Formålet med lova er å sikre at medisinsk bruk av bioteknologi kjem menneske til gode i eit samfunn der det er plass til alle.

Dette skal skje i samsvar med prinsipp om respekt for menneskeverd, menneskerettar og personleg integritet og utan diskriminering på grunnlag av arveanlegg. Lova byggjer på etiske normer som er nedfelte i vår vestlege kulturarv.

Assistert befruktning

Assistert befruktning er medisinsk behandling som skal hjelpe ei kvinne med å bli gravid på annan måte enn ved samleie. Behandlinga kan bestå av inseminasjon med sæd frå partnaren eller frå ein sædgivar. 

Ho kan også innebere befruktning utanfor kroppen. Det vil seie at eit egg frå kvinna sjølv eller frå ein eggdonor blir befrukta utanfor kroppen før det blir sett tilbake.

Assistert befruktning kan tilbydast til gifte, sambuande og einslege kvinner.

Preimplantasjonsdiagnostikk (gentesting av befrukta egg)

Preimplantasjonsdiagnostikk er ei genetisk undersøking av eit befrukta egg før det blir sett inn i livmora til kvinna. Behandlinga blir tilbydd par som har høg risiko for å få barn med alvorleg arveleg sjukdom.

Preimplantasjonsdiagnostikk kan kombinerast med undersøking av vevstypen til det befrukta egget. Det blir gjort for å kunne velje ut og sette inn eit befrukta egg som kan gi eit barn med liknande vevstype som eit søsken med alvorleg arveleg sjukdom. Barnet kan då vere stamcelledonor for søskenet.

Forbod mot kloning

Etter bioteknologilova er det forbode å klone menneske. Det er også forbode å forske på cellelinjer som er framstilte frå klona menneskeembryo.

Omgrepet kloning omfattar ulike teknikkar for å framstille arveleg like kopiar.

Fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er undersøking av eit foster eller ei gravid kvinne for å få informasjon om dei genetiske eigenskapane til fosteret, eller for å påvise eller utelukke sjukdom eller utviklingsavvik hos fosteret.

Metodar for fosterdiagnostikk er mellom anna ultralydundersøkingar, NIPT, morkakeprøve og fostervassprøve.

Ultralyd tidleg i svangerskapet (veke 11 til 14) blir tilbydd alle gravide. Fosterdiagnostikk blir også tilbydd til gravide dersom kvinna sjølv eller partnaren hennar tidlegare har fått barn med alvorleg sjukdom eller utviklingsavvik.

Genetiske undersøkingar av fødde

Ei genetisk undersøking gir informasjon om arveeigenskapane til ein person, mellom anna ved analyse av arvestoffet. Prediktive og presymptomatiske genetiske undersøkingar kan seie noko om risikoen personen har for å få sjukdom i framtida.

Genetiske undersøkingar for berartilstandar seier noko om ein person er berar av anlegg for arvelege sjukdomar som først viser seg i seinare generasjonar. Ved prediktive og presymptomatiske genetiske undersøkingar og genetiske undersøkingar for berartilstandar skal ein gi tilpassa genetisk rettleiing. Slike undersøkingar skal normalt ikkje utførast på barn under 16 år.

For å unngå misbruk av opplysningar om risiko for framtidig sjukdom, skal til dømes forsikringsselskap og arbeidsgivarar ikkje ha tilgang til prediktiv genetisk informasjon.

Genterapi

Genterapi er ei medisinsk behandling der genetisk materiale blir overført til humane celler.

Genterapi kan berre brukast for å behandle eller hindre at sjukdom oppstår.