedskap. Den russiske invasjonen av Ukraina har sett atomtryggleiken under press.

Nokre stader i landet har styresmaktene mista kontrollen over radioaktivt materiale og atomreaktorar som ein direkte følge av okkupasjonen.

Bidrag til ukrainsk atomtryggleik

Noreg har gjennom mange år bidratt til å auke atomtryggleiken i Ukraina med midlar frå regjeringa si atomhandlingsplan, og med lanseringa av Nansen-planen auka denne støtta betydeleg.

I 2025 blei støtta til atomtryggleik auka med 350 millionar kroner gjennom Nansen-programmet.

Internasjonalt vil Direktoratet for strålevern og atomtryggleik vidareføre si leiande rolle i arbeidet med å styrke internasjonal atomberedskap.

Kriseutval for atomberedskap

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit leier Kriseutvalet for atomberedskap. Kriseutvalet er oppretta for å sikre at vi har kompetanse til å handtere atom- og stråleulukker, og for å sørgje for rask iverksetjing av tiltak for å verne liv, helse, miljø og andre viktige samfunnsinteresser.

Mandatet til Kriseutvalet for atomberedskap (lovdata.no) skildrar nærare oppgåvene og samansettinga til Kriseutvalet.

I tråd med den kongeleg resolusjonen har Kriseutvalet delegerte fullmakter i akuttfasen av ei atomhending. Dette betyr at Kriseutvalet i akuttfasen kan gi nødvendige pålegg til både statlege og kommunale organ, og private og offentlege verksemder for å sikre god handtering av atomhendingar.

Gjennomgang frå internasjonale ekspertar

På invitasjon frå den norske regjeringa gjennomførte eit lag på 20 internasjonale ekspertar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) ein IRRS-gjennomgang i 2019. IRRS (Integrated Regulatory Review Service) er eit verkemiddel utvikla av IAEA for å vurdere nasjonale system for strålevern, atomtryggleik og atomberedskap opp mot internasjonale tryggingsstandardar.

IRRS-gjennomgangen i 2019 viste at Noreg hadde eit godt etablert system for strålevern og atomtryggleik, men peikte samtidig på fleire område der regelverk, organisering og styring kunne styrkast for å vere betre i samsvar med IAEAs tryggingsstandardar.

I perioden 24. november til 1. desember 2025 gjennomførte IAEA ein oppfølgingsmisjon til Noreg for å vurdere korleis tilrådingane frå 2019 er følgde opp. Misjonen konkluderte med at det norske rammeverket for strålevern, atomtryggleik og atomberedskap er styrkt (dsa.no) sidan 2019. Fleirtalet av tilrådingane og forslaga frå den opphavlege gjennomgangen er lukka, men fleire sentrale område krev framleis vidare oppfølging.

IAEA peikte mellom anna på behovet for å gjennomgå regelverket. Den nasjonale strategien for strålevern og atomtryggleik frå 2025 vart framheva som eit viktig grunnlag for den vidare oppfølginga av fleire av tilrådingane frå IAEA.