Helsesamarbeidet i Noregs nærområde
Artikkel | Sist oppdatert: 18.05.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helsesamarbeidet i Noregs nærområde var ei tilskotsordning med hensikt å bidra til eit godt helsesystem, god folkehelse og auka livskvalitet.
Helse- og omsorgsdepartementet lyste ut midlar til internasjonalt helsesamarbeid i nordområda for siste gong i 2025.
Overført til Kommunal- og distriktsdepartementet
Tilskotsmidla til ordninga gjekk over budsjettet til Utanriksdepartementet, kapittel 118, post 70, som Helse- og omsorgsdepartementet forvalta delar av.
Denne er overført til Kommunal- og distriktsdepartementet, fordi dei har det overordna ansvaret for koordinering av regjeringa sin nordområdepolitikk.
Frå og med 2026 er den internasjonale tilskotsordninga slått saman med den innanrikspolitiske tilskotsordninga under budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Heilskapleg tilnærming
Formålet med samanslåinga av ordningane er å styrke ei heilskapleg og strategisk tilnærming som gir ei meir målretta oppfølging av regjeringa sin nordområdestrategi Noreg i nord.
Tilskotsordninga blir forvalta av Troms fylkeskommune, i nært samarbeid med Nordland og Finnmark fylkeskommunar.
Relevante dokument
Tilskotsordninga til Barents og den nordlege dimensjon
- Søkarar som fekk innvilga støtte i 2023 Barents og den nordlege dimensjon (PDF)
- Søkarar som fekk innvilga støtte i 2024 Barents og den nordlege dimensjon (PDF)
- Søkarar som fekk innvilga støtte i 2025 Barents og den nordlege dimensjon (PDF)