Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker

Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar ogkoordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for åfølgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker.

Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ligg til avdelinga.

Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggjande verksemder. Avdelinga deltar i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon for juridiske og internasjonale saker

    Seksjonen har ansvar for dei juridiske oppgåvene i avdelinga, særleg oppgåver innanfor diskrimineringsrett. Seksjonen har ansvar for internasjonale oppgåver på likestillingsområdet og kulturområdet. Seksjonen koordinerer internasjonale oppgåver knytt til EU/EØS-området, Nordområdesatsinga, FN (medrekna Unesco), Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.

  • Seksjon for likestilling og kulturelt mangfald

    Seksjon for likestilling og kulturelt mangfald har ansvar for politikkutvikling og koordinering av likestillings- og diskrimineringspolitikken knytt til likestilling mellom kjønn, personar med nedsett funksjonsevne, etnisk diskriminering og hatefulle ytringar, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Seksjonen har hovudvekt på politikkutforming innan strategiutvikling, handlingsplanar og tilskotsordningar. Seksjonen har ansvar for å fremje kulturelt mangfald i kulturlivet.

Til toppen