Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltinga, og har hovudansvaret for at det som Stortinget og regjeringa har fastsett blir følgt opp.

Kva er rovdyr og rovvilt og kor mange skal vi ha i Noreg?

På grunn av ei ynskt utrydding, høge prisar på skinn og rause skotpremiar vart alle dei fire artane nær utrydda frå Noreg for om lag hundre år sidan.

Stortinget har fastsett mål for kor mange ungekull vi skal ha av kvar einskild art. Talet på rovdyr er sett lågt av omsyn til beitedyr.

I Noreg skal vi kvart år ha

  • 65 ungekull av gaupe
  • 39 ungekull av jerv
  • 13 ungekull av brunbjørn
  • 4–6 ungekull av ulv. Av desse skal 3 vere heilnorske. Grenserevir blir rekna med, med ein faktor på 0,5
  • 850–1200 hekkande kongeørnpar

Gaupe, jerv, brunbjørn og ulv er truga artar

Det betyr at dei har høg risiko for å døy ut frå norsk natur. Jerv, brunbjørn og ulv er i tillegg freda artar.

Kongeørn er ein freda art, men er ikkje ein truga art.

Kven har ansvaret for rovdyr og rovvilt?

Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltinga. Departementet har hovudansvaret for budsjett, regelverk og for at det som Stortinget og regjeringa fastset blir følgt opp. 

Miljødirektoratet har det faglege ansvaret for rovviltforvaltninga på nasjonalt nivå.

Statens naturoppsyn (SNO) er ein del av Miljødirektoratet, og er miljøforvaltninga sitt feltorgan.

Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for rovdyrforvaltninga på regionalt nivå, innanfor kvar sin rovviltregion. Det finns åtte slike nemnder og regionar. Rovviltnemndene er statlege forvaltningsorgan, samansett av fylkespolitikarar utnemnd av Klima- og miljødepartementet og representantar utnemnd av Sametinget.

Statsforvaltaren har ansvaret regionalt for å behandla enkeltsøknader om mellom anna førebyggjande og konfliktdempande tiltak, erstatning for tap av husdyr og tamrein og skadefelling. I tillegg har dei det administrative ansvaret for jakt og felling av rovvilt i fylket. Statsforvaltaren har ein rådgivande funksjon og er sekretariat for rovviltnemndene.

Kven tel rovviltet?

Det er Rovdata som leverer årlege oversikter over kor mykje rovvilt det er i Noreg. Rovdata er uavhengig av rovviltstyresmakta og er ein del av Norsk institutt for naturforskning.

Noreg har ei av dei beste overvakingane av rovvilt i verda. Dette er særleg viktig fordi vi har fastsett  konkrete bestandsmål for kvar enkelt rovviltart.

Lokal deltaking og medverking i kartlegginga og overvakinga av rovvilt er betydeleg. Utfyllande informasjon om korleis du kan delta, finn du hjå Rovdata.

Vi skal ha både rovvilt og beitedyr i Noreg

At ein ynskjer å ha både rovvilt og beitedyr i Noreg, blir ofte kalla at ein har ei todelt målsetting.

For å nå denne todelte målsettinga, deler rovviltnemndene kvar rovviltregion inn i område der rovdyr skal ha prioritet og område beitedyr skal ha prioritet. Det er viktig at det blir sett av store nok område både for rovdyr og for beitedyr.

I område prioritert til rovdyr, er det normalt ein høgare terskel for å få lov til å felle rovvilt enn i område prioritert til beitedyr. I desse områda skal beitenæringane tilpassast førekomsten av rovdyr i området.

I område prioritert til beitedyr, er det normalt ein lågare terskel for å få lov til å felle rovdyr som kan gjere skade på beitedyr.

Kan rovdyr fellast?

Det blir gjennomført kvotejakt på gaupe. Gaupa er ein jaktbar art, slik som mellom anna elg og rådyr. Fordi gaupa er ein truga art, er gaupejakta likevel strengt regulert. Kvart år, før kvotejakta startar 1. februar, vert det fastsett eit bestemt tal (ei kvote) gauper det er lov å jakte på.

Det er ikkje lov å jakte på ulv, jerv og brunbjørn. Desse artane kan fellast under sokalla lisensfelling, der jegeren må ha registrert seg som lisensjeger. Sidan ulv, jerv og brunbjørn er freda, blir det fastsett ei kvote for kor mange av desse dyra som kan fellast.

Målet er at kvotejakt og lisensfelling utført av vanlege jegerar skal vere hovudvirkemiddelet for bestandsregulering av gaupe, jerv, brunbjørn og ulv.

Skadefelling er ei tredje form for uttak av rovvilt

Skadefelling kan brukast for å ta ut einskilde individ for å avverje skade på beitedyr som husdyr eller tamrein. I motsetning til kvotejakt og lisensfelling, skal ikkje skadefelling brukast for å regulere storleiken på rovviltbestandane.

Både ved lisensfelling og skadefelling er det vilkår at uttaket ikkje trugar bestanden si overleving og at formålet ikkje kan bli nådd på annan tilfredsstillande måte.

Ekstraordinære uttak

I nokre tilfelle er det nødvendig med ekstraordinære uttak av rovdyr. Ekstraordinære uttak er avliving av enkeltindivid eller såkalla hiuttak av jerv, det vil seie uttak av mordyr med kvalpar. Slike uttak, blir gjennomførte av SNO etter vedtak frå Miljødirektoratet. Målet er reduserte skadar på sau og tamrein.

I samarbeid med rovviltnemndene gjer Miljødirektoratet vurderingar av om det skal gjennomførast ekstraordinære uttak. Behovet for uttak blir fyrst og fremst vurdert ut frå potensialet for skader på beitedyr, og i område der sau og tamrein var særleg utsett året før blir prioritert ved uttak.

Lovar og reglar

Naturmangfoldlova og viltlova er dei viktigaste lovene i forvaltinga av rovvilt.

Noreg har også ratifisert Bernkonvensjonen, som er ei forpliktande internasjonal avtale.

Både Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova seier at rovvilt skal bevarast i norsk natur, men også at det skal vere mogeleg å ta ut rovvilt for mellom anna å avverje alvorleg skade på husdyr og tamrein.

I Noreg har også Stortinget vedteke to sokalla rovviltforlik (frå 2004 og 2011), som seier korleis vi i dag skal forvalte rovvilt i norsk natur.

Ulvepolitikken vart vurdert på nytt og endra i tråd med ei fleirtalseinigheit om bestandsmål for ulv og ulvesone på Stortinget våren 2016.