Avdelingar i Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet består av 5 avdelingar, Kommunikasjonseininga og Statsrådsseksjonen. Kvar avdeling blir leidd av ein ekspedisjonssjef.
  • Kommunikasjonseininga i KUD

    Kommunikasjonseininga har ansvar for å informere om dei politiske sakene og vedtaka i departementet. Kommunikasjonseininga har den daglege kontakten med media og publikum. Eininga har kontakt med fagavdelingane og hjelper statsråden og politisk leiing i mediesaker. Dette inneber m.a. pressemeldingar, pressekonferansar, innlegg, taler, publisering på regjeringa.no. m.m. Kommunikasjonssjefen er ansvarleg redaktør for departementet sine nettsider på regjeringa.no. Kommunikasjonseininga sin pressetelefon 90 23 10 93.

    Fungerande kommunikasjonssjef Ingvill Tandstad

  • Administrasjonsavdelinga

    Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningsliner for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tar seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.

    Assisterande departementsråd Henning Henriksen

  • Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker

    Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for å følgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker.

    Ekspedisjonssjef Elisabeth Lier Haugseth

  • Avdeling for sivilsamfunn og idrett

    Avdelinga har ansvar for den statlege idrettspolitikken, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv og det overordna ansvaret for koordinering og samordning av staten sitt forhold til frivillig sektor. Avdelinga har ansvaret for forvaltninga av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsformål, til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, Den kulturelle skulesekken og Frifond. I det overordna ansvaret for frivilligpolitikken ligg mellom anna ansvaret for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, frivilligregisteret og forenkling.

    Ekspedisjonssjef Lars Audun Granly

  • Kulturvernavdelinga

    Kulturvernavdelinga har ansvar for språk, litteratur, arkiv, bibliotek, visuell kunst, kulturbygg, museumsformål, immateriell kulturarv, krigsgravtenesta og samiske saker. Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Språkrådet, Arkivverket, Nasjonalbiblioteket, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje.

    Ekspedisjonssjef Steinar Lien

  • Medie- og kunstavdelinga

    Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk. Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området.

    Ekspedisjonssjef Heidi Karlsen