Regjeringa la i oktober 2024 fram Meld. St. 5 (2024–2025) Trygghet, fellesskap og verdighet. Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet Del I – en ny politikk for forebygging, skadereduksjon og behandling.

I april 2025 la regjeringa fram del II av reforma gjennom Prop. 112 L (2024–2025) Endringer i straffeloven og legemiddelloven mv. (befatning med mindre mengder narkotika til egen bruk). Proposisjonen er fulgt opp med utkast til forskrift om forenkla førelegg ved omgang med mindre mengder narkotika til eigen bruk som har vore på høyring i 2026.

Kva reforma inneber

Reformas del I tok for seg helse- og velferdspolitiske utfordringar på heile breidda av rusmiddelfeltet og slo fast at menneske med rusmiddelproblem har rett til eit verdig liv utan diskriminering og rett til nødvendig helsehjelp, uavhengig av kva rusmiddel dei bruker. Gjennom reforma vil regjeringa førebygge meir og betre og kome tidlegare inn men god hjelp, behandling og oppfølging.  

Rusmiddelpolitikken er ein del av den samla helse- og velferdspolitikken. Samtidig gjer kriminalpolitiske omsyn seg gjeldande, særleg på narkotikaområdet. Ein heilskapleg og samanhengande rusmiddelpolitikk må vekte ulike omsyn på ein god måte.

Debatten og utviklinga på narkotikaområdet har reist viktige kriminalpolitiske spørsmål. Regjeringa har sikra at personar med alvorlege rusmiddelproblem ikkje skal møtast med straffereaksjonar, men med god hjelp og oppfølging, gjennom at Høyesterett sin praksis om straffutmålingsfråfall eller påtaleunnlating utan vilkår vidareførast. 

Regjeringa er også opptatt av at politiet skal ha eigna og høvelege verkemiddel for å avdekke og motverke ulovleg behandling og bruk av narkotika, og for etterforsking av alvorleg narkotikakriminalitet.

Ulikskap i helse

Eit overordna mål for regjeringa er å jamne ut sosiale skilnader og sosial ulikskap i helse.

Avhengnad og skadeleg bruk av rusmiddel, dopingmiddel og vanedannande legemiddel rammar befolkninga ulikt, bidrar til ulikskap i helse og forsterkar sosial og økonomisk ulikskap i samfunnet som heilskap. Politikken og verkemidla på rusfeltet må spegle desse utfordringane. 

Likeverdige og samanhengande tenester

Mange får ikkje den behandlinga og oppfølginga dei treng. Årsakene kan vere manglande tillit til hjelpeapparatet eller ein livssituasjon som gjer det vanskeleg å følge opp behandlinga. Personar som bruker rusmiddel, kan også oppleve stigma, diskriminering og forskjellsbehandling, også i helsetenestene. Dette kan hindre dei i å oppsøke helsetenestene eller få helsehjelp.

Noreg er menneskerettsleg forplikta til å sikre alle den høgast oppnåelege helsestandarden. Denne retten gjeld også menneske som bruker rusmiddel. Personar med alvorlege psykiske lidingar eller rusmiddelproblem skal få behandling både for somatiske sjukdommar, psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

Seks innsatsområde

Reformas del I inneheld om lag 70 tiltak fordelte på seks innsatsområde:

  1. Likebehandling, helse og livskvalitet
  2. Forsterka innsats mot overdosar
  3. Kunnskapsbasert førebygging
  4. Brukar-, familie- og pårørandeperspektivet
  5. Behandling og oppfølging
  6. Kunnskap og kompetanse

Oppfølging av tiltak

Regjeringa har allereie følgt opp mange tiltak i reforma. Mellom anna kan takst 660 for å gjennomføre årskontroll no utløysast for pasientar med rusmiddellidingar og arbeidet med ein plan for å redusere stigma og forskjellsbehandling er igangsett.

Regjeringa har etablert eit kunnskapsbasert nasjonalt program for førebygging av rusmiddelproblem for barn og unge, og bidratt til å utvikle oppsøkande arbeid retta mot barn og unge. Vidare er det gjort endringar i regelverk for brukarrom som opnar ordninga for fleire brukarar og at det blir enklare for kommunar å etablere brukarrom. Ein kan no tilby rusmiddlanalyse i brukarrom og regjeringa jobbar vider med å tilby rusmiddelanalyseteneste utanfor brukarrom.

Ein handlingsplan mot overdosar er sett i gang og gjennom overdosefare.no følger regjeringa opp beredskapstenkinga på rusmiddelfeltet.

Tilbodet i helseføretaka

Regjeringa har bedt dei regionale helseføretaka om å sørge for grunnleggande rusbehandlingstenester i alle helseføretak.

Det er også etablert eit integrert ettervern innan rusbehandling. Dette er ein ny måte å jobbe på som omfattar planlegging, samhandling, organisering og koordinering av tenester før, under og etter døgnbehandling i tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Slik vil pasienten få eit samanhengande og individuelt tilpassa behandlings- og oppfølgingsforløp på tvers av tenestenivåa. Dette er særleg viktig for ROP-gruppa (samtidige rusmiddelproblem og psykisk helselidingar). 

