Nærare regulering av dette finst i bioteknologilova (lovdata.no) og biobanklova (lovdata.no).

Berre menneske

Bioteknologilova regulerer utelukkande den human-medisinske bruken av bioteknologi. Det vil seie:

  • assistert befruktning
  • preimplantasjonsdiagnostikk (genetiske undersøkingar av befrukta egg)
  • forsking på befrukta egg
  • forbod mot kloning
  • fosterdiagnostikk
  • bruk av fostervev
  • genetiske undersøkingar av fødde
  • genterapi

Plass til alle 

Formålsparagrafen i bioteknologilova slår fast at medisinsk bruk av bioteknologi skal nyttast til beste for menneske i eit samfunn der det er plass til alle.

Dette skal skje i samsvar med prinsipp om respekt for menneskeverd, menneskerettar og personleg integritet og utan diskriminering på grunnlag av arveanlegg, basert på dei etiske normene som er nedfelte i vår vestlege kulturarv.

Helsedirektoratet skal godkjenne bioteknologisk verksemd. Helse- og omsorgsdepartementet har også ansvar for dei føresegnene i genteknologilova (lovdata.no) som gjeld kloning og for genmodifiserte organismar i laboratorium og anlegg.

Bioteknologirådet

Bioteknologirådet (bioteknologiradet.no) er eit frittståande, rådgivande organ som regjeringa har oppnemnd. Bioteknologirådet er også høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som gjeld moderne bioteknologi.

Rådet skal bidra med informasjon til publikum og forvaltninga, og fremje debatt om dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane av å bruke moderne bioteknologi.