Personal- og organisasjonsseksjonen (AD1)

Seksjonen har ansvar for rekruttering, personal- og lønsforvaltinga i departementet og har særskilt ansvar for leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg har seksjonen systemansvar for planlegging og for drift og utvikling av intranettet. Koordinering av arbeid med helse, miljø og sikring (HMS) og avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA) ligg òg til denne seksjonen.
Til toppen