Vidare er det etablert eigne tilbod for valdsutsette kvinner med rusmiddelproblem i spesialisthelsetenesta. Det blir bygd opp eit behandlingstilbod for barn og unge med rusmiddelproblem i dei barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane (BUP). Barnevernet skal ikkje lenger tilby behandling, men barn og unge med rusmiddelproblem – både i og utanfor barnevernet – skal få god helsehjelp frå spesialisthelsetenesta.

Narkotika skal framleis vere straffbart

Eit breitt fleirtal på Stortinget slo i juni 2025 fast at bruk og omgang med mindre mengder narkotika er, og skal vere, straffbart. Eit tydeleg forbod og reell handheving er meint å bidra til å redusere bruken av narkotika og dei skadeverknadene dette har for brukarane, dei pårørande og samfunnet elles.

Lovendringane frå juni 2025 slår fast:

  • Bruk og omgang med mindre mengder narkotika til eige bruk er straffbart etter legemiddellova § 31 (lovdata.no) andre ledd, og kan straffast med bot eller fengsel i inntil seks månader.
  • Brot på legemiddellova § 31 andre ledd skal kunne straffast med forenkla førelegg overfor vaksne personar som ikkje har ei alvorleg og omfattande rusmiddelliding.
  • Personar med alvorleg og omfattande rusmiddelliding skal framleis møtast med hjelp i staden for straff ved omgang med mindre mengder narkotika til eige bruk, i tråd med praksisen til Høgsterett frå 2022.
  • Overfor ungdom under 18 år skal reaksjonen normalt vere påtaleunnlating på vilkår av frammøte inntil tre gonger hjå kommunal rådgivande eining for russaker.
  • Politiet får ei særskild heimel til å undersøke teikn og symptom, og til å gjennomføre kroppsleg undersøking (blod-, urin- eller spyttprøve), ved mistanke om bruk av narkotika.
  • Politiet får høve til å vise personar til frivillig oppfølging ved kommunal rådgivande eining for russaker utanfor straffesak. Dette er eit nytt førebyggande verkemiddel for politiet til å skaffe tilgang til hjelp og støtte ved rusmiddelproblem.

Lovendringane er per november 2026 ikkje sett i kraft enno, i påvente av endringar i anna regelverk.

Spørsmål og svar om førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet

Stortinget har vedtatt ei ny føresegn om rusmiddeltesting i narkotikasaker. Føresegna skal legge til rette for at politiet kan og skal bruke den minst inngripande metoden i kvar enkelt situasjon. Politiet må alltid vurdere konkret om prøvetakinga er høveleg.

Normalt vil politiet bruke spyttprøver. I enkelte tilfelle kan dei også bruke urin- eller blodprøver, til dømes dersom den mistenkte av ulike grunnar føretrekker dette framfor ei spyttprøve.

Stortinget har også vedtatt ei føresegn som gir politiet høve til å undersøke om ein person viser teikn og symptom på bruk av narkotika, dersom det er mistanke om slik bruk. Dette skal gi politiet eit sikrare grunnlag for å avgjere om dei kan og bør ta ei rusmiddelprøve. Undersøkinga er lite inngripande og vil redusere risikoen for unødvendig bruk av tvangsmiddel.

Analysar av spyttprøver oppfyller dei same krava som analysar av urin- og blodprøver. Det blir stilt strenge krav til kvalitetssikring i alle ledd, frå prøvetaking til analyse. Dei strenge rutinane for kvalitetssikring og kontroll gjer at risikoen for falske positive analysesvar er svært låg.

Hurtigtestar kan derimot vere uspesifikke og gi falske positive eller falske negative svar. For at spyttprøver skal ha tilstrekkeleg bevisverdi, må dei derfor analyserast på same måte som blod- og urinprøver.

Spyttprøver blir analyserte to stader i Noreg: ved avdeling for rettsmedisinske fag ved Oslo universitetssjukehus og ved avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs hospital.

Den nye straffeføresegna vil gjelde bruk, erverv og oppbevaring av mindre mengder narkotika til eigen bruk.

For at erverv eller oppbevaring av narkotika skal straffast etter den nye føresegna, må ervervet eller oppbevaringa for det første vere til eigen bruk og ikkje til dømes til vidaresal. For det andre må det dreie seg om ei mindre mengd narkotika.

Det er angitt rettleiande grenser for kva mengder av dei ulike stoffa som skal reknast som mindre mengder. Det alminnelege strafferettslege beviskravet skal gjelde for spørsmålet om narkotikaen er til eigen bruk. Det inneber at rimeleg tvil skal komme den tiltalte til gode.

