FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Den skal sikre respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

Noreg ratifiserte FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne i 2013. BLD har i samarbeid med øvrige departement utarbeida Noregs fyrste rapport om implementeringa av konvensjonen i Noreg. Rapporten blei sendt til FN-komiteen som overvåker konvensjonen 2. juli 2015. Lengre ned på sida finn du relevante dokument.

BLD er nasjonal kontakt for konvensjonen og har overordna ansvar for at konvensjonens føresegner vert gjennomført nasjonalt. LDO har fått i oppgåve å overvake nasjonal gjennomføring av konvensjonen.