Administrasjonsavdelinga

Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningsliner for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at verksemda går føre seg i samsvar med gjeldande lovar og reglar.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Personal- og organisasjonsseksjonen (AD1)

    Seksjonen har ansvar for rekruttering, personal- og lønnsforvaltninga i departementet og har særskilt ansvar for leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg har seksjonen systemansvar for verksemdplanlegging og for drift og utvikling av intranettet. Koordinering av arbeid med helse, miljø og sikring (HMS) og for avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA) ligg òg til denne seksjonen.

  • Økonomiseksjonen (AD2)

    Seksjonen har ansvaret for samordning av departementets arbeid med statsbudsjettet og statsrekneskapen. I tillegg har seksjonen ansvar for interne økonomisystemer og departementets internbudsjett, utvikling og vedlikehald av styringsdokument på økonomiområdet, løpande økonomiforvaltning og rekneskap, og regelverk knytt til budsjett og økonomiforvaltning. Seksjonen har òg ansvar for internkontroll med risikovurdering, og for anskaffingar.

  • Forvaltningsseksjonen (AD3)

    Seksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT- og andre fellestenester samt generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebuande tryggleik og for vernebuingssaker.

  • Eining for samordning (AD4)

    Eining for samordning har ansvaret for å koordinere saker til regjeringskonferanse, høyringar og innspel til departementa og Statsministerens kontor. Eininga skal støtte assisterende departementsråd og departementsråd i handtering av saker som ikkje høyrer inn under ansvarsområdet til dei andre avdelingane. Eininga skal òg medverke i utviklings- og utgreiingsarbeid i avdelingen.