Mengdegrensene utgjer den øvre grensa for den nye føresegna i legemiddellova om bruk, erverv og oppbevaring av mindre mengder narkotika til eigen bruk. Grensene avgjer om forholdet skal straffast etter den mildare føresegna i legemiddellova eller den strengare føresegna i straffelova. All bruk, erverv og oppbevaring av ulovlege rusmiddel vil framleis vere forbode, uansett mengd.

Stoff

Mengde

Heroin

3 gram

Kokain

2 gram

Amfetamin og metamfetamin 

2 gram

Cannabis (hasj og marihuana) 

15 gram

MDMA

1 gram / 5 tablettar

LSD

3 dropar / 2 mg reint stoff

GHB/GBL

0,5 dl

Khat

2 kg

Legemidler (opioid og benzodiazepin) 

25 rusdoser

Sopp med psilocin/psilocybin 

20 gram

Regjeringa vil endre måten vi ser, vurderer og følger opp menneske med rusmiddelproblem og rusmiddellidingar på. Stigmatiseringa og diskrimineringa skal ta slutt. Vi skal sikre at helserettane blir oppfylte.

Reforma har seks innsatsområde og om lag 370 tiltak. Nokre av dei viktigaste er å:

  • sette i verk eit nasjonalt rusmiddelførebyggande program for barn og unge
  • drive meir oppsøkande arbeid
  • bygge opp grunnleggande behandlingstenester i helseføretaka
  • innføre integrert ettervern, brukarstyrte plassar og behandlingstilbod til valdsutsette kvinner med rusliding
  • bygge ut og bidra til å etablere fleire skadereduserande tiltak, som brukarrom og nærklinikkar
  • sette ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis behandling av rusmiddelproblem bør vere i framtida, inkludert vidareutvikling av LAR (legemiddelassistert rehabilitering)
  • lage ein tverrsektoriell handlingsplan mot stigmatisering
  • greie ut årskontroll hjå fastlegen og fritak for eigenandel hjå fastlegen for pasientar med rusmiddellidingar
  • vidareutvikle LAR slik at fleire får god og heilskapleg hjelp med nødvendige legemiddel
  • opprette eit nasjonalt system for å følge med på rusmiddelsituasjonen i Noreg og styrke beredskapen på rusmiddelområdet
  • sette i verk ein dynamisk handlingsplan utan tidsavgrensing for å førebygge overdosar (helsedirektoratet.no)
  • involvere pårørande betre

Familiemedlemmer, mellom andre barn og partnarar til personar med rusmiddelproblem, kan over tid ha ein kvardag prega av bekymringar og belastningar. Mange opplever også skam og manglande forståing frå samfunnet rundt dei.

Vi har mykje kunnskap om kor viktig det er at pårørande blir involverte og får støtte. Derfor dreier eit heilt kapittel i meldinga seg om dette temaet.

Vi vil mellom anna ta i bruk pårørandeavtalar og fremje involvering av pårørande og støtte til familiar i tenestene. Vi vil også vurdere å forskriftsfeste at barn som pårørande og søsken som pårørande har rett til å få refundert reiseutgifter i samband med behandlinga til foreldra og søsken.

Alle som ber om eller treng helsehjelp, skal få det. Det vil vi slå tydeleg fast. Vi skal alltid oppmode folk om å søkje hjelp. Det er ikkje noko som heiter å vere «sjuk nok».

Både Folkehelseinstituttet og Senter for rus- og avhengnadsforsking (SERAF) har uttalt at kriminalisering og handheving av forbodet må reknast med å ha effekt på bruken av narkotika i samfunnet.

Regjeringa meiner at eit forbod er viktig for å halde forbruket lågt. Når noko er forbode og forbodet blir handheva på ein god måte, blir terskelen for bruk høgare. Lova er normdannande, og forbodet skal bidra til å motverke framtidige uønskte handlingar. Samtidig har vi som samfunn eit stort ansvar for korleis straff blir utmålt.

Vi er særleg opptatt av sosial ulikskap på dette området, fordi vi veit at konsekvensane av rusmiddelproblem ofte rammar sosialt skeivt. Politikken vår skal bidra til å jamne ut, ikkje forsterke, sosial ulikskap.

Reforma vår er ei heilskapleg reform på rusmiddelfeltet. Ho omfattar førebygging, skadereduksjon, behandling og oppfølging, i tillegg til straffeprosessuelle spørsmål. Den førre regjeringa foreslo avkriminalisering utan å følge opp det aller viktigaste, nemleg førebygging og behandling.

Når vi snakkar om rusmiddelpolitikk, hamnar vi ofte i narkotikadebatten. Men alkohol er det rusmiddelet som forårsakar dei største problema for den enkelte, dei pårørande og samfunnet. Det har vi tatt omsyn til i meldinga. Støre-regjeringa støtta ikkje lovproposisjonen frå Solberg-regjeringa i 2021.

Regjeringa meiner i staden at ei generell avkriminalisering av narkotika til eigen bruk kan bidra til å ufarleggjere bruken. Det kan igjen påverke omfanget av narkotikabruk blant ungdom.